Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Overlege H. C. Wennevold - byste ved Nordfjord Sjukehus



I 1936 opna Nordfjord Sjukehus, bygd av det amerikanske ekteparet Singer. Den fyrste overlegen var Hans Christian Wennevold. På 85-årsdagen heidra vener og pasientar han med ei byste, oppsett ved sjukehuset.

Nordfjord Sjukehus med det opphavlege bygget og påbygget, ferdig i 1976.

Nordfjord Sjukehus med det opphavlege bygget og påbygget, ferdig i 1976.

Eigar: Nordfjord Sjukehus.

Datering: Kort tid etter 1976.

Fotograf: Ukjend.

Om Wennevold på 70-årsdagen

Fjordenes Tidende, Måløy, skreiv om Wennevold på 70-årsdagen, 29. april 1966:
"Det arbeidet overlegen har utført disse tretti år kan vel vanskelig vurderes høyt nok, og det er vel bare det gode humøret og det at han føler legeyrket som et kall som har gjort at han har holdt ut dette arbeidspresset som de fleste ville ha bukket under for etter kort tid. I lange perioder har han vært alene lege ved sykehuset med eit umenneskelig arbeidspress og stort ansvar."

Wennevold - utdanning og praksis

Hans Chr. Wennevold vart fødd i Oslo 1896. Han tok artium i 1914 og medisinsk embetseksamen i 1922. Han var assistent ved dr. Heyerdal og P. Amundsens institutt i 1920, kandidat ved augeavdelinga ved Rikshospitalet, og tilsett ved Vestfold sjukehus i 1922. I åra 1923-1936 var han lege fleire stader: Rikshospitalet, Oppland fylkessykehus, Stavanger sjukehus, Kysthospitalet i Hagavik, Betanien Hospital i Bergen og Trondheim sykehus.

Wennevold vart utnemnd til overlege ved Nordfjord Sjukehus på Nordfjordeid og distriktslege i Eid i statsråd 14. mars 1936. Overlegestillinga hadde han i 32 år.

Wennevold - overlege i over 30 år

Nordfjord Sjukehus vart grunnlagt av Henry Willam Singer og kona Anna. Det amerikanske mangemillionær-ekteparet stod føre hovudinvesteringa, fastsette kvar sjukehuset skulle byggjast og korleis det skulle utstyrast. Mange andre ytte og tilskot til bygginga, både i form av pengar og dugnadsinnsats. Fyrste byggetrinn med 40 senger stod ferdig i 1936. Det var då det meste moderne sjukehuset på Vestlandet både når det gjaldt bygningar og utstyr. Singerfamilien dreiv sjukehuset med private midlar fram til 1950. Då testamenterte Singer sjukehuset til Sogn og Fjordane fylkeskommune.

Hans Christian Wennevold var den fyrste overlegen. Han var spesialist i kirurgi og radiologi. I motsetning til eit omflakkande yrkesliv i åra 1922-1936, vart han no verande på ein og same staden, ved Nordfjord Sjukehus, som overlege frå 1936 til 1968.

Humørspreiar

Fagleg dugleik, arbeidskapasitet og godt humør, går att i mange omtalar av den fyrste overlegen ved Nordfjord sjukehus. Aud Hjelle, forfattar av boka om Nordfjord sjukehus som kom ut i 1996, har med følgjande historie:

Ei eldre dame låg i senga si og var tydeleg nedtrykt og i dårleg form då visitten kom. "Nei men, hva er det som er i veien i dag da ?" spurde Wennevold. "Eg veit ikkje, men eg har mista humøret", svara dama. Dermed la overlegn seg på alle fire, kraup under senga, og vart møtt med lattersalver frå pasienten då han kom fram på hi sida. "Der fant jeg igjen humøret ditt, jeg," sa Wennevold.

Kongens Fortenestemedalje

I 1961, etter 25 års teneste som overlege, vart Wennevold tildelt Kongens fortenestemedalje i gull. Fylkesmann Schei, som overrekte medaljen, sa i talen sin at Kongen ynskte på denne måten å påskjøna og takka for den store og heilhjarta innsatsen til Wennevold ved Nordfjord sjukehus sidan det vart opna i 1936.

Ordførar Smørdal helsa og bar fram takk frå sjukehusstyret og Eid kommune. Mellom dei som var til stades var fru Anna Singer, kvinna som saman med mannen Henry William Singer, som medverka til at sjukehuset vart bygd.

Wennevold takka for heideren, og uttrykte at jamvel om hans innsats hadde vore skrøpeleg, var det likevel gildt å vita at han fram gjennom åra hadde fått mange gode takkeord frå pasientar i Nordfjord.

Byste på 85-årsdagen

Hans Christian Wennevold var ikkje berre medisinar, han var også ein god kunstmålar. På 85-årsdagen heidra Galleri Leikvin han for to livsverk - medsinaren og kunstnaren - med ei jubileumsutstilling. Same året, 1981, vart det på åremålsdagen hans, 29. april, avduka ei bronsebyste av den gamle overlegen. Bysta var ei heidersgåve frå pasientar og vener av Wennevold. Ho står no austanfor bygget som vart teke i bruk i 1994.

kjelder:

Jul i Nordfjord. 1981.
Fjordenes Tidende. 18.03.1960, 10.09.1961, 18.03, 29.04.1966. Måløy.