Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minnestein over vegbyggjar Per A. Sægrov



Sommaren 1975 reiste Jølster kommune ein minnestein på Kjøsnessanden. Dei ville heidra mannen som bygde den fyrste køyrevegen langs nordsida av Kjøsnesfjorden. Per A. Sægrov og vegarbeidarane hans bygde vegen i åra 1932-1938.

Utsyn over Kjøsnesfjorden frå rasteplassen ved enden av Fjærlandstunnelen. Garden Lunde med to bruk ligg ved enden av fjorden. Garden litt ut i fjorden på sørsida (til venstre) er Søgnesand. Det var Per A. Sægrov som i åra 1937-1938 bygde den første køyrevegen langs Kjøsnesfjorden.

Utsyn over Kjøsnesfjorden frå rasteplassen ved enden av Fjærlandstunnelen. Garden Lunde med to bruk ligg ved enden av fjorden. Garden litt ut i fjorden på sørsida (til venstre) er Søgnesand. Det var Per A. Sægrov som i åra 1937-1938 bygde den første køyrevegen langs Kjøsnesfjorden.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minnesteinen

Sægrov-steinen står eit par hundre meter frå riksvegen, attmed det gamle skulehuset på garden Lunde, gardsbruket på Lundesletta nede ved vassenden i botn av Kjøsnesfjorden. Det er ein stor naturstein, ei 10 cm tjukk helle, 1,5 m brei og 2 m høg, alle mål omtrentlege. Steinen er støypt fast i eit kvadratisk betongfundament.

Det var bilethoggaren Nils Bruland som laga minnesmerket. Det byter seg ut frå minnesteinar flest ved at det har fleire figurar og symbol innhogde og meir skrift. Figurane karakteriser smeden og vegarabeidaren Per Sægrov (1875-1951). Me ser reiskapane hans, - ste, feisel, skift-vinkel, spade og bolt. Orda seier noko om om den fyrste køyrevegen til gardane inst i Kjøsnesfjorden, om vegbyggjaren og arbeidarane hans og om minnesmerket. Det står:

På eine sida, mot fjorden:
"P.A. Sægrov 
(deretter i rektangulert felt): BYGDE VEGEN 
KJØSNES LUNDE 
1932 - 1938

På andre sida:
SOGA FORTEL AT GODE 
MENN FRÅ HEIMEGRENDA 
GARANTERTE FOR PER MED GARD 
OG GRUNN 
VEGEN ER 8,6KM LANG OG 2,5M BREI 
OG KOSTA 72000 KRONER 
JØLSTER KOMMUNE REISTE STEINEN 
I TAKKSEMD FOR FAGNAVERKET 
SÆGROV OG ARBEIDSKAMERATANE 
GJORDE

"Kjøsnesfjorden får veg"

Det har budd folk på gardane i inste Kjøsnesfjorden i fleire hundre år. Fjorden var lenge den mest nytta vegen til og frå gardane. Men meinis var ofte til hinder. Fjordingane kunne vera isolerte i lange periodar. Det var råd å ta seg fram til fots på begge sider av fjorden, men mange stader var brattfjell og berghamrar til hinder. Dessutan var det fleire rasstader der det gjekk både snøskreder og steinras.

Sigmund Søgnesand fortel i stykket sitt "Kjøsnesfjorden får veg" i Jul i Sunnfjord 1994, om korleis folk kom seg til og frå gardane heilt inne i fjorden før Per Sægrov og karane hans sette i gang med å byggja køyreveg på nordsida av fjorden sommaren 1932. Sægrov hadde sagt at han kunne byggja veg langt under den budsjetterte kostnaden og fått kontrakt med kommunen og statens vegkontor. Og Søgnesand fortel om vegbyggjinga gjennom dei fem åra til vegen var farbar med køyrereiskap sommaren 1937. Her tek me med to smakebitar.

Om utstyret

"Per Sægrov hadde ikkje startkapital, så han fekk lånt 2000 kroner av Jølster kommune for å kjøpe utstyr til vegbygginga. Det utstyret vegarbeidarane hadde til hjelp var trillebår, spett, spade, hakke, fjellbor og hammar, dynamitt og krut, samt ei vagge på skinne brukt for å flytte stein. Vegmuring blei for det meste utført ved det ein kalla handemakt. Murstein tok karane frå steinurer eller sprengstein frå fjellhamrar."

Om arbeidet

"Arbeidstida var frå kl 08 til 17 (åtte timar per dag og ein time matpause) frå måndag til fredag, og kl 08 til 13.30 på laurdag. Om sommaren var det fem veker fri for slåttonn, arbeidet starta att i september. (...) det var ofte både farefullt og vanskeleg å koma seg til og frå arbeid, spesielt i haust- og vintermørket. Karane på Søgnesand brukte båt når vatnet var isfritt, og i hauststormar var det farefulle turar (...)

Nyevegen vart bygd i ulent og rasfarleg terreng. På mange akkordar var det alltid farar som truga vegarbeidarane. På vinterstid var snøskred ein trussel, og frå mai og fram til november kunne det kome steinras. Det var ingen som kom til skade som følgje av ras under vegarbeidet noko som hovudsakleg skuldast at vegarbeidarane tok hensyn til rasfare og at det var heller lite snø dei vintrane vegarbeidet føregjekk. Arbeidet var innstilt på dei mest rasfarlege akkordane inntil det var rimeleg trygt å fortsette på akkorden.

Sommaren 1934 kom eit stort steinras der karane arbeidde, men dei kom seg i skjul og ingen vart skadde. 12 kyr måtte bøte med livet i dette steinraset som var såpass stort at heile fjorden vart innhylla i steinrøyk."

"Minnet etter Per Sægrov"

Per Sægrov døydde 16. mars 1951. Malmfrid Lunde skreiv eit vakkert minnedikt.

Du kvila fekk - du store heidersmann
som rette ryggen med ein stålsett vilje
mot troll og vette - mod og krefter brann,
mot dette eine: Bort med alle skilje
i bygd og grend. Gjer kva du evnar her
at mannaborni heimehugnad fær.

Du såg det tidt som ingen annan såg
at jamt i skuggar ingen orkar leva.
Og tanken, fødd av Gud, i hugen låg
og brann så klårt med det du mot "bøygen" streva.
Men gå-på-modet nørt av elden vart
og brende stengslene til grunnen svart.

Vi som fekk godt av dette offersinn
i våre tankar signa deg så ofte.
Når stormen tuta gjennom fjelli inn
vi mintest slitet hardt i båt på tofte
mot bårefjell veltande om bord
mot våte grav i tronge Kjøsnesfjord.

Men fekk vi sagt kor høgt vi sette deg?
Fekk her du kjenna kjærleik mot deg strøymde?
Vi mannaborn er skapte underleg -
eit takkeord vi hjå oss sjølve gløymde.
Eit takkeord som kunne smyga inn
og gjeva kveik i trøytte mannesinn.

Men likevel - vi hadde deg så kjær.
Du var ein far for alle oss her inne.
I minnet er du kvar ein dag oss nær
når stormen tuta og i vårregn linne.
Den ætt som kjem når ikkje meir vi ser,
skal tala høgt om heidersnamnet Per.

Vi takkar for den timelege gåva
som vegen inn til Lundeflata er.
D e n kan så sælt i siste sengi sova
som andre med sitt arbeid rike gjer.
Du Per på eigen bate aldri såg.
Men rak du gjekk med smil om munnen låg.

Men mest vi takkar for du på oss tenkte
når du med Faderen i einrom var.
Mot heimen hjå Gud far du byrja lengte.
Og mot den heim i bøni du oss bar.
Der gjeve Gud vi eingong møtast att,
og aldri meir gå vill i mørke natt.

kjelder:

Søgnesand, Sigmund: Kjøsnesfjorden får veg. I Jul i Sunnfjord. 1994.
Klakegg, Anders O.: Bygdebok for Jølster (..) 1985.
Firda. 28.07, 21.08, 1937, 16.03, 30.03.1951.
Jølster kommune:
Sakstilfang.