Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Hugleik Tungøen



Øvst oppe i Oldedalen står det ein 3 meter høg minnestein tett i vegen attmed brua til garden Åbrekk. BONDEFØRARER HUGLEIK TUNGØEN DØD ÅRET 1706 står hogge inn med store bokstavar og tal. På ei innfelt bronseplate står det meir. Steinen vart reist året 1966.

<p>Minnesteinen over Hugleik Tung&oslash;en i Oldedalen.</p>

Minnesteinen over Hugleik Tungøen i Oldedalen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2007

Fotograf: Hermund Kleppa

Tekst på bronseplate

Namnet Hugleik Tungøen og dødsåret 1706 står innhogge øvst på steinen. På ei bronseplate står det noko om kven han var:
"I strid for ei bondesamfunn som var utarma av naturulukker, uår og store ytingar til jorddrott, var Hugleik Tungøen, saman med sambygdingen Johannes Qvamme, bøndene sin sendemann til kongen i København og til hans ombodsmenn i Kristiania og Bergen. Under ei av desse ferdene sette han livet til i Sværeskardet 8 dagar føre jul året 1706."
 

Sværeskardet ligg på opp frå Sværen i botnen av Sværefjorden, ein sidearm av Fjærlandsfjorden. Ruta til Hugleik Tungøen og Johannes Qvamme som var med på den fatale turen, gjekk opp Oldeskardet og over til Stardalen, vidare til sørsida av Jølstravatnet, over Skrøklingen, kryssa Haukedalen, herifrå over Gaularfjellet og ned til Sværen og Sogn gjennom Sværeskardet.

Avdukinga

Det var Olden Bondelag som gjorde opptaket til å få reist minnesmerket. Avdukingshøgtida vart halden søndag 18. september 1966. Leif Arne Loen las ein innhaldsrik prolog og Fredrik Kvame heldt avdukingstalen. Nils Sværen, ein av 10 særskilt inviterte frå Sogn, las sitt eige hyllingskvad til den store bondeføraren. I Sogn hadde dei fem år tidlegare reist ein minnestein i Sværeskardet.

Ein gard gjekk til grunne

Garden Tungøyane låg ved utløpet av ei lita elv. Opphavet til namnet ligg truleg i korleis garden ligg i lendet: - tunge: ei landtunge der elva buktar seg fram, - øyar: lågt lende, som frå tid til anna er overfløymt av vatn.
 

Året 1743 vart garden Tungøyane avvikla som matrikulert gard. Det skjedde etter at garden gjennom ein 80 års periode hadde vore heimsøkt av fæle skader, - av skreder, steinsprang, flaum og brann. Etter den siste store flaumskaden i 1743 då alle husa med innbu, husdyr og folk for på elva, vart ikkje garden bygd oppatt. Det var nesten ingen ting att i arveskiftet, berre to skadde kyr, ei fjørpute, to undertrøyer, eit sokkapar, ein kvitel og ein gamal stakk. Det lendet som var att, vart lagt under nabogardane og nytta til slåtter og beite.

Hugleik Tungøen

Hugleik Mogenson Tungøen var fødd kring 1649. Han var brukar på ein part av garden Tungøyane frå 1673. Hugleik Tungøen sleit hardt for levebrødet for seg og sine. Garden hans vart gong på gong utsett for naturskadar, og det var uår og vanskeleg å betala skattar og andre utreidsler til det offentlege. Mange andre bønder i Oldedalen og Nordfjord sleit og hardt i denne tida. Hugleik var fleire gonger avgarde til kongen sine menn i Bergen og Christiania og til Kongen sjølv i København for å klaga. På ferda si saman med Johannes Qvamme i 1706 sette han livet til i Sværeskardet i Balestrand. Hugleik fraus i hel på vegen til Kristiania, medan Johannes berga livet og kom seg heim att til Oldedalen med den tunge syrgjebodskapen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jakob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Innvik-Stryn.Bind 1, nyutgåve. Sandane 1974.
Loen, Leif Arnold: Hugleik Tungøen. I Årbok for Nordfjord. Sandane 1967.

PERMANENT IDENTIFIKATOR