Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 31. januar 2024

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein på Åsebønakken



Frå Spjuteneset på Nordsida av Hornindalsvatnet går det ein rygg opp mot Åsebønakken. Her var det vete og vetestove i eldre tider. Staden var eit punkt i det eldgamle landsdekkjande systemet for varsling av ufred. I 1904 reiste dei ein minnestein på den gamle vetestaden.

Kring 350 menneske var samla på Åsebønakken då minnesteinen vart avduka. Til venstre for minnesteinen står fana til Bjørnen skyttarlag, til høgre Heggjabygda Ungdomslag si. Fanene har fylgjande påskrifter: <i>Kvinder selv stod opp og strede</i> (skyttarlaget) og <i>Vi minnest Anna Coldbjørnsdotter</i>. Knut Aasebøstøl som var arbeidsleiar står rett framfor steinen.

Kring 350 menneske var samla på Åsebønakken då minnesteinen vart avduka. Til venstre for minnesteinen står fana til Bjørnen skyttarlag, til høgre Heggjabygda Ungdomslag si. Fanene har fylgjande påskrifter: Kvinder selv stod opp og strede (skyttarlaget) og Vi minnest Anna Coldbjørnsdotter. Knut Aasebøstøl som var arbeidsleiar står rett framfor steinen.

Eigar: Agnes Bjørlo. SFFf-98055.0019

Datering: 1904.

Fotograf: Hellebust, Nordfjordeid.

Minnesteinen

Fyrste delen av teksten er sitat frå eit vers i Sinklarvisa, skriven av Edvard Storm, til minne om Skotteferda i 1612.

Dugnad

Det var ungdomslaget i Heggjabygda som like etter år 1900 tok opp tanken om å reisa eit minnesmerke på Åsebønakken. Vetastova var då til nedfalls, og dei var redde for at den gamle vetestaden skulle gå i gløymeboka. Tanken fekk allmenn tilslutning og folk møtte mannjamnt opp til dugnadsarbeidet med å transportera og reisa steinen. Emnet fann dei i ein berghamar eit kort stykke frå staden der steinen står. Murmeisteren og steinhoggaren Knut Aasebøstøl var arbeidsleiar.

Målstrid

Innskriftvedtaket avspeglar tida for den fyrste målreisinga i fylket. Ingen i Heggjabygda ungdomslag hadde på denne tida fått opplæring i nynorsk skriftmål, og mannen bak nynorskframlegget var ein "fersking" i laget, nett heimkomen frå lærarskulen.

Avdukinga

Søndag den 28. august 1904 var det avduking og stort frammøte på Åsebønakken. Kring 350 menneske frå dei næraste bygdene var til stades. Lærar Kornelius Frislid ynskte velkomen og lærar Håkon Aasvejen heldt avdukingstalen. Han fortalde om oppbygginga av landforsvaret under Haakon den gode og fylgde historia fram til 1904. Lærar Matias M. Heggen las opp Anders Vassbotn sitt diktAat Norig.

Steffen P. Heggen var mykje enn berre smed. Han var nybrotsmann, snekkar, skomakar, laggar, verktøymakar, smedlærar, oppfinnar og felespelar. Og han var sjølvlærd.

Steffen Heggen vart fødd 7. mars 1849 på Pål-bruket, bruk nr. 2, på garden Heggen i Heggjabygda i Hornindal kommune (frå 1963 Eid kommune). Han fekk bygsla nokre utslåtter kalla Teigane av broren Oliver. Der rudde og bygde han bruket Heggebø som vart sjølveigande i 1935. Steffen Heggen døydde 10. januar 1937.

 

Vetar og varsling

Varsling av ufred ved å brenne bål (vete) på fjelltoppane er eit signalsystem som vart nytta frå Håkon den godes tid (konge ca 940-960) til fyrst på 1800-talet. Snorre fortel at kong Håkon organiserte landet i skipreider, og at kvar skipreide skulle skaffa skip og mannskap til å verja landet i ufredstider. Til å varsla ufred vart det på høvelege stader sett opp vardar eller vetar som vart kveikte og på den måten "sende" lyssignal til neste varde i signalsystemet. Gulatingslova har også påbod om at det ved vetane skulle byggjast vakthus med tak og 4 dører. I Sogn og Fjordane vart dei gjerne kallavetastover.Varslingssystemet med vetar vart siste gongen nytta i ufredsåra 1807-1814. Mange stadnamn minner om det gamle varslingsystemet. Åsebønakken (eller Åstønakkjen) vart ei tid lokalt nemnd som Vetenakken.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Lindvik, Ingebrigt M.: Vardevakt. I Jul i Nordfjord. Sandane 1981.
Norsk Historisk leksikon. Oslo 1999.
Angell, H.: Skotteferdi. Eit 300-aars minne. Kristiania 1912.

PERMANENT IDENTIFIKATOR