Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein i Nord-Norge over eidalæraren Ivar Hyldmo



"Ivar Hyldmo var et strålende menneske, en fremragende lærer, og en stor offiser, en mann med helstøpt karakter, en personlighet av høyeste moral." Med desse orda avduka Henrik Stenwig i år 2000 eit minnesmerke over Ivar Hyldmo i Rådhusparken i Ballangen kommune. I åra 1923 til 1929 budde Hyldmo på Nordfjordeid.

Yngre og eldre frå familien Hyldmo samla ved minnesteinen over Ivar Hyldmo på avdukingsdagen, laurdag 2. juli 2000.

Yngre og eldre frå familien Hyldmo samla ved minnesteinen over Ivar Hyldmo på avdukingsdagen, laurdag 2. juli 2000.

Eigar: I Årbok for Ballangen.

Datering: 2000.

Fotograf: Ukjend.

Lærar i kroppsøving på Eids gymnas

Ivar Hyldmo, fødd 1893 på ein plass i Stjørdal, vart tilsett ved Eids gymnas (seinare Eid vidaregåande skule) frå skuleåret 1923. I skulesoga "Har du òg gått på Eid?" som kom ut i 1992, går det fram at han var tilsett frå 1923 til 1929 i faget kroppsøving.

Eids gymnas vart grunnlagt som privat skule i 1922. Skulen vart tidleg i vide krinsar kjend for å leggja sterk vekt på dei teoretiske faga og kroppsøving var nok eitt av dei faga som ikkje vart særleg høgt prioritert dei fyrste åra, korkje av elevane eller skulen. Såleis var jentene fritekne for prøve i kroppsøving heilt fram til skuleåret 1953-1954.

Frå Eid til Ballangen

I 1929 oppnådde Hyldmo høgare offisers grad og vart same året beordra til distriktsteneste ved IR 15 på Elvegårdsmoen ved Narvik. Saman med kona, Petra, fødd Hamre, frå Davik, busette han seg i Ballangen der han frå fyrste stund kom til å engesjera seg sterkt i etablering av ein privat realskule. På bakgrunn av røynsler frå åra på Nordfjordeid, var det naturleg for han å søkja lærararbeid ved sida av militæryrket. Han kom alt sommaren 1929 i kontakt med folk frå Ballangen som var opptekne av å få i gang ein privat realskule i kommunen. Vegen frå tanke til handling var kort, - realskulen kom i gang same hausten med ein einaste lærar, Ivar Hyldmo.

- Hyldmo hadde ein enorm arbeidskapasitet, fortel ein av elevane hans frå dei fyrste åra. - Attforteljingar i engelsk og tysk, som vi hadde rikeleg av, fekk vi som regel att dagen etter at dei var levert, retta og kommentert. Dette galdt også norskstilar.

Hyldmo var rektor ved Ballangen middelskole (realskule) i åra 1929-1946 og underviste seinare i alle åra fram til skulen slutta i 1968. Våren 1940 var han med i kampane om Narvik-avsnittet, og sat dei to siste åra av krigen i fangenskap i Tyskland. Etter krigen var han ei tid militær attasje i London til han gjekk av med pensjon. Han døydde i 1968.

Minnesmerket

Minnesmerket over Ivar Hyldmo står i sentrum av Ballangen like ved bankbygget og er godt synleg frå E 6. Både sokkelen og steinen er tekne frå eit restlager av stein frå eit lokalt steinbrot som var i drift på slutten av 1800-talet.

Relieffet i bronse på 46 x 35 cm er modellert av Karsten Vollen etter eit foto utlånt frå familien. Det er støypt hjå firmaet Rasmussen Jernstøperi i Harstad. Øvst på på relieffet står: IVAR HYLDMO 1893-1968, og nede REIST MED TAKK

Avdukinga

Det var meininga å ha minnesmerket ferdig i 1999, 70 år etter at Ballangen middelskole starta, men avdukinga vart utsett eitt år i høve Ballangen kommune sitt 70-års jubileum. På avdukingshøgtida, laurdag 2. juli, var mykje folk samla og mange innbedne av Hyldmo sin næraste familie. Henrik Stenwig, den einaste attlevande av dei fire elevane fyrste skuleåret, heldt avdukingstalen. Han fortalde mellom anna om Hyldmo si militære karriere, noko som var perfekt tima med at to tinga jagarfly kom inn i låg høgde over bygda og på denne måten avleverte Forsvaret si helsing på høgtidsdagen.

Bataljonsjef i slaget om Narvik 28. mai 1940

Militærmannen Ivar O. Hyldmo har fått omtale i fleire militærhistoriske bøker. I boka «9.april. Nazitysklands invasjon i Norge.» står det:

Også norske avdelinger deltok, og major Hyldmo skulle alltid komme til å minnes sine føreser da befolkningen oppdaget at befrierne var gutter fra deres egen by:

«Innrykningen i Narvik var en hending som neppe lett glemmes av oss som var med. Byens befolkning hadde visstnok ikke rede på at norske soldater var med i angrepet. De troddde nok at det var utlendinger, helt til bataljonen kom inn i byen. Da hørte vi ropet «det er norske, det er norske!» fra gate til gate, og det attpå viste seg at det var soldater av I.R. 15, sto jubelen høyt. Gamle og unge sprang om kapp for å komme til og hilse på soldatene, trykke vår hender og ønske oss velkommen ..»

kjelder:

Årbok for Ballangen. Ballangen Historielag, 2000. Fjordenes Tidende. 10.07.2000, Måløy. Espe, Trygve og Nøstdal, Kjell: "Har du òg gått på Eid?" 70 års skulesoge. 1992.

Tamelander, Michael og Zetterling, Niklas: 9. april. Nazitysklands invasjon i Norge. Historiska media, Lund. Norsk utgåve 2001, 2010.

Opplysningar frå:
A. O. Bergvik, Ballangen.

Nettstader:
Kart over Ballangen:
http://www.ballangen.kommune.no/bjorkasen/kart.htm

PERMANENT IDENTIFIKATOR