Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 14. februar 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over falne på Byrknesøy



Ved skulen på Byrknesøy står eit minnesmerke over åtte menn som sette livet til i andre verdskrigen. Alle var frå Mjømna sokn. Minnestøtta vart avduka 17. mai 1946.

Frå avdukinga 17. mai 1946. Marinesoldatar stod æresvakt og marineløytnant Sørvig heldt avdukingstalen.

Frå avdukinga 17. mai 1946. Marinesoldatar stod æresvakt og marineløytnant Sørvig heldt avdukingstalen.

Eigar: Torbjørg Byrknes.

Datering: 1946.

Fotograf: Torbjørg Byrknes.

Sju miste livet til sjøs

Ein av dei åtte falne frå Mjømna sokn miste livet under kampane i Valdres i april 1940. Dei andre sette livet til på havet, - to på norske krigsskip, to i Shetlands-fart, to i utanriks fart på skip i det frie, norske krigstids-rederiet Nortraship, og ein ombord på eit skip som gjekk på ei mine etter at krigen var slutt.
To huslydar vart ekstra hardt råka ved at to familiemedlemmer miste livet.

Minnestøtte avduka 17. mai 1946

Folket på Byrknes reiste minnesmerke over dei falne ved skulen på Byrknesøy. Det vart avduka 17. mai 1946. Marinesoldatar frå Bergen stod æresvakt og marineløytnant Sørvig heldt avdukingstalen. Elles var det tale av Kristian Holmberg, ordførar Randal og Vilhelm Byrknes.

Minnesteinen er laga i ei klassisk obeliskform, utført i ein mørk bergart og plassert på ein todelt fot i betong. Innskrifta står på sidene i to "høgder" av steinen. På den øvste står Sivle-orda: Og det er det store * og det er det glupe * at merket det stend * om mannen han stupe.
Under står namna med datoar og år for høvesvis fødsel og død fordelt på tre felt. På det fyrste feltet står ei helsing frå dei som reiste minnesmerket:
Denne minnestytta er reist * av bygdefolk til minne * om dei bygdegutar som * gav livet i striden for heim * og fedreland i krigsåra * 1940-1945 * og etterkrigsåret * 1945-1946

Biografiar i bokverket Våre falne

I 1948 gav staten ut eit verk i fire band med omtale av alle nordmennene som sette livet til under andre verdskrigen. Nedanfor er biografiane til dei som står på minnestøtta på Byrknes, oppsette i same rekkefølgje som dei er oppskrivne på støtta.

BYRKNES, KONRAD KRISTOFFERSEN, fiskar, Gulen. Fødd 7. mai 1915 i Byrknesøy, s. til Kristoffer Kolbensen, f. 1889 i Byrknesøy, og Ingeborg f. Martinusen, f. 1884 i Fedje. Gift i Byrknesøy 1940 med Berly Ingvaldsdatter Nordheim, f. 1917 i Gulen. 1 barn. Fall som maskingeværskyttar under kampane i Bagn i Valdres 20. april 1940. Gravlagd ved Mjømna kyrkje.

SLETTEN, PEDER REIDAR, dekksmann, Gulen. Fødd 27. januar 1921 i Gulen, s. til Bertin Bergesen Sletten, f. 1889 i Lindås, og Anna f. Pedersen, f. 1887 i Gulen. Dreiv gardsarbeid og fiske og hjelpte flyktningar å koma over til England. Måtte sjølv røma til England 1941 og kom inn i Den norske marine. Sette livet til 18. november 1942 då korvetten Montbretia krigsforliste i Atlanterhavet.

BIRKNES, OLAV LEONARD, sjømann, fisker, Gulen. Født 7. desember 1906 s. st., s. av Karl Severin Endresen, f. 1871 i Gulen, og Martha f. Torbjørnsdatter, f. 1870 i Bremnes. Var matros på m/s Uranus av Bergen. Dro til Shetland på en motorskøyte i mai 1941, tok med seg en gestapist fra Bergen. Kom inn i Den norske marine. Omkom 22. april 1943 på tilbakeveien til Shetland etter et tokt på norskekysten med motorskøyta Gullborg.

BYRKNES, ARTHUR, fiskar Gulen. Fødd 1. september 1917 i Gulen, s. til Lyder Andreassen, f. 1882, og Sina f. Sørensen, f. 1890, båe i Gulen. Var med i kampane i Valdres 1940. Drog til England 1941 og vart send i serleg ærend frå Scalloway på Shetland til Noreg. Kom bort med skøyta Sandøy på veg til Noreg i desember 1942. Båten vart truleg søkkt av tyske fly utanfor Træna. Omtala saman med broren Georg i Bergens Tidende i januar 1945.

BYRKNES, GEORG NORVALD, fiskar, Gulen. Fødd 9. oktober 1921 i Gulen, s. til Lyder Andreassen, f. 1882, og Sina f. Sørensen, f. 1890, båe i Gulen. Drog til England 1941 og gjorde teneste i Den norske marinen der. Sette livet til 4. januar 1941 då minesveiparen Bodø gjekk på ei mine utanfor Aberdeen etter tokt på norskekysten. Omtala saman med broren Artur i Bergens Tidende i januar 1945.

BYRKNES, GUNNAR MIKALSEN, sjømann, Gulen. Fødd 11. mai 1918 i Gulen, s. til Mikal Andreassen, f. 1871 i Austrheim, og Amalie f. Søreide, f. 1884 i Fjaler. Var motormann på m/s Norne og sette livet til 1. august 1940 då skipet vart torpedert utanfor Pentland Firth. Broren Adolf miste livet på sjøen 1941.

BYRKNES, ADOLF, sjømann, Gulen. Fødd 2. juni 1921 i Gulen, s. til Mikal Andreassen, f. 1871 i Austrheim, og Amalie f. Søreide, f. 1884 i Fjaler. Var fiskar til han drog til sjøs 1939. Gjekk i alliert teneste. Sette livet til 2. mars 1941 då d/s Augvald vart torpedert i Nord-Atlanteren. Broren Gunnar miste livet på sjøen 1940.

BYRKNES, ENDRE BERNHARD EINEBÆRHOLM, fyrbøtar, Gulen. Fødd 26. januar 1918 i Gulen, s. til Kristoffer Einebærholm, f. 1889 i Gulen, og Anna f. Birknes, f. 1894 s. st. Drog til sjøs 1939, og var ute under heile krigen i handelsflåten. Var med på tre torpederingar, to gonger 1940 og ein gong 1943. Miste livet 27. februar 1946 på d/s Hodnaberg då skipet gjekk ned utanfor Hals ved danskekysten etter minesprenging. Gravlagd i Gulen. Omtala i Redningsbaaden nr. 5, 1946.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1948.
Sogn Folkeblad. 20.05.1946, Høyanger.
Bergens Tidende. 15.05.1946.
Munnlege opplysningar frå:
Ola Byrknes, Gulen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR