Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juni 2000

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Prestesteinen i Leikanger



Prestesteinen, med namnet på alle Leikangerprestane i perioden 1522-1975, står på ein liten parkeringsplass utanfor Leikanger kyrkje. Ein av dei, Erik Nordal, styrde embetet i 40 år. Steinen låg i årevis attmed eit uthus på prestegarden fordi folk ikkje blei einige om kvar han skulle stå. Natta til 17. mai 1961 ordna grønrussen opp.

Prestesteinen står utanfor porten til kyrkja på Leikanger, midt på parkeringsfeltet for handikappa.

Prestesteinen står utanfor porten til kyrkja på Leikanger, midt på parkeringsfeltet for handikappa.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2009

Fotograf: Hermund Kleppa

Grønrussen "reiste" steinen

Det var den sterkt sogeinteresserte Sverre Daae, sokneprest i Leikanger 1923-1960, som fekk laga Prestesteinen. Han hadde nok sett at steinen blei reist i hans embetstid, og helst ein stad i prestegardshagen, men soknerådet greidde ikkje å samla seg om kvar steinen skulle stå. I mellomtida blei han liggjande på utsida av huset som no er bårehus. Men så var det at grønrussen på Leikanger ordna opp. Natta til 17. mai 1961 grov dei hol og sette steinen midt på det vesle feltet som nå er parkeringsplass for handikappa.

Gamal bautastein

Leiv Slinde (1913-1998) fortel i eit stykke i bladet Sogn og Fjordane, 4.8.1986, at Prestesteinen opphavleg var ein gamal bautastein som stod i ein hekk i prestehagen. Sokneprest Daae kom på at steinen ville gjera seg godt som minnesmerke over prestane i bygda. Like før han slutta, fekk han ein steinhoggar til å hogga inn namna og årstala til alle yrkesbrørne sine frå reformasjonen i 1536.
I stykket sitt tek Slinde og til orde for at Prestesteinen bør flyttast til ein annan stad. Han må setjast på sokkel og det må pyntast kring han med blomster.

Ein av prestane

Det er 24 namn på Prestesteinen. Nokre prestar var i embetet mange år, andre berre nokre få. Presten med lengst tenestetid - i alt 40 år - var Erik Ivarson Nordal (1591-1658) frå Sunnmøre. Han kom til Leikanger i 1618 saman kona Karen Werner. Ho var då berre 20 år gamal, han var 27. Det er truleg det yngste paret i prestegarden nokon gong. Karen Werner døydde i 1634 etter sin åttande fødsel. Med den andre kona si, Lene Splidsdotter (1615-1670), fekk han 10 born. Erik Nordal døydde i 1658, og etterlet seg m.a. eit stort jordegods av gardar i fleire bygder i Sogn.

Stamfar til Legangerslekta

Sokneprest og prost Erik Nordal fekk 18 born med dei to konene sine. Borna hans tok Leganger som etternamn etter fødestaden Leikanger. Av dei som vaks opp og stifta familie vart det etter kvart ei stor slekt, Leganger-slekta. Den nest eldste sonen, Ivar Leganger, f. 1629, vart den seinare vidgjetne presten i Vik frå 1657 til 1702. Peder Leganger, f. 1638, blei prest i Hå på Jæren. Karen, f. 1643, blei gift med kjøpmann Jochum Lange i Stavanger. Nils, f. 1645, vart borgar i Bergen.

To portrett i Leikangerkyrkja

På Prestesteinen står namnet til sokneprest Erik Nordal. Inne i Leikanger-kyrkja heng det eit oljemåleri av han og eit av den andre kona hans, Lene Splidsdotter. På slutten av 1800-talet blei begge måleria sende til Oslo i byte for ein omn. Dei kom attende til Leikanger i 1957 etter at mannen bak Prestesteinen, Sverre Daae, i årevis hadde streva med å spora dei opp og forhandla seg fram til avtale om å få dei tilbake på sin rette plass. Begge er måla av bergenskunstnaren Elias Fiigenschoug i 1641.

kjelder:

Munthe, Christopher Morgenstierne: Sognske patriarker. I Tidsskrift utgjeve av Historielaget for Sogn. Nr. 11. Sogndal 1920.
Eggum, Terje: Leikanger kyrkje.Leikanger 1999.
Slinde, Leiv: Prestesteinen i Leikanger. I avisa Sogn og Fjordane. 04.08.1986.