Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 29. juni 2001

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minne om Justismordet i Gaular



Ved Viksdalen kyrkje står ein gravstein som skil seg ut frå alle dei andre. Ikkje i materiale eller form, men ved innskrifta: "MIKAL G. HETLE (---) Skuldlaust dømd i 1907. Frikjent 7. april 1943. (---)" Gravsteinen er også eit vitnemål om Justismordet i Gaular - eit av dei verste justismord i norsk rettshistorie.

Straks etter dommen laga eit firma i Bergen postkort med tittelen "Hetlesagen". Det eine kortet syner rettsleg åstadsgransking, der dei fann liket. Det andre syner noko av tunet på Hetle-garden. Begge korta har innfelte portrett av dei mistenkte. Portretta ser ut til å ha vorte tekne om bord på eit skip, truleg på veg til Bergen der rettssaka gjekk.

Straks etter dommen laga eit firma i Bergen postkort med tittelen "Hetlesagen". Det eine kortet syner rettsleg åstadsgransking, der dei fann liket. Det andre syner noko av tunet på Hetle-garden. Begge korta har innfelte portrett av dei mistenkte. Portretta ser ut til å ha vorte tekne om bord på eit skip, truleg på veg til Bergen der rettssaka gjekk.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1907.

Fotograf: H. Nic. Meyer (postkortutgjevar).

Hendinga

Søndag morgon, den 17. august 1906 vart Henrik Hetle funnen død på Hetlestølen. Ingen hadde sett han sidan fredag føremiddag. Lensmann vart tilkalla, og liket vart lagd inn i ei løe i påvente av rettsleg likgransking. Det sytte to allmennpraktiserande lækjarar for torsdag den 21. Konklusjonen var at dei med visse kunne uttala at døden ikkje var inntruffen som fylgje av ytre vald, men dei kunne heller ikkje påvise noka naturleg dødsårsak. Derimot fann dei teikn på kveling, og slutta at Henrik Hetle var kvelt i mudder som dei fann spor av i luftvegane.

Mistankar om mord

Naboen til Henrik Hetle, Mikal Hetle og sønene hans Ole og Matteus, fekk mistankar retta mot seg alt medan leitinga helt på, om at det var dei som hadde teke Henrik av dage. Mange av bygdefolket hadde av fleire grunnar uvilje mot Mikal-folket. Ei spåkone i Bergen vart kontakta. Ho såg korleis det hadde bore til. Og smått om senn fekk folk dette til å stemma, det var slik det hadde gått føre seg.
Den rettsmedisinske kommisjonen ved professor Francis Harbitz si fråsegn av 18. april 1907 gjekk i same lei. Døden måtte ha inntruffe brått, og ved vald!

Bilete av Mkal Hetle.

Dømde for mord

Saka kom opp for lagmannsrett i Bergen den 10. juli 1907 og varde i 16 dagar. Mikal og sønene Matteus og Ole stod tiltalte. 78 vitne vart avhøyrde og 3 sakkunnige. Lagretten fann Mikal og eldste sonen, Ole, skuldige, medan Matteus vart frikjend. Lagmannsretten dømde den 26. juli 1907 Mikal til fengsel på livstid, og Ole til fengsel i 10 år.
Begge vart sende til soning i Kristiania, Mikal på Akershus festning, Ole på Botsfengslet, seinare overførd til Trondheim. Ole vart sett fri på prøve 7. januar 1914 og Mikal blei "benåda" til 17. mai same året.

"Noregs raraste rettssak"

Då forfattaren Hans Seland skreiv bok om saka (kom ut i 1947) brukte han som undertittel "Noregs raraste rettssak" Han viste til professor Nikolaus Gjelsvik sine treffande ord om saka:
"Rart! Ingen veit k v a r Henrik Hetle vart drepen, ingen veit n å r han vart drepen, ingen veit k o r l e i s han vart drepen, ingen veit k v e n som har drepe, og ingen, ingen veit o m han vart drepen. Endå vart to mann dømde."

Bilete av framsida til Hans Seland's verk "Hetlesaka. Noregs raraste rettssak."

Hans Seland ut med hard kritikk

Forfattaren Hans Seland rykte kort tid etter domen ut med hard kritikk i avisene. Han skulda professor Harbitz "for å ha bore fram utsegner som må ha villstyrt retten!" Men han kom ingen veg. Professoren gjorde ingen ting.
Men Seland gav seg ikkje. Han arbeidde saman med fleire andre i årevis for å få saka prøvd på ny. I 1930 døydde Mikal Hetle, framleis dømd for mord. Den 9. desember 1939 avslo Gulating lagmannsrett den fjerde søknaden om oppattaking. Avgjerda vart straks appellert.

Begge frifunne

Høgsterettsadvokat Hans Sevaldson anka 9. august 1940 avgjerda i lagmannsretten inn for høgsteretts kjæremålsutval. Utvalet reiste til Viksdalen på synfaring og saka var klar til domsavgjerd hausten 1940, men kom ikkje opp før Høgsterett la ned embetet sitt 21.12. same året som protest mot Quislingstyret. Saka kom så føre i nazi-høgsteretten og frifinningsdommen kom 7. april 1943. Etter krigen erklærte Riksadvokaten saka for endeleg opp- og avgjort.

Bilete av steinen på grava til Mikal Hetle.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Firda. 07.12. og 09.12.1991. Førde.
Seland, Hans:Hetlesaka. Noregs raraste rettssak. Oslo 1947.

PERMANENT IDENTIFIKATOR