Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein i Randabygda over bygdesoge-granskaren Jacob Aaland



Jacob Aaland (1865-1950) er ein av dei tre store bygdebok-klassikarane i Sogn og Fjordane. Dei to andre er Albert Joleik (Sunnfjord) og Jon Laberg (Sogn). I Nordfjord har dei heidra Aaland med to minnesteinar, den eine i Randabygda, den andre på Nordfjord Folkemuseum på Sandane.

Frå avdukinga av Aalands-minnesmerket i Randabygda 10. juli 1977. Frå venstre professor Reidar Djupedal, Jon Fridtun (formann i arbeidsnemnda), Jens Tvinnereim og Mona Skrede.

Frå avdukinga av Aalands-minnesmerket i Randabygda 10. juli 1977. Frå venstre professor Reidar Djupedal, Jon Fridtun (formann i arbeidsnemnda), Jens Tvinnereim og Mona Skrede.

Eigar: I Jul i Nordfjord.

Datering: 1977.

Fotograf: Inge Fænn.

Byste og innskrift

Dei er få som får fleire minnesteinar. Jacob Aaland er ein av dei. I 1977 reiste bygdefolket i Randabygda, fødestaden til Aaland, ein minnestein over den store sogemannen frå bygda si. Minnesmerket er ei byste på ein kring 1,5 m høg stein. Øvst på steinen står:

BYGDEHISTORIKAREN * JACOB AALAND * (f.) 27-4-1865 (d.) 18-10-1950

På ei metallplate nedanfor står:

HAN SKREIV GARDS- OG * ÆTTESOGA OM NORDFJORD. * FRÅ GAMLE DAGAR TIL NO. * MED VYRDNAD SKAL * VERKET HANS VYRDSLAST. * BYGDEFOLKET REISTE * DENNE STEINEN ÅR 1976.

Jacob Aaland

Bygdesogegranskar og lærar Jacob Aaland, fødd 27. april 1865 på Åland i Stryn, var son til husmann Anders Pederson Hammer (1826-1890) og Brite Jensdotter Åland (1827-1866). Han gjekk amtsskulen i Gloppen vinteren 1881-1882, og tok eksamen ved Stord lærarskule i 1884. Sidan var han lærar i 48 år, dei fyrste åtte åra fleire stader på Austlandet, og så frå 1892 til 1932 i Bergen. I Bergens-perioden hadde han ymse avbrot for andre gjeremål, m.a. bygdebokarbeid, og 1917-1919 som redaktør i Fjordenes Blad (frå 1921: Fjordabladet) på Nordfjordeid.

Aaland var ein føregangsmann i lokalhistorisk granskingsarbeid. Han var med og skipa Nordfjord historielag i 1907 og arbeidde i fleire år på bygdebokverket "Nordfjord fraa gamle dagar til no". I åra 1909-1943 kom fylgjande bøker ut: Eid og Hornindal 1909 (ny utgåve ved Edvard Os 1953), Gloppen og Breim 1915, Innvik og Stryn 1932 (ny utgåve 1974), Davik 1939, og Selje og Vågsøy 1943. Dessutan skreiv han bygdebok for Fitjar i Sunnhordland 1933.

Jacob Aaland døydde 18. oktober 1950 i Gloppen og ligg gravlagd på Fredly kyrkjegard.

Avdukinga

Avdukingshøgtida vart halden søndag 10. juli 1977. Professor Reidar Djupedal, fødd i Selje, heldt avdukingstalen.

Paul Svarstad frå Innvik skreiv etterpå om avdukinga i Sunnmørsposten. I skildringa står m.a.:

"Den bauta som no er reist over Jacob Aaland i hans eiga heimbygd, har gjennom åra vakse seg fram i våre hjarto. Kvart år som har gått sidan han la vandringsstaven ned, har openberra for fleire og fleire dimensjonane både i hans personlegdom og livsverket hans. Den som har gamle og seige røter, står roleg og trygt. Den som kjenner ætta si på vondt og godt, kjenner seg sjølv."

kjelder:

Skrede, P.M.: Jacob Aaland. I: Årbok for Nordfjord. Sandane 1965.
Djupedal, Reidar: Jacob Aaland. I: Årbok for Nordfjord. Sandane 1965.
Jacob Aaland til minne. I: Jul i Nordfjord. 1965.
Norsk Allkunnebok. Band 10. Oslo 1964.
Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik-Stryn. Ny utgåve. Sandane 1974.
Tvinnereim, Jon: Bygdesogepioneren frå Nordfjord. I: 100 år 100 navn. Personer som har preget hundreåret på Nordvestlandet. Sunnmørposten Forlag 2000.

PERMANENT IDENTIFIKATOR