Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 25. mars 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestøtte over falne ved Solund kyrkje på Hardbakke



Ved kvar av dei tre kyrkjene i Solund står ei minnestøtte med namna på dei 16 sulingane som fall under andre verdskrigen. Fire av dei var frå Solund sokn. Støttene er heilt like og vart oppsette samtidig.

Minnesteinen ved Solund kyrkje på Hardbakke er sett opp av bygdefolket til minne om sulingane som fall under andre verdskrigen.

Minnesteinen ved Solund kyrkje på Hardbakke er sett opp av bygdefolket til minne om sulingane som fall under andre verdskrigen.

Eigar: Hans H. Steinsund.

Datering: 2002.

Fotograf: Hans H. Steinsund.

Utforming og inskripsjon

Steinen, som er prismeforma med rektangulær grunnflate, smalnar av noko oppover og har avrunda topp. Sidene nede er 75 x 32 cm, høgda 310 cm. Han er montert på eit firkanta betongfundament, med avtrapping på eitt/to trinn. Kring fundamentet er tilrettelagt for planting av blomar.

Innskrift og namn

Øvst på støttene er innskrive årstala 1940-1945, deretter kjem namna i alfabetisk rekkefølgje med fødsels- og dødsår (dei frå Solund sokn er her i utheva skrift), og nedst står: REIST I TAKKSEMD * AV BYGDEFOLKET

EVENSEN SCHRØDER 1906 - 1944 * GEITERØY ANDREAS 1919 -1943 * GÅSVÆR PEDER 1921 - 1942 * HJØNNEVÅG BIRGER 1920 - 1942 * HOP JON 1922 - 1940 * INDREVÆR OLAV 1920 - 1943 * KVALVIK MAGNUS 1914 -1943 * KVERHELLEN SVERRE 1906 - 1943 * NOTØY HARALD 1922 - 1943 * SANDVIK LEIV 1910 - 1941 * STEINSUND LEIV 1919 - 1942 * STRØMMEN SØREN 1906 - 1943 * TROVÅG SJUR 1906 - 1943 * UTVÆR OLA 1911 - 1944 * YTRØY JAKOB 1912 - 1942 * ØDEJORD PETTER 1918 - 1943

Møtte døden på ulik vis

Tre miste livet i ei og same hendinga: Sverre Kverhellen, Sjur Trovåg og Magnus Kvalvik. I 1943 var dei med "Brattholm" inn Toftefjorden i Troms for å setje i land ei Linge-avdeling. Her vart dei rapporterte, og tekne til krigsfangar 24. mars. Dei vart dømde til døden og skotne nokre dagar seinare, på skytebana ved Tromsø. Etter krigen vart dei gravlagde i Solund.

Ein stad i leia Ytre Steinsund hoppa torturerte fange Schrøder Evensen or styrehuset og over bord frå gestaposkøyta under fart i kveldsmørkret, og tok slik sitt eige liv. 18 år gamle Jon Hop var første krigsofferet i Solund. Han fall då Solund-kutteren "Fremad II" vart teken under eld i Sørfjorden. Dei andre var krigsseglarar i nordsjø- og utanriksfart.

"Namna skal hoggast i stein!"

Det var sokneprest i Solund under krigen, Hjalmar Storeide frå Hjørundfjord, som gjorde opptaket til å få reist eit synleg minne over dei falne. Saman med lensmann Johannes Mathiesen og ein del andre sulingar, hadde Storeide i all løynd drive illegalt motstandsarbeid i krigsåra. Alt første fredshausten laga Storeide eit skriv som både orienterte om føremålet og oppmoda om å gi så det kjendest, til eit minnesmerke. I skrivet stod m.a. at Namnet deira skal innhoggast i norsk stein, og stå der som vitnemål om kva dei ofra, og kva hundrad andre i bygda var viljuge til å ofre.

Gjevarglede utan like

Med innsamlingslister i veska drog 16 trauste menn over land og fjord rundt til kvar einaste husstand i kommunen. Gjevargleda var overveldande.

Nokre grender tykte dei var tyngre ramma av krigstapa enn andre, det var såleis ikkje semje om kvar ein slik bauta skulle stå. Men sidan innsamlinga gav så rikeleg, kunne dei setje opp ein minnestein på kvar av dei tre kyrkjegardane. Denne løysinga var alle nøgde med. Firmaet Herm. Eikner A/S Bergen leverte steinane og stod for monteringa.

Eigentleg var det 20 krigsoffer i Solund, men den djupt tragiske mineulukka på Indrevær var meir for ei krigsulukke å rekne. Fire unge gutar miste livet der den 25. november 1940.

Avdukingsfest i Straumen

Den 20. juni 1948, ein dag med klår himmel og lett nordavind, kunne flagga veie over Solund. Dei vakre minnesteinane stod pent monterte, ein på kvar kyrkjegard.

Sjølve avdukingsfesten gjekk føre seg ved Husøy kyrkje i Straumen. Frå Marineholmen i Bergen kom major Danielsen som var med å skape høgd over dagen. Bygdefolk deltok med programinnslag. Dei omkomne sine næraste, særskilt innbydde og representantar for kommunen fekk servering i skulehuskjellaren i Straumen.

Kvar 17. mai er det verdig minnestund og kransnedlegging ved alle dei tre minnesteinane. Dei er også sentrale ved ulike minnemarkeringar og dannar gjerne fotobakgrunn for ymse kyrkjelege handlingar.

Dei fire frå Solund sokn - biografiar i bokverket Våre falne

GÅSVÆR, PEDER JOHAN, fiskar, Solund. Fødd 3. september 1921 i Solund, s. til Hans Gåsvær, f. 1879, og Marie f. Tangenes, f. 1887. Framhaldsskule og korrespondansekurs. Var utskreven dekksmann på korvettet Montbretia og sette livet til då båten vart søkkt 18. november 1942 etter kamp i 3 dagar med tyske u-båtar.

HOP, JON OLAI, fiskar og gardbrukar, Solund. Fødd 15. april 1922 i Solund, s. til Jacob Johan Hop, f. 1898 i Solund, d. 1935, og Astrid Sofie, f. Brosvik, f. 1895 i Gulen. Den 20. april 1940 reiste han med ein motorkutter til Vaksdal for å henta mjøllast til Solund forsyningsnemnd, men vart kapra i Osterfjorden av tyskarar som ville nytta båten. Tyskarane kom i kamp med norske vakter på land, og Jon Hop vart drepen av ei kule. Gravlagd i Solund.

STEINSUND, LEIF JOHAN, smørar, Solund. Fødd 13. desember 1919 i Solund, s. til Ludvig Johannesson Steinsund, f. 1892, og Anne Bergitte Larsdotter f. Hop, f. 1888, båe i Solund. Var før krigen fiskar og gardsarbeidar, etter krigsutbrotet mekanikar. Drog til England i åpen båt i oktober 1941. Var ei tid på m/s Marie Bakke og kom seinare på d/s Norse King som smørar. Miste livet då skipet vart torpderert 28. desember 1942.

YTRØY, JAKOB, matros, Solund. Født 10. desember 1912 i Solund, s. av Henrik Trulsen Ytrøy, f. 1881, og hustru Mathilde Torgeirsdatter, f. 1883, begge Solund. Sløydkurs, skoleskipperkurs. Var på m/s Vibran, og omkom da skipet forsvant på reise til Halifax. Det gikk fra Cardiff 18. september 1942. Ifølge en tysk melding ble skipet torpedert av en u-båt 24. september.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre falne, Oslo 1948.
Steinsøy, Alf: Krigshendingar i havkanten. Solund sogenemnd 1987.
Firdaposten. 22.02.2003.
Oppmodingsskriv av Hjalmar Storeide.
Howarth, David: Ni liv. (Norsk tittel). 1955. Boka filma 1957, same tittel.

PERMANENT IDENTIFIKATOR