Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 20. februar 2006

Sist oppdatert 23. august 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Vesle Daniel-skulpturen i Dale



"Det er tre tankar som ligg til grunn for skulpturen av Vesle Daniel. Skulpturen skal minne oss og kommande generasjonar om eit av dei finaste sjømannsdikt vi har. Den skal også ære alle dei unge gutane som reiste til sjøs frå bygdene og byane her vest i landet, og samstundes er skulpturen reist til minne om diktaren Jakob Sande." (Herbjørn Sørebø)

Vesle Daniel-skulpturen står i parken i Dale sentrum. I bakgrunnen, kommunehuset i Fjaler.

Vesle Daniel-skulpturen står i parken i Dale sentrum. I bakgrunnen, kommunehuset i Fjaler.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Skulpturen

Vesle Daniel-skulpturen står i parken i Dale sentrum. Kunstverket er eit uttrykk for førstereisguten - "då Daniel drog". På postamentet er innfelt to tekstplater.

På framsida står: VESLE DANIEL * (JAKOB SANDE)
På baksida: GÅVE FRÅ VENER * AV JAKOB SANDE * 2002 * SKULPTUR SIVERT DONALI

Arbeidet med å reisa skulpturen

Jakob Sande døydde 16. mars 1967. På årmålsdagen hans 1. desember 1991, vart det skipa eit Jakob Sande-selskap. Selskapet fekk som hovudoppgåve å fremja kunnskap om Jakob Sande sitt forfattarskap.

Forfattaren og kulturarbeidaren Herbjørn Sørebø var med då Jakob Sande-selskapet vart skipa. Han kom fram med tanken om å få laga ein skulptur til diktet Då Daniel drog. Tanken vekte interesse og ei nemnd vart sett ned for å driva arbeidet fram. Finansieringa gjekk godt. Det kom inn store og små pengesummar både frå offentlege og private gjevarar. Eit spesielt innslag var at det ved somme gravferder i Fjaler vart ønskt ei gåve til Vesle Daniel-skulpturen i staden for blomster.

Avdukinga

Vesle Daniel vart avduka laurdag 10. august 2002. Mange hundre personar var møtt fram til høgtida. Avdukinga skjedde på dagen 52 år etter at Jakob Sande skreiv det kjende diktet sitt Då Gud heldt fest i Fjaler. Herbjørn Sørebø heldt avdukingstalen og saman med kunstnaren Sivert Donali, avduka han skulpturen.

Debatt

Vesle Daniel-skulpturen vekte straks etter avdukinga ein uvanleg oppheta debatt. Både lek og lærd engasjerte seg. Avisa Firda åleine hadde bortimot 20 innlegg. - Vesle Daniel har blitt heilt ufarleg og når ikkje utover Fjaler, meinte Arild Bergstrøm, leiar for Nordisk kunstnarsenter på Dalsåsen. - Monumentet gjer ikkje ein katt fortred.

Kulturjournalist Katrine Sæle i Firda var endå krassare i sin kritikk. - .. berre eit glansbilete. Han uttrykkjer ikkje noko utover seg sjølv, overlet ingenting til fantasien. Hadde eg vore ung dalsfjording, hadde ein slik statue faktisk gitt meg lyst til å flytte frå bygda.

Ragnhild-Lise Korsvoll var godt nøgd, og takka dei som hadde fått Vesle Daniel på plass. - Takk til kunstnaren som har laga han slik som 99% av oss kjenner han. Du har truffe akkurat, avslutta ho innlegget sitt.

Avdukingstalen

Avdukingstalen til Herbjørn Sørebø oppsummerer på ein fin måte tankane bak skulpturen Vesle Daniel og arbeidet med å reisa dette spesielle minnesmerket. Dessutan gjev talen eit møte med diktaren og mennesket Jakob Sande og forfattarskapen hans. Sørebø sende utskrift av talen til Fylkesarkivet kort tid før han døydde i 2003. Me har brukt innleiinga i ingressen til denne artikkelen. Nedanfor fylgjer heile talen.

VESLE DANIEL

Det er tre tankar som ligg til grunn for skulpturen av Vesle Daniel. Skulpturen skal minne oss og kommande generasjonar om eit av dei finaste sjømannsdikt vi har. Den skal også ære alle dei unge gutane som reiste til sjøs frå bygdene og byane her vest i landet, og samstundes er skulpturen reist tilminne om diktaren Jakob Sande.

Å finne eit fullgyldig uttrykk for desse tankane i ein skulptur var den oppgåva bilethoggaren Sivert Donali fekk, og han tok fatt med stor interesse og innleving. Kunstverket han har skapt er resultatet av hardt arbeid med fleire utkast, studiar av arbeidsplassen sjøfolka våre hadde, og han har levd seg inn i diktinga til Jakob Sande. Det er blitt eit minne om framfaren tid, men har samstundes innhald av det menneskelege til alle tider, det som løfter diktet om Vesle Daniel.

Det er ei glede at så mange einskildpersonar og institusjonar har hjelpt til med å ta det løftet det er å reisa ein slik skulptur. Så har vi fått ein skulptur som folket kjem til å samle seg om og bli glade i.

Frå barndommen av vart Jakob Sande sterkt knytt til sjøen og havet. Som smågut leika han nede ved stranda, han såg båtar som lossa og lasta, han var med på fisketurar på fjorden, og som ungdom var han med ut til sjølve storhavet. Det la ein lengt i sinnet, og denne utferdslengten vart styrkt i møte med sjøfolk som hadde så mykje å fortelje om framande land og opplevingar dei hadde hatt.

Vi veit at Jakob Sande tidleg i livet ville til sjøs, men foreldra sa nei. Kravet var at han måtte skaffe seg grunnlag for eit yrke på land først. Det gjorde han. Han vart lektor, cand. philol. Sjømann var han berre eitt år, og det var på spesielle vilkår, men han ville heller kalle seg sjømann enn lektor. - Eg har halde til i skulestova sidan eg var fem år gamal, men det skal ingen merke på meg, sa han ein gong.

Diktinga hans viser oss at han var ein av dei mest stadbundne diktarane vi har hatt, og kvar einaste sommar måtte han heim til Sunnfjord så sant det let seg gjere. I eit reisebrev frå sjøen fortel han om då han vart arrestert ein stad som heiter Molendo. Han visse ikkje korleis det ville gå med han, og kva tenkte han på der i fengslet? Det var at det verste som kunne hende var at han ikkje kom heim til Dalsfjorden og fekk pilka kvitting til sommaren.

Det var spennande for Vesle Daniel å få reise. Der ute venta det store eventyret. For mor hans var det tungt å leggje plagg etter plagg i skipskista. Skulle ho nokon gong få sjå guten sin att? Vemodet melde seg hos Vesle Daniel med tanken på det han skulle reise frå, alt det han kjende og var glad i. Den glade låtten blanda seg med sorg.

Slik har så mang ein ung gut og mor hans hatt det i den stunda skipskista vart ferdigpakka. Det var mange som aldri kom heim att. Havet kravde sine offer, og det visste dei. Undertonen i diktet om vesle Daniel er kjenslene som er knytte til heimen, ein trygg og god barndom, og banda mellom mor og son. Det er den menneskelege varmen som gjer at dette diktet har vorte så kjært for så mange.

I diktinga til Jakob Sande er det eit mylder av personar frå mange samfunnslag. Vesle Daniel er den han tykte mest om av alle han skreiv om. Denne guten, son til Dave Myra, voks opp i små kår. Vi møter han att i fleire dikt. Han kom ut i verda, fekk sjå og oppleve, og han kunne fortelje om det, men han voks ikkje frå seg sjølv. Han kom heim og gjekk frikar på kaia, og han hadde opplevd meir enn jordiske flest, men han var blid og gemeinsleg som før.

Vesle Daniel hadde ein rikdom i seg sjølv. Øvst i skipskista lyste salmebok og testament då han reiste, og der låg det eit falma skilderi med påskrifta "Di til døden, trufaste Mari". Daniel var tru mot kjærasten. Her skreiv Jakob Sande om verdiar han sette høgt.

Sjø og hav i storm og stille er eit hovudmotiv i diktinga til Jakob Sande frå den første diktsamlinga han gav ut til den siste. Det er sentrale motiv for mange av diktarane våre, og det er naturleg i eit land som ligg til slikt som vårt. Her er det så mange bilete å hente, bårer, speglingar, understraumar, skiftande vindar, forlis og brå død.

Jakob Sande brukte sjø og hav ikkje berre i naturskildringar som gjorde han til ein av dei fremste. Han hadde havsalt i språket. Han brukte sjø og hav også i skildringane av sjelelege stridar, gode og vonde kjensler som går djupt i menneskelivet, og han såg sjøen og havet både som barndomsparadis og arbeidsplass som skapte rikdom. På sjøen og havet var det dramatiske hendingar, sorg og sakn og lagnader som var tunge å bere, men her var også lykkestunder, eventyr, segn og soger, draug og fabel. Alt dette var med i dagleglivet frå barndommen av for Jakob Sande. Han både høyrde om det og såg det, og han skildra det slik at folk kjende sag att.

 

Barndommen og miljøet i oppveksten er grunnleggjande for oss alle. Det var det i særleg grad for Jakob Sande, så heimekjær som han var. Han hadde barndommen og ungdommen med seg heile livet. Han hugsa lukt og temperatur ved sjøen i fine dagar. Han hugsa alt som hende der i alt slag vêr. Det er dette som gjer dikta hans så ekte, så opplevde. Vesle Daniel er ein gut han kjenner - kanskje han sjølv då han reiste med motstridande kjensler.

Det eine året Jakob Sande var sjømann på spesielle vilkår - skal vi seie at han var hospitant - var han både lektor og etablert diktar. Likevel gjekk det bra. Han gjorde rett for seg, kom godt ut av det både med mannskapet og offiserane, og dei sette pris på dikta hans både når han las og song. Det var ei høgtidsstund då han las opp i sjømannskyrkja i Rotterdam og andre stader der sjøfolka samla seg. Sjøfolka såg på han som ein talsmann, og det ville han gjerne vere.

På spørsmål om kva han sette høgt i litteraturen gjekk Jakob Sande til klassikarane. Han ville vere klassikar sjølv også, og han vart det i levande live. Sivert Donali har vore trufast mot dette i det kunstverket han har skapt.

 

kjelder:

Firda. 10.08, 12.08, 13.08, 14.08, 16.08, 17.08, 19.08, 20.08, 21.08, 24.08,
Sørebø, Herbjørn: Manuskript til avdukingstale.
Kulturhistorisk leksikon: KAL/SFF-072.1429 Æresminnet til Jakob Sande i Fjaler

PERMANENT IDENTIFIKATOR