Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. oktober 2012

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Hunden på Hundeskjeret



Skipsleia Bergen-Sogn har mange attraksjonar for turistar og andre reisande. Strekninga frå Kvennafjorden nordover til innløpet av Sognefjorden har fleire svært smale stykke som vekkjer undring: at det er råd å manøvrera i stor fart i så trangt farvatn. Men somme stader sakkar båtane farten, forbi bryggjer og småbåtplassar. På det trongaste sør i Alværstraumen gjer dei det. Her fer båten forbi eit skjer der det står ein lyktestolpe og, ein hund.

MS «Njord» for sakte fart nordover i Alværstraumen. Hundeskjeret med Hunden til vestre, på vestsida av det smale sundet.

MS «Njord» for sakte fart nordover i Alværstraumen. Hundeskjeret med Hunden til vestre, på vestsida av det smale sundet.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Ein buhund

«Det er ikkje mange metrane frå skjeret til båtane som passerer,» fortel Petter Fosse som bur i nærleiken.

«Hundeskjæret fekk navn då folk frå Nordhordland Kraftlag som hadde basen sin på Alversund-sida like ved skjeret, lagde ein hundeskulptur i metall og sette opp der. Trur det var i 1948. Hunden vart måla svart med kvit krans rundt halsen - og forestiller ein buhund. På 90-talet bytte dei han ut med ein ny etter same mål, då den opprinnelege var nesten sundrusta etter over nærare 45 år. Morfar min fortalde at det var ein hund som ein gong hadde drukna i sundet. Flott er det i alle fall.»

Godt kjend

Hunden på Hundeskjeret er eit nokså spesielt sjømerke og vide kjent. Det fer båtar forbi støtt og stadig, i all slags ver, året rundt. Og mange har noko å fortelja. Egil Eide meiner at mannen som erstatta den sundrusta hunden på 1990-talet, heiter Arne Hundsnes. Han er fyrarbeidar i Kystverket. Roger Tysse minnest at då han var gutunge var det stas å kasta mat bort til skjeret. Hunden måtte jo ha mat.

Fuglefigur

Natt til 10. mai 1949 styrde Fylkesbaatane sin nye båt MS «Sunnfjord» nordover frå Bergen. Båten skulle på presentasjonstur i Sogn og Fjordane, men turen måtte avbrytast. I Alværstraumen kom båten «borti land med styrbord propell». Fjordbladet (Nordfjordeid), hadde fleire smånotiser om uhellet, også om årsaka. Og bladet hadde ei teikning – med to båtar på grunn i Alværsund, «Sunnfjord» med avbroten propell. «Sjøbussane på jomfrutur» står det. På eit skjer står ein fuglefigur og seier ha-ha! Om det var ved Hundeskjeret «Sunnfjord» «kom borti land», går ikkje fram av notisen.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Opplysningar på Facebook-sida Vil ha Fylkesbaatane-flagget tilbake!jordabladet, fleire enummer, mai 1949.

PERMANENT IDENTIFIKATOR