Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. juni 2001

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Gamalost-bautaen i Vik



Folk som kjem køyrande ned frå Vikafjellet mot Vik, treffer øvst i bygda på eit skilt som ynskjer velkomen til, "-heimstaden til det einaste gamalost-ysteriet i verda". Dette unike produksjonsanlegget ligg heilt nede i sentrum. Rett utanfor står ein bautastein over ein ost, -kan henda den einaste i sitt slag i heile verda den òg.

Frå avdukinga i Vik, 10. juni 2001. Frå venstre John Moberg, president i Norsk Gamalostlag, og fylkeskultursjef Lidvin Osland.

Frå avdukinga i Vik, 10. juni 2001. Frå venstre John Moberg, president i Norsk Gamalostlag, og fylkeskultursjef Lidvin Osland.

Eigar: Jon Moberg.

Datering: 2001.

Fotograf: Ukjend.

Gamalost-bautaen

Gamalost-bautaen er ein nær 2 meter høg stein med ei innfelt messingplate oppsett til heider for gamalosten og ysteriet i Vik - det einaste ysteriet i verda som produserer denne eldgamle, norske ostespesialiteten. Bautaen er laga av ein mørk bergart. Dei fann emnet ved Kvilesteinvatnet på Vikafjellet, ein stad Statkraft dreiv på med sprenging sommaren 2000. Plata har innskrift og ei teikning signert Ludvik Eikaas. Det står: DEN GAMLE OST (og) VIK - GAMALOSTEN SI VOGGA * 16.06.2001. Teikninga syner ei budeie som passar på ostekjelen.

Bilete av gamalost-bautaen på kloss hold.

Avdukinga

Norsk Gamalostlag skipar årleg til ein Gamalost-festival i Vik med glade gamalost-etarar frå heile landet. Kvar festival har ei særleg hending på programmet. I år 2000 vart gamalost-skiltet "avduka", året etter samla festival-folket seg kring ein eigen gamalost-bauta. Det er presidenten i gamalostlaget, John Moberg, som avlar idear til topp-attraksjonar og driv dei fram til røyndom, - vegskilt år 2000 og bautastein året etter.
Gamalost-bautaen vart avduka 16. juni 2001, og det var fylkeskultursjef Lidvin Osland som hadde det ærefulle oppdraget å stå føre sjølve avdukinga. Han utførde handlinga ved å skjera over ei snor i nasjonalfargane med ein kniv frå Helle Fabrikker i Fjaler.

Gamalost

Gamalost er ein heilnorsk ost som bli laga av sur skumma mjølk. Osten vart gjennom fleire hundre år laga på gardar og stølar. Utover på 1900-talet vart det òg laga gamalost på mange meieri, særleg på Vestlandet, men ved århundreskiftet, 2000, var meieriet i Vik einaste staden som hadde produksjon i noko større omfang.
Gamalosten vert laga i sylinderform, teksturen er tett og konsistensen fast, men saftig. Gamalosten har rein, skarp smak og lukt. Skorpa er brun. I det indre er osten gulbrun med ein større eller mindre grønfarga sentral del. Fargane skriv seg frå dei mange muggsoppane som mognar osten.

Illustrasjon av to personar som ikkje tykkjer om gamalost-aromaen, mens ei likar pålegget.

Bilete av ein notis frå "Firda" i 1962 som fortel om tollarar som tykte at lukta av gamalost var i det meste laget.

"-- får blodet til å brusa -- "

John Moberg arbeider heilhuga for gamalosten, for at stadig fleire skal få gane for, denne "norske nasjonal-heilagdomen", som han kallar osten det finst historiske vitnemål om heilt frå 900-talet.
"Når me høyrer på folketradisjonen om verknadane av gamalosten", seier han, "må det vera ei folkeoppgåve å auka forbruket. Gamalosten inneheld stoff som hemmar bakterievekst, gir mindre kolestorol og får blodet til å brusa i årene våre."

Kong Harald æresmedlem

Norsk Gamalostlag, skipa 1983, arbeider for å fremja kjennskap til gamalosten og for auka forbruk. Knapt noko lag i landet har ein meir eksklusiv æresmedlemskapsorden. Det synlege teiknet er ein innvigd ostekniv kandidaten skjer seg til medlemskap med i ein særleg utvald ost.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Bondevennen. Nr 33/34.2001. Stavanger.
Opplysningar frå:
Jon Moberg, Leikanger.

Nettstader:
Gamalosten si eiga heimeside:
http://www.tine.no/gamalost

PERMANENT IDENTIFIKATOR