Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. september 2006

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Geologisk park i Stryn - Luster kommune sin stein



Onsdag 25. mai 2005 var ein geologisk merkedag i Sogn og Fjordane. Då vart det opna ein steinpark i Stryn med nasjonalstein, fylkesstein og ein stein frå kvar kommune. Luster sin stein er ei steinhelle frå Dalsdalen.

Frå den geologiske parken ved Jostedalsbreen nasjonalparksenter 25. mai 2005 då parken vart opna.

Frå den geologiske parken ved Jostedalsbreen nasjonalparksenter 25. mai 2005 då parken vart opna.

Eigar: Luster kommune

Datering: 2005.

Fotograf: Torodd Urnes.

Steinar frå heile fylket

Steinparken i Stryn er Jostedalsbreen Nasjonalparksenter sitt prosjekt. Kvar kommune vart invitert til å velja ut ein stein til parken. Steinen skulle vera særmerkt for kommunen. Steinane skulle plasserast i ein geologisk park ved nasjonalparksenteret saman med nasjonalsteinen i Noreg (rosa thulitt) og fylkessteinen i Sogn og Fjordane (eklogitt).

På opninga skulle kvar ordførar vera tilstades og avduka sin stein og fortelja litt om steinen. Ordførar Torodd Urnes møtte frå Luster.

Luster sin stein

Luster sin stein er ei helle frå Helleberget i Dalsdalen. Hella er av ein over 400 millionar gamal leirskifter som er omdanna til fyllitt. Avsetjingane av leire var opphavleg opp til 2 kilometer tjukke og vart pressa i hop til tynne lag.

Vidt bruksområde

Bergarten leirskifer, omdanna til fylitt, kjem til syne i mange hellebrot. Det er mange hellebrot kringom i Luster, men truleg er hellebrota i Dalsdalen dei største. I eldre tider var ein stor verdi å ha eit hellebrot på garden eller i bygda.

Hellene var eit varig og billeg materiale som vart nytta til mange føremål: - i holveiter eller kisteveiter, i grøfter og brønnar, til gardastolp, særleg der det røynde på i hjørne og ved grindar, til merkesheller og gravheller, som dekke på buer og klopper. Mura tropper hadde oftast heller oppå som dekte heile trinnet, fint slegne til så dei låg støtt.

Innomhus var det ofte hellegolv i skot og kjøken, og heller i peis og brannmur. I fjøsen kunne det vera heller som båsflakar mellom kyrne. Men største bruksområdet var nok taktekking. Så godt som alle hus i Luster, både i tun og utmark, hadde helletak. Det var naturleg fordi her var så god tilgang på hellestein, og flinke folk til å gjera arbeidet.

kjelder:

Fjordingen. 27.05.2005.
Fjordabladet. 28.05.2005.
Lustranytt. Nr. 21(?)- 2005.

PERMANENT IDENTIFIKATOR