Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Kommune

Minnestøtte på Skei over tonekunstnaren Anders Viken



Jonsokaftan 1989 vart tonekunstnaren Anders Viken heidra med minnestein. Det var Jølster kommune som på denne måten ønskte å markera hundreårsminnet for Anders Vikens fødsel. Minnesteinen står på plassen framfor Skei Hotell.

Minnesmerket over Anders Skei står i utkanten av den opne plassen framfor Skei Hotell.

Minnesmerket over Anders Skei står i utkanten av den opne plassen framfor Skei Hotell.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesmerket

Anders Viken-minnesteinen er ei byste i støypt bronse som står på ein prismeforma granittsokkel. Ansiktet er vendt mot garden Vika på Skei, der Anders Viken vart fødd og voks opp. Sokkelen er 39 x 39 cm og 164 cm høg. På framsida er sett ei støypt metallplate med innskrifta:

TONEKUNSTNAREN
ANDERS VIKEN
1898 - 1977

Under innskrifta står det ei metallplate med figuren fele og krosslagd boge.

Stort program

Det var Jølster kommune som reiste minnesteinen, og han vart avduka jonsokaftan 1998. Den landskjende musikkutøvaren og komponisten Sven Nyhus heldt minnetale, og ordføraren i Jølster, Gerd Dvergsdal, stod føre sjølve avdukinga. Etterpå var det minnekonsert i Samfunnshuset med ei rekkje utøvarar frå Sogn og Fjordane og landet elles: - Arne M. Sølvberg, Sigmund Eikås, Leif Rygg, Annbjørg Lien, Inge Reksten og Sven Nyhus.

Hundreårsminnet vart også markert på den internasjonale folkemusikkfesativalen i Førde med minnekonsert i Førdehuset.

Personopplysningar

ANDERS VIKEN, fødd 6. juli 1898, var son til lærar Ola Viken (1848-1926) og Ågote Andersdotter Viken (1866-1941). Han tok lærarprøva ved Volda Lærarskule i 1924 og vart sidan lærar i Jølster (1898-1977). Frå 1930 var han fast tilsett ved skulen i Vika krins. Anders vart gift med Rakel Johannesdotter Bolset, fødd 1891. Dei hadde fem born og budde på Østlie under garden Vika, same bruket som faren hadde hatt.

Anders Viken voks opp med musikk i heimen. Far hans spela hardingfele og Anders tok etter. Alt i 9-års alderen spelte han i bryllaup. Saman med den seinare godt kjende spelemannen Moses Paulen, gjekk han eit åtte dagars notekurs hjå Gabriel Reed i Breim. Dei kom til å spela mykje i lag seinare.

Utanom notekurset hjå Gabriel Reed og litt opplæring i musikk på lærarskulen, var Anders Viken sjølvlærd. Han spelte både hardingfele og vanleg fele. Han spelte fleire slag musikk, komponerte, reiste vide og heldt konsertar. Saman med broren Daniel Viken, reiste han såleis på heile Sunnmøre. Broren heldt foredrag og Anders spelte. Han var òg mykje nytta i NRK.

Komponisten

Til 100-årsmarkeringa skreiv lærar Lidvar Klakegg artikkelen Anders Viken (1898-1977) - eit hundreårsminne. Om komponisten skriv Klakegg:

"Sjølv om vi har utøvaren i minne, mellom anna i mange arkivopptak, er det nok musikkskaparen vi mest vil minnast i ettertid. Toneskatten som Anders skapte er det som meir enn noko anna gjev oss grunn til å reise minnebauta over mannen.

Utanom det overleverte musikkmaterialet frå tradisjonen, har Anders laga tonestykke, lydarslåttar og dansar i gamal stil. Mykje av dette er frå si "oppkome innanfrå" som han uttrykte det. I tonestykka merkar ein inspirasjon frå europeisk fiolinlitteratur og salongmusikk. I heile produksjonen merkar vi eit rikt oppkome av musikalske idear frå grunnelementa som er natur og tradisjon, folkeliv og lynne, mykje med lokal koloritt, som Anders så meisterleg la på. Meir enn 400 eigne komposisjonar har Anders skrive ned, kvar einaste note handskriven. Det er eit bilete på perfeksjonisten."

Notehefte
 

om ein litt forseinka jubileumspost kom det i 1999 ut eit hefte med 68 komposisjonar av Anders Viken. Tidlegare hadde det vore prenta eit par hefte med 26 av dei mest kjende slåttane hans, men han let etter seg fleire hundre handskrivne komposisjonar. Sonen Arne tok på seg å velja ut frå samlinga til heftet. Jubileumsheftet spenner vidt, med 16 slåttar, 5 bruremarsjar, 6 hallingar 7 polkaer, 10 springarar, 6 masurkaer, 11 valsar og 7 reinlendarar.

kjelder:

Sølvberg, Arne M.: Notehefte med komposisjonar av Anders Viken. I Fjordingen, 14.06.1999.
Klagegg, Lidvar: Anders Viken (1898-1977) - eit hundreårsminne. I Jul i Sunnfjord 1998.
Fridtun, Liv: Anders Viken (1898-1977) - hundreårsmarkering. I Kjelda, 2-1998.