Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Æresminnet for Jakob Sande i Fjaler



Framfor Fjaler ungdomsskule står ei byste av Jakob Sande. Det var frå fyrst av eit æresminne, ikkje ein minnestein. Jakob Sande var nemleg sjølv tilstades ved avdukinga. Æresminnet vart reist hausten 1966, året før diktaren døydde.

Æresminnet til Jakob Sande står framfor Fjaler ungdomsskule i Dale.

Æresminnet til Jakob Sande står framfor Fjaler ungdomsskule i Dale.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2006

Fotograf: Hermund Kleppa

Personopplysningar

Jakob Sande (1906-1967), fødd i Dale i Sunnfjord, var son til lærar Andreas Sande og Ragna, fødd Barsnes. Han tok eksamen artium ved Firda gymnas i 1926 og embetseksamen ved Universitetet i Oslo i 1931 med hovudfag i norsk og sidefag i tysk og historie. Hausten 1932 reiste han til sjøs og segla eitt år i utanriksfart på Amerika.

Frå 1935 til 1945 var Jakob Sande tilsett ved Fredrikstad høyere Almenskole og frå 1945 ved Ulleren høyere skole, Oslo. Jakob Sande vitja heimbygda si så ofte han kunne, og hadde dei siste åra si eiga hytte i Flekkefjorden. Staden fekk namnet Kobbeskjer, etter eit lite skjer attmed naustet.

Jakob Sande og Solveig Ytterlid gifte seg i Oslo i 1943. Ekteskapet vart oppløyst i 1952. Dei hadde dottera Siri. Jakob Sande døydde 16. mars 1967, og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Dale kyrkje.

Diktsamlingar og noveller

Jakob Sande har blitt omtala som Sunnfjord-diktaren. Han debuterte med diktsamlinga "Svarte næter" i 1929. Seinare kom diktsamlingane "Storm frå vest" (1931), "Frå Sunnfjord til Rio" (1933), "Villskog" (1936), "Krossen og sleggja" (1939), "Dikt i utval" (1939), "Guten og grenda"(1945), "Korn og klunger"(1950), "Sirius"(1955), "Dikt i samling"(1956), "Skreddarsveinen og andre viser"(1958) og "Det kveldar på Kobbeskjer"(1961). Elles gav han ut fire novellesamlingar: "Straumar i djupet" (1935), "Eit Herrens ver" (1945), "Skarlagensnora"(1946) og "Noveller i samling" (1964).

Det er sett tone til mange av dikta hans og fleire har vorte mykje brukt som korsongar. Julesongen Det lyser i stille grender har i mange år vore folkeeige.

Æresminnet

Æresminnet for Jakob Sande ved Fjaler ungdomsskule er ei byste plassert på ein 2 meter høg, prismeforma steinsokkel:

På framsida av sokkelen er innhogge: JAKOB SANDE
På baksida: REIST AV FJALER HERAD

Fjaler kommune reiste æresminnet

Innskrifta på baksida av steinen - REIST AV FJALER HERAD - ber bod om at det var Fjaler kommune som reiste æresminnet. I 1966 var Ola Sørebø ordførar. Oddleif Fagerheim var styrar på Falchs Pensjonat- og Middelskole. Herbjørn Sørebø skriv i boka si Ein storm frå vest.. at han trur det var Fagerheim og Sørebø som kom på tanken om å reisa eit æresminne til Jakob Sande.

Ville ikkje sitja modell

Herbjørn Sørebø fortel i den same boka at ordføraren straks ringde til Jakob Sande og spurde om han ville sitja modell hjå ein bilethoggar. Det ville ikkje Jakob Sande, men han var ikkje avvisande til at det vart laga ei byste. - Det ligg eit haue av meg nede i ein kjellar. Det kan de få bruka dersom ikkje rotta har ete for mykje av det, sa han.

Det var venen, bilethoggar Waldemar Dahl, som hadde laga ei byste av diktaren den tida Jakob Sande budde i Fredrikstad. Jakob Sande visste at modellen var oppbevart i kjellaren til Nasjonalgalleriet. Han var glad i den bysta venen Waldemar Dahl hadde laga, fortel Herbjørn Sørebø. Sørebø fann det rimeleg å tru at Jakob Sande heller ville stå på sokkel som ein mann i sine beste år enn den utlevde mannen som han kjende seg i 1966.

Stor tilskiping

Det var "fest i Fjaler" helga 19. og 20. november 1966 då Jakob Sande vart heidra av heimbygda. "Jakob Sande og hans dikting" var overskrifta i ei stor kunngjering frå tilskipingsnemnda. Laurdag var det Jakob Sande-kveld på Fjaler ungdomsskule. Skulestyrar Oddleif Fagerheim samtala med Jakob Sande og diktaren tolka fleire av dikta sine både med og utan gitar. Dalsfjorden Spelemannslag og Dale Songlag deltok med fleire nummer.

Fleire tilreisande var og med i programmet. Frå Luster kom "Barsnes (..), ein 87 år gamal halvbror til bestefar til Jakob Sande". Barsnes fortalde frå Dale i eldre tid og om den lyriske åra i slekta. Kyrkjesongar Barsnes kunne laga dikt og føra dei fram på ståande fot, fortalde han.

Leif Arnold Loen kom frå Stryn. Han helsa med å lesa ein sjølvskriven prolog til forfattaren.

Avdukinga

I klårt og fint vêr samla folk seg til avdukingshøgtida søndag klokka eitt. Dale musikklag opna med Norge, mitt Norge og Ut mot havet før Oddleif Fagerheim heldt avdukingstalen. Talen var ein hyllest til diktaren Jakob Sande, og han slutta med desse orda: "Kjære Jakob Sande, ta desse få og enkle ord frå ein representant frå dine eigne heimegrender som ei fattig takk for ditt livsens verk. Vi har sett deg her midt mellom oss - midt i flokken av den slekt som i all tid skal leve og stride, bu og byggje her."

Fagerheim avduka så æresminnet og overleverte det frå nemnda til Fjaler kommune. Ordførar Sørebø tok imot og takka. - Merket vil stå her som eit uttrykk for alt vi har fått av Jakob Sande, og minne ungdomen om at Fjaler har fostra ein landskjend mann, sa Sørebø.

"bautasteinar i ord"

Eit av dei siste dikta til Jakob Sande har tittelen Bautasteinar. Diktet signaliserer at æresminne i bronse og stein kan henda ikkje var så viktig for Jakob Sande. Det siste verset er slik:

Nei, ta det med ro, småsveinar,
trø stilt på jord.
Eg har reist mine bautasteinar
i ord.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Sørebø, Herbjørn: Jakob Sande. I Jul i Sunnfjord. 1991.
Sørebø, Herbjørn: Ein storm frå vest Jakob Sande -veit eg. 2000.
Firda. 22.11, 25.11.1966.
Kulturhistorisk leksikon: KAL/SFF-585.1429 Vesle Daniel-skulpturen i Dale

PERMANENT IDENTIFIKATOR