Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. juli 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Minnestein over kompanisjef og kompani, 1807-1814



I mars 1808 kom Noreg i krig med Sverige. Militære mannskap frå Vestlandet vart sende til grenseområda på Austlandet for å forsvara landet. Leirdalske lette infanterie-compagnie under kommando av kaptein Wilhelm Jürgensen kom i fleire trefningar med svenskane. I 1932 vart det reist ein minnestein over kompanisjefen og kompaniet hans. Minnesteinen står ved Hole kyrkje på Ringerike.

Minnesmerket over kaptein (seinare major) Jürgensen og Leirdalske lette infanterie-compagnie står ved Hole kyrkje og er om lag 6 m høgt. Det vart reist i 1931

Minnesmerket over kaptein (seinare major) Jürgensen og Leirdalske lette infanterie-compagnie står ved Hole kyrkje og er om lag 6 m høgt. Det vart reist i 1931

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2008

Fotograf: Hermund Kleppa

Grav og minnestein
Major Wilhelm Jürgensen og kona Marie Eckstrøm Bruun vart gravlagde på Hole kyrkjegard i Hole kommune på Ringerike i Buskerud. På grava hans ligg ei jernplate med denne innskrifta:

"Major Jürgensen. Ridder av Danebrog, født i Schleswig 1762, død på Ringerike 1842"

Minnesteinen står på plassen utafor Hole kyrkje. Han er kring 6 meter høg. Sidene ned er kring 70 cm x 50. Feltet for innskrifta er om lag 90 cm. Det står:

Major
JÜRGENSEN
og
LEIRDALSKE
LETTE
INFANTERIE
COMPAGNIE
1807-1814

Minnesmerket vart avduka søndag 26. juni 1932 og oberst J. Pedersen heldt tale om Jürgensen og "leirdølerne hans."

Leirdalske .. - skipa 1801
Leirdalske skiløberkompani vart oppretta i 1801. Namnet vart kort tid etter endra til Leirdalske lette infanterie-compagnie og ved århundreskiftet 1800/1900 gjekk militæravdelinga med ekserserplass i Lærdal under namnet 4de kompani af Sogns linjebataljon. Den fyrste mønstringa skjedde våren 1802. Dei fleste soldatane kom frå Lærdal, Sogndal, Hafslo og Årdal.

Kompanisjefen
Wilhelm Jürgensen, fødd 1762 i Schlswig i Tyskland, arbeidde seg i åra 1785-1791 opp frå menig soldat til offiser. Som ung løytnant var han med på landmåling og vegarbeid på Filefjellet og vart på denne måten kjend med indresogningar som arbeidde på vegen.

Den 1. oktober 1802 vart Jürgensen utnemnd til kaptein og sjef for det nyoppretta Leirdalske (Leirdal - eldre skrivemåte for Lærdal) lette Infanterikompani. I 1811 gjekk han over til Vangske Kompani av Oplandske Infanteriregiment og avanserte i 1812 til major og nestkommanderande ved 2. "gevorbne" bataljon i regimentet. Major Jürgensen gjekk av med pensjon i 1818. Han døydde 9. mai 1842 på Rytteraker på Ringerike.

I krig mot svenskane
Dei utskrivne soldatane til det nyoppretta infanterikompaniet med kommandoplass på Lærdalsøyri var i fyrstninga svært motvillege til utskrivinga. Den første tida måtte det difor tilsetjast befal med særlege kvalifikasjonar. Jürgensen synte seg å vera rette mannen. Både under vegarbeidet på Filefjellet og etter tvangsutskrivinga i 1802 kom han i harde samanstøytar med mannskap som jamt over enda godt. Og i trefningar med svenskane utmerka både han og indresogningane i Leirdalske infanterikompani seg på ein slik måte at det kom til å gå gjetord om dei.

I mars 1808 drog han med kompaniet sitt over Filefjell på veg til grensetraktene ved Kongsvinger. Kompaniet fekk elddåpen sin ved Mobekk- og Skansegardane. Under kommando av oberstløytnant J.G. Ræder gjekk Jürgensen og mennene hans til angrep på ei svensk midtkolonne som måtte trekkja seg tilbake. Ei veke seinare gjorde kompaniet ei ny bragd ved Jerpset. For dette var Jürgensen 28. mai 1809 utnemnd til riddar av Dannebrog.

Mange tilstades på avdukinga
Det var denne mannen og desse mennene som vart heidra med bautastein ved Hole kyrkje i 1932. Nær 1000 menneske var tilstades. Rekruttar frå Vestopland regiment under kommando av major Spørck og befalskulen til ingeniørvåpenet paraderte. Høgtida byrja med musikk av ei militærkorps. Deretter song eit kor frå Hole. Oberst Pedersen slutta talen sin med å overlevera minnesteinen til Hole menighetsråd. Formannen, sokneprest Lunde, takka for gåva. Deretter takka kommanderande general Låke på vegner av Hæren dei som hadde reist "denne bautaen".

"So kom noko av det mest gripande under heile høgtidi", skreiv Arnfin Udnes til Sogns Tidende, "då Vestopland infanteriregiment og Hole ungdomslag sine fanor under djup stilla vart seinka framfor bautaen."

Utsendingar frå Fjordane Regiment
Vestlandet var godt representert. Militæravdelinga med ekserseplass i Lærdal gjekk kring 1900 inn i Fjordane infanteriregiment (Seinare IR 10) med kommandostad på Bømoen på Voss. Kaptein Stenersen og fenrik H. Lysne møtte på avdukingshøgtida som representantar for regimentet. Begge heldt tale. Ordføraren i Lærdal, Olav Skjær hadde sendt telegram. Kaptein Stenersen sa mellom anna i talen sin:

"Som sjef for det noverande lærdalske kompani takkar eg for den heider som er synt kompaniet. Eg kjem frå den eksisplass der lærdølene av i dag eksiserer. Det er fest på Voss i dag. Gutane er stolte av den æra som i dag vert synt kompaniet. Og heime i dei bygder som dei var frå dei denne steinen skal minna um, er flaggi heist i dag. Flaggi blakrar i dag yver Lærdal, Årdal, Borgund, Årdal, Aurland, Luster, Hafslo og Sogndal. Det er stride folk i desse bygder, men deira fedralandskjærleik er djup som fjorden og offerviljen deira er som fjelli. Eg tek med attende til gutane der vest minnet um ein høgtidsdag."
kjelder:

Sogns Tidend. 1932.