Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. oktober 2006

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Olavsbautaen på Kongshaugen



Kongshaugen heiter den runde haugen nokolunde midt på Dragseidet mellom Drage og Leikanger på Stadlandet. På haugen står Olavsbautaen, ein vel tre meter høg stein med innskrift frå 1919 og ei koparplate påsett i 1997. Steinen vart avduka under ei Olsokstemne.

Kongshaugen på Dragseidet ligg nokulunde midt mellom Drage på sørsida og Leikanger på nordsida av eidet. Vegen går på austsida av haugen. Gamlevegen gjekk på vestsida.

Kongshaugen på Dragseidet ligg nokulunde midt mellom Drage på sørsida og Leikanger på nordsida av eidet. Vegen går på austsida av haugen. Gamlevegen gjekk på vestsida.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Fleire kulturhistoriske spor

Kongshaugen er godt synleg anten ein kjem frå Drage på sørsida eller Leikanger på nordsida av Dragseidet. Det er ein rundforma og grasgrodd bergknaus som ligg om lag midt på eidet. Bilvegen går tett attmed på austsida. Frå ei avkøyrsle like ved fører ein sti opp på toppen.

På Kongshaugen finst fleire slag spor etter menneske. Under krigen hadde tyskarane ei kanonstilling på haugen med tilhøyrande mannskapsbunker sprengd inn i fjellet. Heilt nede på vestsida gøymer det seg to trerullar festa med akslingar i "jordfaste" steinar. Det minner om løypestrenganlegg. Kan henda for torvdrift ein stad vest for Dragseidet?

Men på høgaste punktet ragar Olavsbautaen vel tre meter i veret. Og attmed står ein annan stein med bokstavar og tal innhogge.

Reist i 1919

Olavsbautaen er 3,2 meter høg og fundamentert i betong. Sidene nede er 75 cm x 33. Steinen smalnar noko oppover og endar i ein avkorta, naturleg forma spiss. Innskrifta står på sida som vender nordover, mot Krossen på Dragseidet, 300-400 meter lenger nord på eidet. Det står: OLAV * TRYGG * VESSON * NOREGS * KONGE * 997 * REIST * 1919

I 1997 var kong Harald på vitjing på Dragseidet, venteleg også ein tur oppe ved Olavsbautaen på Kongshaugen. Ei koparplate festa nede på steinen vitnar om kongebesøket. Utanom den kongeleg signaturen, Harald V, står skrive: "NOREGS KONGE 1997"

Olsok-stemna

Fjordenes Bladhadde i juli 1919 ei kort melding om ei Olsok-stemne som skulle haldast på Dragseidet, olsokdagen, tysdag 29. juli. Dei skulle avduka ein bautastein som var reist på Kongshaugen til minne om "Olav Tryggveson og hans kristning av nordluten av Gulating lagdøme i 997». Det var ungdomslaga i Selje som hadde gjort opptak til å reisa steinen. Sokneprest Nybø skulle halda avdukingstalen, og elles skulle fleire andre halda tale, mellom dei, Jacob Aaland, den seinare vidgjetne bygdebokskrivaren.

"sværande hugnadsam og vellukka stemna"

Signaturen "J.Aa" (Jacob Aaland) skreiv eit innhaldsrikt stykke om avdukinga tilFjordenes Blad.Han fortel om den eldgamle ferdselsvegen over Dragseidet og om hendinga i 997 då Olav Trygvason heldt ting med bønder frå fire fylke og gav dei valet mellom å la seg døypa til den kristne trua eller halda slag. No hadde dei same ungdomslaga som seks år tidlegare hadde reist minnekrossen lenger nord, gjort opptak til å reisa ein minnestein om kong Olav Trygvason og kristningsverket hans på Nordvest-landet.

Lærar Lødemel opna

Det var møtt fram fleire hundre menneske på stemnestaden. Lærar Lødmel ynskte velkomen med eit høgstemt vers skrive for høvet. Det vart framført firstemmig av eit songkor han var leiar for:

"Vær velkommen kjære!"
Velmødt hver især
Ifra fjord og fjære
til vort stemne her!
I skjøn harmoni,
høitidsfuld i hu
med os stemmer i
al naturen nu!"

Avdukinga

Etter at Lødemel hadde gjort greie for arbeidet med å reisa steinen, heldt sokneprest Nybø avdukingstalen. I fylgje Jacob Aaland heldt soknepresten "ei framifraa klaar og skynsam utgreiing om Olav og verket hans." Han slutta med å trekkja duken frå steinen og bad stemnelyden ropa tre gonger tre hurra for for Olav Trygvason og verket hans..

Foredrag og meir

Etter avdukinga heldt Jacob Aaland "eit lenger fyredrag" om Selje sin plass i historia og heilagdomane på øya Selja. Etter Aaland heldt ordførar Kristian Sunde i Nord-Vågsøy tale for sjømenn og fiskarar, før lærar Fagerlid avslutta med tale over salmeorda "Min sjæl lov Herren".

Imponert over songen

Jacob Aaland fortel at det vart sunge mellom talane, både av songkoret og unisont. Songen må ha gjort inntrykk på Aaland. Høyr berre: "Sangen tok seg sers godt ut fraa den høge haugen. Det var ein klang og makt i tonane som var kløkkjande. Det var reint hugnaleg aa høyra, kor hugheilt og varmt sjølv dei gamle Stadværingane gjekk opp i songen."

 

kjelder:

Fjordenes Blad. 02.08.1919.
Fjordenes Tidende. 24.97.1919.