Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 13. januar 2002

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Minnestein over Matias og Marie Orheim



Den blinde sjåaren brukte Arne Grimstad som tittel på minneskriftet om Matias Orheim som kom ut i 1964. Orheim vart blind i ung alder, men gav likevel ikkje opp livskallet sitt: Å forkynna Guds ord for land og folk, som talar, forfattar, komponist og musikkutøvar. Orheim og kona Marie døydde med få timars mellomrom i 1958. Fire år seinare reiste kristenfolket ein minnestein på grava deira.

Minnesteinen på grava til Marie og Matias Orheim, reist i 1962. Han er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen. Det var det siste arbeidet hennar før ho døydde i 1961.

Minnesteinen på grava til Marie og Matias Orheim, reist i 1962. Han er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen. Det var det siste arbeidet hennar før ho døydde i 1961.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2017

Fotograf: Hermund Kleppa

Orheimsteinen

Minnesteinen på grava til Matias og Maria Orheim, ofte kalla Orheimsteinen, står på kyrkjegarden på sørsida av kyrkja på Stårheim. Minnesmerket er laga av bilethoggaren Anne Grimdalen (1899-1961). På framsida er der eit dobbeltrelieff, namn, datoar/årstal og innskrifta: "Det venaste syn som eg fer sjå, er unge på kne for Gud." Orda er frå den mykje brukte songen hans "Kor mykje stort, kor mykje gildt.."

Avdukinga

Orheimsteinen vart avduka under ei stor stemna helga 2. - 3. juni 1962. Høgtida tok til med gudsteneste og det var like mange som stod utanfor kyrkja som kom inn. Men alle kunne følgja med gjennom høgtalaranlegg.

Den nyleg avgådde biskop Ragnvald Indrebø heldt avdukingstalen. Han fortalde frå livssoga til denne merkelege mannen som fann sin Gud i ung alder og vart ein Kristi tenar heile resten av livet.

Biskopen hylla òg kona hans, Marie Orheim. Ho var hans trugne følgjar i over 50 år og hjelpte han når han var ute eller styrde heimen når han var borte. Biskop Indrebø takka Gud for det desse to har gjeve oss og let så duken (flagget) falla.

Lærar Leite, formann i minnestein-nemnda, fortalde om arbeidet, og takka alle som hadde sendt tilskot, folk frå heile Nordfjord og alle andre stader. Deretter overleverte han minnesteinen til Stårheim kristelege ungdomslag. Dottera Klara Myklebust takka på vegner av familien, og vona minnesteinen ville minna folk om å finna vegen til Gud.

Matias og Maria Orheim

Matias Orheim, fødd på Stårheim 26.07.1884, var son til bonde og smed Kristian Orheim og Karen, fødd Øygarden, frå Moldestranda på Sunnmøre. Kona hans, Marie, fødd 13.09.1881, var frå Dombestein i dåverande Davik kommune. Dei gifte seg 27.07.1905 og fekk åtte born. Orheim fekk ein augesjukdom i 20-års alderen og vart heilt blind då han var 32.

Orheim vart omvend (frelst) etter ei særleg oppleving på same måten som Hans Nielsen Hauge. Som 17-åring var han 2. pinsedag 1905 på eit møte på Stårheim og då ord frå talaren råka han på ein slik måte at det frå den dagen vart ein total snunad på livet hans.

Matias Orheim reiste som forkynnar (emissær) i heile landet og heldt over 35 000 møte! Han vitja kvart einaste prestegjeld med unnatak av nokre få i Finnmark. Orheim var svært produktiv både som forfattar og komponist. Han skreiv og gav ut 14 bøker og fleire hundre songar. I 1948 kom 3. opplag av tonesamlinga hans, Ungdomskvad, i alt 178 melodiar, harmoniserte av Arild Sandvold.

Kona Marie var den "støttande handa" hans i alle år, på reiser, men fyrst og fremst i heimen. Dei hadde bede til Gud om å få slutta av i lag, og det merkelege skjedde at dei begge døydde i heimen på Stårheim 20./21. april 1958 med få timars mellomrom. Dei vart gravlagde 26. april.

Orheim-museum

Sonedotter Åshild Orheim Haga bygde på slutten av 1900-talet opp eit heilt Matias Orheim-museum på heimegarden på Stårheim. Museet har mange av "bruksgjenstandane" til Orheim: reiseveska, instrument (feler og glas), biblar, skrivemaskiner o.a. Samlinga omfattar og ei stor brevsamling, fylkesvise oversyn over reisemål og reiseruter, notesamlingar og mykje anna nedskrive materiale. Det samla Matias Orheim-materialet har stor verdi som kjelde til kunnskap om mannen Orheim og livsverket hans, og om kristeleg verksemd i vid tyding.

Minnestein på Hans Nielsen Hauge si grav

Matias Orheim tok i 1913 eller 1914 til orde for å reisa ein bautastein på grava til den største lekpredikanten i Noreg nokon gong, Hans Nielsen Hauge (1771-1824). Sogns Tidend stødde framlegget. Knapt nokon hadde lyfta folket opp kristeleg og nasjonalt slik som Hauge, meinte bladet. Styret i Vestlandske Indremisjonsforbund tykte derimot at det ikkje var trong for nokon bautastein. Malm-monumentet som dei gamle Hauge-venene hadde sett opp på grava hans måtte få stå "so lenge det ikkje datt sunder av seg sjølv."

kjelder:

Grimstad, Arne: Den blinde sjåaren. Stavanger 1984.
Sogns Tidend. 19.05.1914.
Firda. 15.05. og 08.06.1962.