Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 03. november 2006

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Hanen på Hanahaug



Hanahaug er det lokale namnet på området ved båtstoppestaden i Leikanger kommune. Tidleg på 1900-talet var her dampskipsekspedisjon, post, rikstelefonstasjon, tingstove, handel, meieri, sardinfabrikk og hotell. Mykje av dette er borte, men noko har kome til, mellom anna ein hane på sokkel.

Hanen på Hanahaug. Avduka 1980. Kunstnar: Skule Waksvik.

Hanen på Hanahaug. Avduka 1980. Kunstnar: Skule Waksvik.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: Datering:2006.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Midt på grønt felt
Skulpturen står på ei grøn trafikkøy midt på plassen oppom kaien på Hanahaug, eller Leikanger, som det står i Fylkesbaatane sine ruter. Utanom skulpturen står det ei flaggstong der, og ein benk. Biltrafikken på Hanahaug er svært liten så folk kan trygt ta turen bort og sjå nærare på kunstverket. Det er ein kraftfull hane - i gange utover. Ved foten er festa ein etikett med innskrifta: Gåve frå Leikanger Sparebank 1980

.

På plass i 1980
Hanen vart avduka søndag 8. juni 1980. Avisa Sogn og Fjordane skreiv om hendinga dagen etter:

"Det var 17. mai-stemning på Hanahaug i går ettermiddag, då skulpturen av hanen vart avduka. Overraskande mykje folk hadde funne vegen, og feiande tonar frå Leikanger skulemusikk gjorde sitt til å skapa høgtid og fest.

Og born som bur på Hanahaug fekk den store æra å avduka hanen. Det var Heidi og Morten Svedal, Eva Eggum, Jon Husabø og Terje Husabø. Etter avdukinga vart dei utnemnde til æresmedlemer av Haneringen, ei velforeining for Hanahaug.

Formannen i Haneringen, Kitty Thomassen, takka Leikanger Sparebank for at dei gav skulpturen til Haneringen. Ordførar Ola. A. Vesterheim prisa Haneringen for det arbeidet dei har gjort, og gav dei ein sjekk til arbeidet deira."

Haneringen
Hanahaug Vel vart skipa 18. april 1980. Føremålet var å samla alle med tilknytning til Hanahaug til aktivt å vera med for å få eit "velordna og miljøvenleg sentrumsområde." Både einskildpersonar og verksemder kunne verta medlemmer. På skipingsmøtet vart elles vedteke at namnet på vel-foreininga skulle vera Haneringen. Dessutan vart det vedteke å kjøpa inn ein haneskulptur i bronse laga av bilethoggaren Skule Waksvik.

Sparebanken tok kostnaden
Skulpturen kosta 10 000 kroner. Haneringen la opp til å greia kostnaden ved gåver og utlodningar. Loddsalet på skipingsmøtet gav 744 kroner i kassa. Finansieringa kom til å ordna seg lettare enn nokon hadde tenkt seg. Forstandarane i Leikanger Sparebank var rauste då dei handsama søknaden frå Haneringen om støtte. Banken tok like godt heile kostnaden mot å få inngravert namnet til gjevaren på foten av skulpturen: GÅVE FRÅ LEIKANGER SPAREBANK 1980

Fyrste skulpturen i Leikanger
I fylgje avisa Sogn og Fjordane var Haneskulpturen i 1980 den einast skulpturen i Leikanger. Seinare har det vorte fleire. I 2006 har Leikanger fylgjande skulpturkunstverk:
Ved Leikanger barneskule - jente og gut, bronse.
Ved Statens hus attmed Tinghuset - røyr frå mur, metall og stein
Ved Statens Vegvesen, Hermansverk - figur, metall
Ved Fylkeshuset, Hermansverk - blokker, stein.
Ved Statens Hus på Hermansverk - figur, metall.

Skule Waksvik
Skule Waksvik, fødd i Strinda (nå Trondheim) 22. desember 1927, har laga minnesmerke, kvinneakter, portrett og framstillingar av dyr. Ingen bilethoggar har laga fleire dyr enn Waksvik, og ingen så mange ulike dyr. Utanom Hanen på Hanahaug er Hjorten i Sogndal og Fjordhesten på Eid døme på kunstverk av Waksvik i Sogn og Fjordane.

kjelder:

Sogn og Fjordane 23.04, 09.06.1980.
S/SA 22.04.1980.
Norsk biografisk leksikon. Bind 9, 2005.
Informasjon frå:
Jan-Erik Lie, Leikanger.
Møtebok for Haneringen, 1980 -