Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 23. august 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Sivle-minnesmerke utanom Sogn og Fjordane



Det er reist minst seks minnesmerke over Per Sivle. Eitt står på fødestaden i Flåm, Aurland; dei fem andre på Stalheim, på Voss (2), på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen, og på Nordhue ved Elverum. Det er skrive eigen artikkel om Sivle-steinen i Flåm. Denne artikkelen handlar om dei fem utanom Sogn og Fjordane.

Bygningen "Borgen" på fjellet Nordhue oppført av Helge Væringsaasen. I 1908 reiste Væringsaasen ein Sivle-stein her oppe. På framsida står fleire strofer frå diktet <i>Varde</i>, og på baksida: "Austlendingar samla her til Sivle-stemna sette Per Sivle dette minnet 26de juli 1908." År 1998 var skrifta uleseleg.

Bygningen "Borgen" på fjellet Nordhue oppført av Helge Væringsaasen. I 1908 reiste Væringsaasen ein Sivle-stein her oppe. På framsida står fleire strofer frå diktet Varde, og på baksida: "Austlendingar samla her til Sivle-stemna sette Per Sivle dette minnet 26de juli 1908." År 1998 var skrifta uleseleg.

Eigar: I Alfarheim "Elverum mot by".

Datering: Ukjend.

Fotograf: Ukjend.

Per Sivle

Per Sivle (1857-1904) var son til hestehandlar og bonde Eirik Hansson Sivle, Oppheim sokn i Voss prestegjeld, og Susanna Andersdotter Ryum, Flåm sokn i Aurland prestegjeld. Mora døydde då Sivle var tre år gammal, og han voks opp hjå skyldfolk på garden Brekke, nabogarden til Sivle, ikkje langt frå Stalheim.

Vintrane 1872-1874 gjekk han på folkehøgskulen til Jakob Sverdrup i Sogndal, og i 1876 drog han til hovudstaden for å ta studenteksamen, men vart etter ei tid så hardt råka av sjukdom at han måtte gje opp studieplanane sine. I staden vart Sivle sjølvlært diktar og bladmann.

(Fleire personopplysningar i artikkel KAL/SFF-313.1421)

Nordhue ved Elverum

Nordhue er eit fjell på 767 m o.h. i Østerdalen kring 2 mil NV for Elverum. Her bygde Helge Væringsaasen (1836-1917, skogeigar, bonde og mesen) ei fjellstove kring 1890. Stova vart etter kvart nytta som rekreasjonsstad for familien hans og dei mange venene og gjestene deira, I 1919 testamenterte arvingane stova, eller Borga på Nordhue, til speidarklubben Mjølner som framleis eig staden.

Her oppe på Nordhue reiste Væringsaasen i 1908 ein minnestein om Per Sivle. Sivle var fleire gonger gjest hjå Helge Væringsaasen på eigedommen hans Korsbakken. Han var og med opp på Nordhue. Ein gong sat han ved den gamle varden der, som er borte for lenge sidan, og naut den storfelde utsikten. Han skal då ha fått inspirasjon til diktet "Varde" som handlar om å stå vakt om fedrelandet og kjempa for fridommen når det krevst.

Det var Anders Hovden, ein god ven til Sivle, som sette Væringsaasen på tanken om å reisa ein stein til minne om Sivle sine besøk på Nordhue og diktet "Varde". Steinen vart avduka søndag 26. juli 1908 i samband med ei stor stemna Austmannalaget skipa til. Meir enn 1500 menneske var til stades. Diktaren Sven Moren heldt hovudtalen, professor Marius Hægstad tala om norsk målreising og Matias Skard om Heilag-Olav.

Stalheim

Sivlesteinen på Stalheim vart reist i 1909 med støtte frå Noregs Ungdomslag, Vestmannalaget, Vossestrand herad og ungdomslaga på Vossestrand. Bokhandlar Anders Ullestad (1868-1951) var leiar for minnesmerke-nemnda. Avdukingshøgtida vart halden 20. juni då det var skipa til ei stor stemna. Her og var det Anders Hovden som heldt avdukingstalen.

Sivlesteinen på Stalheim ragar mellom sju og åtte meter over bakken. Dei fann emnet på garden Øvre Skjervheim i Myrkdalen som ligg fleire mil unna. Kjel Skjervheim sytte for den den svært krevjande transporten, eit arbeid det gjekk gjetord om lenge. Han køyrde isen over Myrkdalsvatnet, og gjekk då med kniv i neven klar til å skjera av ei reim i hesteselen i tilfelle isen skulle bresta, for at hesten skulle ha ein sjanse til å berga livet. Steffen Haug var leiar for arbeidet med å få steinen sett opp.

Voss

På Voss står ei byste av Per Sivle på plenen framom tinghuset. Ei nemnd leia av bokhandlar og initiativtakar Einar Ullestad (son til Anders Ullestad) stod for arbeidet. Minnesmerket vart avduka 16. juni 1957 på hundreårsdagen for Sivle sin fødsel. Professor Olav Midttun heldt avdukingstalen.

Ein annan Sivle-skulptur, reist av Voss Veksel- og Landmandsbank og avduka 1. juli 1984, står på torget på Vossevangen. Skulpturen er laga av bilethoggaren Lars Fletre etter utkast han laga til Sivle-minnesmerke på 1950-talet.

Tanken om eit Sivle-minnesmerke på Voss var ikkje ny på 1950-talet. Skodespelaren Lars Tvinde (1886-1973) tok alt i 1943 til orde for at det burde reisast ein "Sivlestein" på Voss. Steinen skulle stå på Holbergplassen, meinte han, attmed ein "bauta" han tenkte seg av ein annan stor diktar, nemleg Ludvig Holberg. Holberg budde på Voss eit heilt år, og Tvinde var heilt viss på at inntrykk han fekk frå folkelivet på Voss seinare kom til uttrykk i personar i spelstykka hans.

Drammen

Minnesteinen på grava til Per Sivle på Strømsgodset kyrkjegard i Drammen er kring 6 meter høg og 0,7 m brei nede. Det er inngravert namnet PER SIVLE, fødsels- og dødsår, 1857-1904, og Sivle-orda: Eg har ei Visa eg * og det er Noreg.

Drammens frisinnede Ungdomsforening starta innsamlinga til minnesteinen hausten 1908, og steinen kan tidlegast ha vorte reist i 1909. Kvar 17. mai er det markering, med kransnedlegging, tale, diktlesing og song på programmet.

Matias Askevold skreiv diktet Per Sivle. Siste verset lyder slik:

Ja no er røyst ein bautastein
Som segja so, at her ligg ein
Av Noregs store søner.
Han song for liten, song for stor
Og aldri døyr Per Sivles ord.
Men Noreg seint det løner.

kjelder:

Årbok for Elverum. Nr. 12. 1997/1998.
Norsk Allkunnebok. Band 10. Fonna Forlag. Oslo 1964.
Minnesmerke, skulpturar og relieff i Voss kommune. Voss 2000.
Opplysningar frå Målfrid Steinde Almquist, Drammen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR