Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 20. mars 2001

Sist oppdatert 05. juli 2021

Kategori

Rå-data

Minnesmerke ved Breim kyrkje over falne i krigen 1940-1945



Fire menn frå den tidlegare kommunen Breim i Nordfjord sette livet til under krigen 1940-1945. I 1942 vart det reist ein minnestein over to av dei ved Breim kyrkje på Re, i 1948 over dei to andre.

Minnesteinane over dei falne frå Breim står på Re, like innafor kyrkjegardsporten. Dei er begge av same bergart, tekne frå ei svær flytteblokk på garden Hole.

Minnesteinane over dei falne frå Breim står på Re, like innafor kyrkjegardsporten. Dei er begge av same bergart, tekne frå ei svær flytteblokk på garden Hole.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Minneskriftet Våre falne

I 1945 vedtok regjeringa etter framlegg frå presidentskapet i Stortinget å gje ut eit minneskrift om dei som fall eller omkom på grunn av krigen. Minneskriftet skulle innehalda korte biografiar med bilete og dessutan oversynsartiklar om den norske krigsinnsatsen på viktige område. Fire-bindsverket kom ut i åra 1948-1951. Rektor ved Universitetet i Oslo, dr. Otto Lous Mohr, medlem i redaksjonskomiteen, skreiv m.a. i føreordet:

"Vi bøyer oss i sorg og takker vår falne landsmenn for deres offer. Vi tenker i medfølelse på deres pårørende - hver av dem var uerstattelige for sine egne. Og vi lover så langt det står til oss, hver etter evne å handle i deres ånd: Et fritt Norge for våre barn, et land bygd med lov. En ny og bedre verden hvar rett og godvilje trer i maktens sted. Det er de mål de gikk i døden for. Ikke med ord, bare ved samlet, sluttet handling langs disse retningslinjer hedrer vi deres minne på en måte som er deres forpliktende innsats verdig."

Om dei fire frå Breim står det:

Odd Støyva

Portrettbilete av Odd Støyva.

STØYVA, ODD, bygningssnikkar, Oslo. Fødd 16. oktober 1910 i Gloppen, s. til Ole Apsalonson Støyva, f. 1866, og Mari Olsdotter f. Skreppa, f. 1872. Snikkarskule, Statens Håndverks- og Kunstindustriskole. Var med i krigen i Noreg, og fall i Gausdal 21. april 1940. Gravlagd i Breim.

Aksel Midtkandal

Portrettbilete av Aksel Midtkandal.

MIDTKANDAL, AKSEL, fenrik, Breim. Fødd 31. august 1910 i Gloppen, s. til Ole Torsen Midtkandal, f. 1878 i Gloppen, d. 1936, og Johanne Akseldotter f. Førde, f. 1879. Befalsskule, mellomskule. Gjorde teneste under krigen i Noreg 1940 i I.R.10, der han var troppssjef. Han vart såra under stridane i Åbergsbygda i Valdres 29. april, og døydde 2. mai 1940. Gravlagd i Breim.

Erling Kandal

Portrettbilete av Erling Kandal.

KANDAL, ERLING, styrmann, Breim. Fødd 3. desember 1915 i Breim, s. til Rasmus Kandal, f. 1881, f. 1881, og Rakel f. Raad, f. 1874. Skuleskipskurs, styrmanns- og skipperskule. Var ei tid på Fylkesbaatane og seinare i utanriksfart. Vart 1940 styrmann på D/S "Samlanes". Miste livet då skipet vart minesprengt 13. mars 1941.

Olav Frøystad

Portrettbilete av Olav Frøystad.

FRØYSTAD, OLAV , kvm. i Flyvåpenet, Breim. Fødd 7. juni 1915 i Breim, s. til Ingebrigt Frøystad, f. 1869, d. 1922, og Kari f. Hetle, f. 1869, d. 1932. Var student og gjekk på Volda lærarskule då han drog til England 1941. Gjekk inn i Flyvåpenet og vart utdanna luftskyttar. Utnemnd til kvartærmeister. Miste livet under rekognoseringsflyging ved den skotske kysten våren 1944.

Minnehøgtid 1. mai 1941

Odd Støyva og Aksel Midtkandal fall i kampane mot dei tyske invasjonstyrkane austpå i aprildagane 1940. Dei vart begge gravlagde på kyrkjegardar der dei fall og seinare flytta til Breim kyrkjegard. Aksel Midkandal vart gravlagd torsdag 1. mai 1941 ved sida av Aksel Støyva som var gravlagd før. Gravferda var samstundes ei minnehøgtid for begge. Ei stor folkemengd var til stades for å syna dei falne soldatane den siste æra, og det vart lagt ned mange kransar.

Bilete av båra til Aksel Midtkandal som blir sett ned i grava.

Det var søkt om særskilt løyve frå Kyrkjedepartementet om å få halda minnehøgtida. Avisa "Firda Tidende", som på denne tida var nazi-kontrollert, hadde etterpå ei kort notis om hendinga.

Minnestein 11. oktober 1942

Det var ungdomslaga i Breim som gjekk saman om å reisa ein minnestein over Odd Støyva og Aksel Midtkandal, og det vart etter alt å døma skipa ei nemnd til å stå føre arbeidet.

Bilete av minnestein for Odd Støyva og Aksel Midtkandal.

Dei måtte søkja om løyve frå Kyrkjedepartementet om å halda minnehøgtid 1. mai 1941. Å reisa minnesteinar over falne norske soldatar, var heller ikkje noko folk kunne gå i gang med utan løyve. I februar 1942 kom ei lov om reising av minnesmerke, og med denne sikra nazi-styresmaktene seg kontroll med kven det vart reist minnesmerke over, kva det skulle stå skrive, og korleis avdukingshøgtida skulle gå føre seg.

Det er rimeleg å tru at minnesteinnemnda søkte om løyve til å reisa minnesteinen, og at dei fekk søknaden innvilga. Derimot er det vanskeleg å tenkja seg at det kan ha kome løyve frå Quisling-ministeriet til å setja innskrifta ALT FOR NOREG på steinen, som vart avduka om hausten, den 11. oktober 1942.

Lokalavisa hadde ved dette høvet ikkje eit einaste ord om hendinga. Hovudsaka 13. oktober, to dagar etterpå, er unntakstilstanden i Trondheim der fleire motstandsfolk vart dømde til døden ved standrett og dommane eksekverte straks etter.

Minnestein 5. juni 1948

Olav Frøystad og Erling Kandal sette livet til ute, Frøystad som flygar i 1944 og Kandal som sjømann i 1941. Ingen av dei vart funne. Søndag 5. juni 1948 vart det avduka ein minnestein over dei på Breim kyrkjegard, ein stein lik den fyrste. Dei står no på kvar si side av vegen inn til kyrkja, nett innom kyrkjegardsmuren.

Bilete av minnesteinen til Olav Frøystad og Erling Kandal.

Av ein notis i "Firda Tidend" går det fram at "minnenemnda i Breim" reiste steinen, og at ordføraren, residerande kapellan Bakke heldt avdukingstalen.

Minnebilete i lagshuset til Nesstranda Ungdomslag

1. mai 1948 heldt Nesstranda Ungdomslag minnehøgtid for fyrstestyrmann Erling Kandal. Laget hadde kosta eit vakkert bilete som no skulle avdukast og hengjast opp i ungdomshuset ved sida av eit bilete av Aksel Mitdkandal. Bileta heng framleis i ungdomshuset.

Bilete av Nesstranda ungdomslag sitt ungdomshus.

kjelder:

Våre falne. 4 bind. Oslo 1948-1951.
Avisa Firda Tidend. 03.05.1941, 13.10.1942, 08.06.1948. Sandane.
Avisa Firda. 11.05.1948. Førde.
Almenning, Styrkår: To artiklar om minnesteinane. I Fleire glimt frå Breim i farne år. Sandane 2001.
Bragstad, Jakob: Fjordane Infanteriregiment nr 10. I gamal og ny tid. s. 215. 1996.
Firda Ungdomslag gjennom 50 år. Festskrift. 1896-1946. s. 199 og 221. Stryn 1947.

PERMANENT IDENTIFIKATOR