Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 19. april 2001

Sist oppdatert 06. juli 2021

Kategori

Rå-data

Minnesmerke over Gulbrand Lunde



Gulbrand Lunde var ein av dei mest sentrale mennene i Nasjonal Samling si politiske verksemd. Han omkom i ei drukningsulukke på Nordmøre hausten 1942 og vart gravlagd i Vik i Sogn. I august 1943 vart det reist minnestein over han og kona ved ulukkestaden. Bautasteinen vart smadra av heimevernstyrkar i 1945.

Frå avdukingshøgtida ved ferjestaden Våge søndag, 15. august 1943. Bautasteinen er sveipt i det norske flagget og omkransa av flagg og banner. Heimestyrkar øydela minnesmerket i juni 1945.

Frå avdukingshøgtida ved ferjestaden Våge søndag, 15. august 1943. Bautasteinen er sveipt i det norske flagget og omkransa av flagg og banner. Heimestyrkar øydela minnesmerket i juni 1945.

Eigar: Jan Olav Flatmark.

Datering: 15.08.1943.

Fotograf: Ukjend.

Om Gulbrand Lunde i Norsk Alkunnebok

LUNDE, GULBRAND OSCAR JOHAN (1901-1942), norsk kjemikar og politikar, fødd i Fana. Studerte i Zürich 1920-1921 og i Freiburg 1921-1925, tok tysk doktorgrad 1925 på avhandlinga Studien in der Gallensaurereihe, universitetsstipendiat i kjemi i Oslo 1927-1929, direktør for Hermetikkindustriens Laboratorium i Stavanger 1929-1940. Lunde gjekk sterkt inn for NS, vart medlem i Quislings regjering 9. - 15. april 1940, og kommisarisk statsråd i Kulturdepartementet frå 25. september 1940. Miste livet i ei drukningsulukke utanfor Åndalsnes. Skreiv Kampen for Norge, 3 bind, 1941-1943.

Portrettbilete av Gulbrand Oscar Johan Lunde.

Ulukke eller sabotasje?

Gulbrand Lunde og kona Marie var på veg frå Ålesund til Åndalsnes då ulukka hende. Dei skulle ta ei ekstraferje om kvelden frå Våge til Nordvik. Ferja låg og venta med avslegen motor. Då bilen kom fram, stogga sjåføren eit lite stykke inne på ferjelemmen og gjekk ombord i ferja for å gje beskjed om at dei var komne. Av ein eller annan grunn slo propellen seg forover, med det resultatet at fortøyningane slitna og ferjelemmen datt ned. Bilen rulla nedover lemmen og vart ståande delvis under vatn. Fylkesførar Astrup greidde å berga seg ut, medan ekteparet Lunde omkom.
Etterpå vart alle ombord på ferja og folka som budde på ferjestaden avhøyrde. Konklusjonen var at det var eit ulukkeshende og ingen sabotasjeaksjon.

Gravlagde i Vik

Etter ei minnehøgtid i Trefoldighetskirken i Oslo laurdagen etter ulukka, vart urnene til dei omkomne førde til Vik for å setjast ned på familegravstaden ved Hopperstad kyrkje. Oberstløytnant Oscar Lunde (1847-1926) som tenestgjorde på ekserserstaden Viksmoen, og foreldra til Lunde ligg gravlagde her. Namna Gulbrand Lunde og Maria Lunde står på ei metallplate nedst på ein fellesgravstein.

Bilete av urnene på veg til den siste kvilestaden på familiegravstaden.

Bilete av gravsteinen på gravstaden til familien Lunde.

Bautastein i Romsdal

Ei tid etter ulukka vart det bestemt at det skulle reisast bautastein over Gulbrand Lunde og kona Marie ved ulukkestaden. Steinen vart henta i Ålvundfjord og bilethoggar Daniel Hagerup stod for den kunstnarlege utforminga. Steinen vart avduka 15. august 1943 og det var minister Fuglesang som heldt avdukingstalen. Han hadde også æra av å la det norske flagget falle. Diktaren Kåre Bjørgen las ein alvorsfylt og manande prolog.

Bilete av minnesteinen over Gulbrand i Romsdal.

Bautasteinen smadra i juni 1945

Bautasteinen på Våge fekk kort levetid. Ein heimevernstyrke frå Sunnmøre øydela minnesmerket i juni 1945 på veg heim frå eit defileringsoppdrag i Oslo. Dei sende ein pansergranat i bautaen, velta minnesmerket og knuste restane. Eit solkorsskjold i kopar kom seinare til Ålesund Museum. Det ber preg av minnestein-raseringa.
Romsdalingane mislika sunnmøringane sin aksjon. Dei hadde sjølv tankar om å sprengja Lunde-bautaen på jonsokkvelden.

kjelder:

Pridlao. Nr. 2, Vik 1995.
Marie og Gulbrand Lunde. Et liv i kamp for Norge. Oslo 1942.
Norsk Allkunnebok. Oslo 1957.
Avisa Fritt Folk. Oslo 1943.

PERMANENT IDENTIFIKATOR