Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 14. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over Christen Jenssøn



Kring 1950 kom det for dagen ein stor hellestein med gamal innskrift på kyrkjegarden ved Askvoll kyrkje. Dei innhogde bokstavane CIS passa med Christen Jenssøn, prest i Askvoll 1636-1653, og forfattar av den fyrste ordboka med ord frå norsk talemål. No står steinen ved kyrkja som minnestein over Christen Jenssøn og ordboka hans.

Den vel to meter lange hella med bokstavane CISA på den eine sida vart oppdaga kring 1950. Sidan bokstavane høver med namnet Christen Jenssøn (Askevold), meinte folk i sogelaget og den dåverande sokneprest at steinen knyter seg til denne mannen. Dei sette til bokstaven A (Askeveold) og årstalet 1653, året Jenssøn døydde, og reiste steinen utafor inngangen til kyrkja på Askvoll.

Den vel to meter lange hella med bokstavane CISA på den eine sida vart oppdaga kring 1950. Sidan bokstavane høver med namnet Christen Jenssøn (Askevold), meinte folk i sogelaget og den dåverande sokneprest at steinen knyter seg til denne mannen. Dei sette til bokstaven A (Askeveold) og årstalet 1653, året Jenssøn døydde, og reiste steinen utafor inngangen til kyrkja på Askvoll.

Eigar: I Askvoll Bygdebok.

Datering: Ca. 1960.

Fotograf: Ukjend.

Christen Jenssøn-steinen

Den gamle hellesteinen med eldgamle skriftteikn kom for ein dag då dei heldt på med eit større vølingsarbeid. På eine sida kunne ein lesa CIS, på andre sida, med atterhald, GBDK ANNO 1735. Bokstavane CIS vekte størst interesse. Dei høvde med namnet på den kjende ordbokforfattaren, presten Christen Ienssøn!
Folk i sogelaget og soknepresten vart så overtydde om at hella ein gong var sett på Christen Jenssøn si grav, at dei for det fyrste laga ei tilleggsinnskrift, nemleg bokstaven A (for Askevold) og årstalet 1653, og for det andre reiste steinen i vertikal stilling på sørsida av vegen inn til kyrkja.

Bilete av minnesteinen.

All si tid i Askvoll

Christen Jenssøn (ca. 1610-1653), prest og ordbokforfattar, vart fødd i Askvoll. Han studerte ved universitetet i København, var personel kapellan hjå faren, sokneprest Jens Mauritson i Askvoll og vart etter far sin sokneprest i same embetet. Jonsokdagen 1653 drukna han saman med rorskarane sine på heimveg frå ei av annekskyrkjene, Vilnes eller Hyllestad.

Fyrste ordbok med ord frå norsk talemål

I 1646 gav Christen Jenssøn ut ordboka "Den Norske Dictionarium eller Glosebog", den fyrste ordboka med ord frå norsk talemål. Ho inneheld vel 900 oppslagsord med forklaringar på dansk, ei teikning av primstaven med oversyn over merkedagane, og elles mange kulturhistoriske og språklege opplysningar.

Bilete av tittelbladet på "Den Norske Dictionarium Eller Glosebog."

"-- Norbagger til tieneste -"

I føreordet seier forfattaren noko om kvifor han har laga og utgjeve boka:
"Oc paa det voris gode og gamle Norske Sprog --- diss klarligere kunde komme for Dagen oc for de andre adskillis --- da haffuer jeg for den Aarsag skyld vildet dette mitt Arbeyde alle forbemelte gode Norbagger til tienste paa Trycken lade udgaa".

Utgåver

Den originale ordboka som kom ut i 1646, fekk seinare mykje å seia for målgransking og målgranskarar. Ho kan ikkje ha vore prenta i noko stort opplag. Alt kring 1750 var ho sjeldsynt. I 1915 ga Den norske historiske kildeskriftkommission boka ut på nytt med innleiing og merknader av målgranskaren, professor Torleiv Hannaas. Ei ny utgåve kom i 1946. I 1996, 350 år etter originalutgåva, gav Askvoll kommune ut ei utgåve av lærar Ragnar Bull etter granskingsarbeid han føretok i 1995. Bull si bok er på 48 sider og framsida er pryda med faksimile av Ivar Aasen sitt originaleksemplar, "prentet i Kiøbenhaffn Aar 1646".

Døme på oppslagsord i Ragnar Bull-utgåva

Målgranskaren Thorleiv Hannaas undersøkte før 1915-utgåva si om orda i originalutgåva 1646 fanst då. Han skriv: "Dei alra fleste ordi er i fullt bruk enno; men eit og anna kann vera avlagt eller umbytt med andre." Ragnar Bull såg på det same i 1995, og har i utgåva si med den originale ordforklaringa, kva Hannaas fann i 1915 og kva han sjølv fann i 1995. Her er eit døme:
Jype kaldis de røde Bær, som voxer paa Hybentorne, naar Rosen er aff falden.
1913: ei jupe (Bulandet og andre stader).
1995: ei jupe, vanleg brukt (Askvoll, Atløy, Bulandet, Eimind, Holmedal, Melvær, Mork, Stongfjorden, Værlandet); "vi må sta å plukke jupe" (Eimind); "da va mykje jupe på klung'ren" (Mork).

Askvoll sitt kulturminne år 1997

I kulturminneåret 1997 kåra Askvoll kommune ordboka til Christen Jenssøn til kommunen sitt kulturminne. Det kom inn kring 40 framlegg og det var Hovudutvalet for kultur og næring som i møte 30. mai 1997 gjorde vedtak om at Christen Jenssøn-ordboka skulle vera Askvoll kommune sitt kulturminne.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Jenssøn, Christen: Den Norske Dictionarium Eller Glosebog. Ved Ragnar Bull. Askvoll 1996.
Loftheim, Abraham: Askvoll Bygdebok. Bind I. Førde 1963.
Lothe, Anders A.: Målreisingssoga i Sogn og Fjordane. Stryn 1950.
Norsk Allkunnebok. Oslo 1954.

PERMANENT IDENTIFIKATOR