Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein på Vangberg



På haugen ovanom det eldste våningshuset på Markusbruket i Stryn står det ein «bauta», ein prismeforma stein med innskrift. Steinen vart avduka sommaren 1948. Det knyter seg eit krigsminne til minnesteinen. Og Bernhard Vangberg har fortalt om korleis det bar til at bautasteinen vart reist.

<p>Minnesteinen p&aring; Markusbruket p&aring; Vangberg. </p>

Minnesteinen på Markusbruket på Vangberg.

Eigar: Fylkesatlas Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Livsminne av Bernhard Vangberg

Bernhard Vangberg, fødd 8. august 1908, død 9. juni 2002, var bonde på Vangberg. I 1994 gav han ut heftet Erindringer om gamal tid på Vangberg og i Olden. Eit kapittel handlar om farbroren, redaktør i Kongsberg Dagblad, Martinus Markusson Vanberg. Han fortel at Martinus Vanberg sat i krigsfangenskap på Grini i to år:

«Martins var ein akta og avhalden mann i Kongsberg. Derfor vart han av tyskarane teken som gissel. Han sat som fange på Grini i to år. Då sveiv tankane mykje om barndomsheimen. Han tok det løfte av seg sjølv, overlevde han krigen, ville han reisa heim til Vangberg og reise ein bauta til minne om sine fedre.»

Kortbiografi Martinus Vanberg

Redaktør Martinus Vanberg, fødd 14.09.1880, frå garden Vangberg i dåverande Innvik kommune, gav ut avisa Kongsberg Dagblad. Han var gift med Eva Vanberg (1892-1961, fødd Dithmer frå København. Dei hadde fem born. Martinus Vanberg døydde døydde 24. mars 1952 og vart gravlagd i Kongsberg.

Farbror Martins Markusson Vangberg

«Hans døypenamn var Martinus, men i dagleg tale sa alle Martins. Farbror Martins har festa seg i mitt minne for livstid. Det som eg mintest han mest for, er hans elsk til sin barndomsheim og si heimbygd. Kvar sumar kom han som trekkfuglen til Vangberg, om tida tillet det. Han hadde omtanke for si mor [Thorine Anthonsdotter, f. 1845] som hadde vore enke i mange år. Ho låg til sengs i mi tid. Blind, verkbroten og lam, ho kunne ikkje røre ein finger.»

Song til mora si gravferd

Martins dikta ein song til si mors begravelse. Songen er ikkje teken vare på, men eg har første verset i minne. Bestemor Torine døde påskemorgen 1925, 81 år gamal. Fyrste verset av songen lyder slik:

Det er fullbrakt din kamp er endt,
Og dødens engel himmelsendt har stanset ved ditt leie.
Der du har stridt i mange år,
med barnerett og barnekår.
Du evig nu er kronet, hvil du hos Gud.
Påskemorgen slukker sorgen for deg du kjære som gjekk korsets gang med Ære.

«kvass penn»

Farbror Martins var den første av syskina frå Markusbruket som busette seg på Austlandet. Martins var redaktør for avisa «Kongsberg Dagblad». Det var ikkje liketil å drive venstreavis i ein by. Avisa gjekk inn etter Martins sine dagar. Martins hadde ord for å føre ein kvass penn, eg hugsar ein diskusjon som gjekk i Fjordabladet ein gong i tida. Det var ungdomsskulestyrar Kåle i Gloppen som stod inne for den. Det gjalt moralen i folkegrupper. Martins kom med eit innlegg som slo ned på Kåle sine meiningar, og det stansa diskusjonen. Kyrkjesongar Kvamme sa til far: «Eg trudde Kåle var uangripeleg, men jau fekk han der kamb i håret.»

Martins skriv i eit stykke i Fjordabladet om sin bror (min far) [Ole Markusson, fødd 1869] som fekk god omtale. Det var uhøyrt i den tid å få interessant fortalt om ein vanleg bondemann. Det er leit at det stykket ikke vart teke vare på. Eg hugsar deira skulekamerat jordmor Marie Skarstein i Utvik, sende helsing og sa: «Eg vøre ikkje mykje skriveri om storfolk, men skrivet til Martins las eg med stor interesse.»

Ryggtak

Martins vart gift med ei millionærdotter frå Danmark som heitte Eva Dittmar [Dithmer]. Første gong ho såg Martins sa ho: «Den mannen skal bli min», og det vart han. Dei hadde fem born; Torlaug, Malm [Malvin ?], Elsa, Bent og Stig. Martins hadde eit eller to av borna med seg heim i feriane. Malm var den som kom oftast. På Vangberg fann han kameratar. Eg var vel den som var nærmast i alder. Malm ville gjerne vinne over meg i ryggtak. Han var eit år yngre enn eg, men likevel mykje større. Eg var liten etter alderen. Kvart år han kom vart det ryggtak, men tapte gjorde han.

Då vi var utvaksne, kom Malm ein sommar, kasta frå seg kuforten og sa: « I år skal eg slå deg Bernhard». Men den som måtte i bakken var Malm: «Å nei, sa far, «du lyt nok ete ei tønne graut til». Det vart siste nappetaket for oss to. Gutestreker var det, men vi var aldri uvenner.

Kom alltid til bryllaup

Martins kom alltid heim når det var brudlaup i slekta. Då deltok han med liv og lyst. Råka han kjenningar gjekk praten livleg. Martins hadde alltid godt humør. Best likte han seg når han kom saman med sine to brødre. Då kunne han kome med strofer etter bygdeoriginalar, som det var mange av i den tid. Då kom latteren fram. Det var fornøyeleg og lytte til den praten. Det kunne være mykje livsvisdom som fylgde ordtaka til bygdeoriginalane.

Martins kom også heim til mitt brudlaup som var under krigen. Reiseforbindelsane var brotne. Bensin til privatbilen var ikkje å få kjøpt, Tenk Martins sykla den lange vegen heim, i følgje med Olav og kona. Det var berre dei av den stor slekta mi på Austlandet som våga reise på den måten.

Sut for heimegarden

Martins følgde interessert med i heimegarden sitt ve og vel. Han sa ein gong: «Eg er so glad for at garden fortsatt er i gode hender.»

Krigsfangenskap og minnestein

Martins var ein akta og avhalden mann i Kongsberg. Derfor vart han av tyskarane teken som gissel. Han sat som fange på Grini i to år. Då sveiv tankane mykje om barndomsheimen. Han tok det løfte av seg sjølv, overlevde han krigen, ville han reisa heim til Vangberg og reise ein bauta til minne om sine fedre.

I 1948 kom han til Vangberg og avduka minnesteinen. Den har fått plass på øvste pynten på garden. Andreas hogg ut teksten. Øvst på steinen står bumerket til Markusbruket, so fylgjer teksten: På ættargrunn [-] til feders minne [-] du fortid skal [-] til framtid binde. Årstalet 1948 nedst på steinen. Det var gullbrudlaupsdagen til mor og far då steinen vart avduka, og storparten av slekta var samla.

Skreiv Nordfjord-song

Farbror Martins sin elsk til barndomsheimen, bygda og Nordfjord har han gjeve uttrykk for i sitt dikt «Nordfjord». Sommaren 1924 var han på tilbakereis etter opphald på Vangberg. På Videsæter stogga han og skreiv diktet. Det var på den tid at åkrane (som han nemner i diktet) stod grøne på alle gardar som han for framom. Diktet vitnar om lengsel. Samtidig som det er mektig, er de også audmjukt. Diktet er eg blitt glad i.»

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Vangberg, Bernhard: Erindringer om gamal tid på Vangberg og i Olden. 1996

Vangberg, Bernhard: Erindringer om gamal tid på Vangberg og i Olden. 1996

PERMANENT IDENTIFIKATOR