Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 09. januar 2007

Sist oppdatert 19. februar 2019

Kategori

Kommune

Markeringsstein for Tall Ships Races i Måløy



Den 15. mai 2005 vart det avduka ein markeringsstein for ei maritim storhending i Måløy sommaren 2008. Byen er endepunkt på første "leg" i gigantregattaen Tall Ships' Races. Om lag 100 seglskuter er med og så mange som 50 000 menneske er venta til Måløy kvar dag arrangementet varer. "Det er sjøens OL som kjem til Måløy", sa ordførar Roger B. Silden då nedteljingsuret på markeringssteinen vart sett i gong 9. september 2005.

Markeringssteinen for Tall Ships Races på torget i Måløy. Steinen vart avduka 14. mai 2005. Biletet er teke 9. september same året då ordførar Roger B. Silden avduka eit nedteljingsur, 1000 dagar før skutene kjem til Måløy (1. august 2008).

Markeringssteinen for Tall Ships Races på torget i Måløy. Steinen vart avduka 14. mai 2005. Biletet er teke 9. september same året då ordførar Roger B. Silden avduka eit nedteljingsur, 1000 dagar før skutene kjem til Måløy (1. august 2008).

Eigar: The Tall Ships Races 2008 Måløy.

Datering: 2005.

Fotograf: Ukjend.

Kvart år

Regattaen Tall Ships Races vert arrangert kvart år i ulike farvatn i Europa. Mellom 70 og 100 seglskip frå inntil 30 land er med. Regattaen er framfor alt ei ungdomsmønstring ved kravet om at minst halvparten av mannskapet på kvar skute må vera mellom 15 og 25 år.

"Tall Ships Races Monument i Måløy"

I sterk konkurranse med andre byar oppnådde Måløy status som Tall Ships Races-by i 2004 og vart tildelt endepunktet på første etappe frå Liverpool i regattaen 2008. (Andre og siste etappen går frå Bergen til Antwerpen). Skutene kjem til Måløy 1. august og vert liggjande til 4. august då dei held fram til Bergen der etappe nr. 2 startar. Hovudkomiteen markerte hendinga med å reisa ein stein - Tall Ships Races' Monument - sentralt i Måløy, på Måløy Torg ved ekspressbåt-terminalen og gjestebryggja. Steinen vart avduka 14. mai 2005.

Steinen er 2,10 m høg og ca 60 cm brei. På toppen tronar ein silhuett i rustfritt stål av "Statsraad Lemkuhl". Teksten er også laga av bokstavar i rustfritt stål:
TALL SHIPS * RACE * MÅLØY * 2008
Under teksten står eit nedteljingsur. Det vart høgtideleg avduka 9. september 2005, nøyaktig 1000 dagar før storhendinga sommaren 2008.

Steinen kjem frå eit anleggsarbeid på Almenningsfjellet på fastlandet, ikkje langt frå Måløy. Arrangørane tok kontakt med entreprenør Jimmy Nore for å høyra om der kunne vera ein stein som passa til føremålet. Kort tid etter melde Nore tilbake at han hadde steinen fiks ferdig frå ei av sprengings-salvene deira.

"Genistrek"

Helge Hjelle har vore, og er, primus motor for Tall Races¿ Ship-prosjektet. Han har heile tida hatt entusiastiske folk med seg. Pr. januar 2007 er 13 ulike komiteear i fullt arbeid med førebuinga. Budsjettet var pr mars 2004 på 9,8 millionar kroner, og komiteen søkte fylkeskommunen om å gå inn med 2,5 mill. Fylkesutvalet meinte det ville gje svært god marknadsføringseffekt og "vera ein genistrek for reiselivet i regionen". Sogn og Fjordane fylkeskommune har pr. 2006 støtta prosjektet med 1,5 millionar kroner.

Wiskyprodusenten Cutty Sark stroken som hovudsponsor

Tall Ships¿ Races gjekk i mange år under namnetCutty Sark Tall Ships¿ Races.Namnet høvde godt etter som Cutty Sark er namnet på ei stasdame av ei seglskute utstilt i Greenwich i London. Derimot høvde det mindre godt med ungdomsprofilen til regattaen at det var whisky-produsenten Cutty Sark sitt namn. Koplinga mellom whisky og ungdom passa ikkje i hop. Den nye hovudsponsoren vartAntwerp, byen, kommunen og hamna Antwerpen.

Starta i 1955

Det var den engelske juristen Bernhard Morgan som i 1955 kom opp med ideen om å organisera ein regatta av dei største seglskipa i verda. Tanken fekk raskt tilslutning, og alt året etter vart den første regattaen frå Torbay til Lisboa arrangert. Det var ein så stor suksess at det blei skipa ein organisasjon (Sail Training Association) til å halda fram. Føremålet skulle vera "To enable young people of all nations to race together at sea under sail".

I 1996 deltok 135 fartøy frå 19 ulike land. År 2000 gjekk regatten over Atlanterhavet i høve tusenårsskiftet.

kjelder:

Informasjon frå:
The Tall Ships Races Måløy
Fjordenes Tidende. 24.08, 12.09.2005.