Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Wittgenstein-minnesmerket i Skjolden



Filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) frå Austerrike bygde seg hytte på nordaustsida av Eidsvatnet i Skjolden og budde her periodevis i mange år frå 1914. I 1984 vart det reist eit minnesmerke ved riksvegen på sørvestsida av vatnet.

Wittgenstein-minnesmerket ved Eidsvatnet i Skjolden. Det står på ei utkøyrsle på riksvegen der det er godt utsyn over vatnet til staden der Wittgenstein si hytte stod.

Wittgenstein-minnesmerket ved Eidsvatnet i Skjolden. Det står på ei utkøyrsle på riksvegen der det er godt utsyn over vatnet til staden der Wittgenstein si hytte stod.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 1999.

Fotograf: Harald Wathne.

Biografi i Norsk Allkunnebok

Ludwig Josef Johann Wittgenstein (1889-1951), austerriksk/engelsk filosof, fødd i Wien. Studerte matematiske prinsippspørsmål med Bertrand Russell i Cambridge 1912-1913, busett i England frå 1929, professor i Cambridge 1939-1947. Wittgenstein var ein av dei fremste representantane for dei analytiske straumdraga i moderne filosofi som førte til logisk empirisme og logisk semantikk. Hovudverk: Tracatus logico-philosoficus (1922) og Philosofische Untersuchungen (1953).

Innramma skiferstein

Wittgenstein var òg tidvis i mange år "busett" i Norge og Skjolden. Han hadde frå 1914 hytte på ein bratt og avsides stad ved Eidsvatnet. Tenaren hans, Arve Bolstad, arva huset og båten hans. Han selde hytta straks etter og kjøparen flytta ho, men tufta og båtstøa er enno råd å sjå.

Minnesmerket står sørsida av vatnet. Det er ein stor skiferstein, ei takhelle frå ei gammal løe, innramma i tre. Gunnar Øygarden laga treramma, og Per L. Kvam måla innskrifta, som står på norsk, tysk og engelsk.

Avdukinga

Minnesmerket vart avduka i slutten av august 1984 med om lag hundre menneske til stades. Mellom dei var elevane ved Bolstad skule og fleire skjoldingar som hugsa Wittgenstein frå dei mange åra han var i bygda.

Professor Gunnar Skirbekk sa då han let duken falle:
Til minne om Ludwig Wittgenstein vil eg med dette avduka dette landemerket her ved allfarvegen, tett ved Eidsvatnet. Deretter las han opp innskrifta på steinen:

Den berømte austerrikske filosofen Ludwig Wittgenstein (1889-1951) hadde frå 1914 hytte i Skjolden. Tuftene etter hytta kan ein sjå på andre sida av Eidsvatnet. Der skreiv Wittgenstein på manuskripta logisk-filosofisk avhandling (Logisch-philosofische Abhandling) og til Filosofiske undersøkingar (Philosofische Undersuchungen).

Minne om østerrikeren i bygda

Wittgenstein var i lange periodar på hytta si i Skjolden, og naturleg nok var "østerrikeren" - som han vart kalla mellom bygdefolket - både tidt og ofte samtaleemne blant bygdefolk. På avdukinga oppmoda kultursekretær Erling Bjørnetun (primus motor i arbeidet med å få minnesmerket reist) alle som sat inne med bygdeminne om Wittgenstein å skriva dei ned.

Den 84 år gamle Jens Drægni var fleire gonger oppe i hytta til Wittgenstein. Det var far til Jens som rodde materialane over Eidsvatnet då hytta skulle byggjast.
 

- Det låg bøker over alt, fortalde han. Så var han borte og skreiv noko på eitt ark og så gjekk han og skreiv på eit anna. Eg fekk lov til å vera i stova hans, men då måtte eg vera roleg. Eg fekk ikkje lov til å seia eit ord, fortalde Jens Drægni.

Nyutgåve av hovudverket 2003

Wittgenstein døydde 29. april 1951 i Cambridge, og vart gravlagd på St Giles' kyrkjegard. Han let etter seg 18 000 sider med stort sett handskrivne manuskript. Dette er likevel lite i høve til bøker om problem og emne i filosofien hans som er komne ut dei siste femti åra.
No kjem Bokklubbens Kulturbibliotek ut med ei ny utgåve av hovudverket Filosofiske undersøkelser der Knut Olav Åmås har skrive ei essay-innleiing på 60 sider. Wittgenstein skreiv dei 188 første "merknadane" i Filosofiske undersøkelser under opphaldet i Skjolden i mellomkrigstida.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Avisa Sogn og Fjordane. 29.08.1984.
Øverbø, Snorre Dag: Minne om Wittgenstein i Skjolden. I Kjelda. Nr. 2. 2000.
Åmås, Knut Olav og Larsen, Rolf: Det stille alvoret. Oslo 1994.
Helgheim, Roald: Wittgenstein no igjen? I Dag og Tid. 07.06.2003.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-900089 Halvard Drægni.
Vatne, Harald: Ludwig Wittgenstein i Skjolden. Upublisert stensil, 1991. Luster kulturkontor.
Åmås, Knut Olav o.fl.: Wittgenstein and Norway. Oslo 1994.

PERMANENT IDENTIFIKATOR