Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 15. juni 2013

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnestein om vegutløysing til Kandal



Kandalsbygda ligg på vestsida av Breimsvatnet. Her er tre matrikkelgardar, Indre -, Midtre og Ytre Kandal. Bygda fekk vegutløysing hausten 1969. Det er markert med ein høveleg stein med dato og årstal.

Stein til minne om veg til Kandal. På steinen er måla på 28-10 og 69 (under), 28. oktober 1969, datoen for avlevering av siste vegstykket som gav bygda vegutløysing.

Stein til minne om veg til Kandal. På steinen er måla på 28-10 og 69 (under), 28. oktober 1969, datoen for avlevering av siste vegstykket som gav bygda vegutløysing.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Vegminne

Det finst mange minne om vegbyggjing i form av årstal (av og til saman med dato) i berg eller på oppsette steinar Dei markerer når eit vegarbeid var ferdig, ei bru eller eit vegstykke. Bruer har av og til årstal innhogde i sjølve byggverket, så som i ein stein i brua. Oftast vart innskriftene ordna straks etter at eit arbeid var slutt, sett på plass nærast som eit sluttstempel, eller ein signatur, men i nokre høve vart det laga til innskrift i ettertid. Eit døme på det siste er minneplata «Høygardsvegen 100 år» på nordaust-sida av Breimsvatnet. Grenda Høygardane fekk veg ned til vatnet i 1901 og høygardsfolket heldt vegfest. Hundre år seinare samlast bygdefolk og andre til avduking av minneplate.

Ein heilt enkel stein

Kandalsbygda sin vegminnestein er av det heilt enklaste slaget; ein grovt forma hellestein med dato og årstal, Skriftteikna er ikkje hogde inn, men måla. På biletet her, teke 2013, ser det ut til å stå 2 og 8, ein bindestrek og 10 oppe, og 69 under; 28. oktober 1969. Det var 28.10.1969 at den siste fem kilometer lange vegstubben mellom Vassenden og Kandal blei offisielt avlevert som ferdig bygt. Steinen står på ei avkøyrsle eit kort stykke nordom Lyngneset.

Vegsamband med omverda 1969

Fram til 1969 hadde folket i Kandal alltid kome seg til og frå bygda i båt, eller på isen i særs kalde vintrar. Frå Ytre Kandal vart det først bygt veg nordover til Lyngneset. I januar 1968 byrja arbeidet på den siste, vel 5 km lange strekninga frå Høgsteneset, eit par km frå Vassenden, sørover mot Lyngneset. Rolf Tvinnerein frå Hopland var oppsynsmann. Det tok snautt to år før vegen var ferdig. Hausten 1969 arbeidde 15-16 mann og 6-7 maskinkøyrarar på anlegget. I midten av oktober 1969 kunne ein av arbeidarane rulla over pukksteinen i sin eigen bil og på den måten nærast markera ein ny epoke for Kandalsbygda. Den 28. oktober vart veganlegget offisielt avlevert. Det stod berre att å støypa ein del føringskant (autovern).

 Veg mellom gardane

I september 1941 hadde signaturen «I.F.» eit lengre stykke i «Firda» om ferdsla mellom Sunnfjord og Nordfjord over Breimsvatnet. I eit intervju fortel bonde og bygdepolitikar Rasmus O. Kandal om motorbåtferdsla og veg til Vassenden. Han var sjølv med og fekk i gang motorbåtrute i 1906. Om vegspørsmålet seier han mellom anna:

«Ja, vegen fram til Vassenden er ei uvanleg viktig sak for oss, som snart må lata seg løysa. I krisetider som no [krigsåra 1940-1945] kjenner me serleg kor turvande vegen er. (…) Vegen er no ferdig til Lyngstadneset, men derifrå til Vassenden er det 7 km. (…) Frå 1911 til 1928 vart vegen frå Mykland og Kandal [dei inste gardane] til Næss [ytste garden] opparbeidd og i 1914 vart kvelvingsbrua over elva bygt. (…)»

kjelder:

Ese, Kristin: På God veg. Veghistorie i Sogn og Fjordane. Selja forlag 2007.
Firda. 20.09.1941

PERMANENT IDENTIFIKATOR