Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Heksemonumentet på Anda



Søndag 10. juni 2002 vart det avduka ein skulptur på Anda til minne om hekseforfølgjingane. Minnesmerket, som har tittelen Heksemonumentet, er laga av Stig Eikaas. Torsdag 5. juni 2003 var det ny avduking på Anda, denne gongen av ei minneplate som er ein del av Heksemonumentet.

Skulpturen står festa i ein solid betongfot på Andaneset, like ved ferjestøa.

Skulpturen står festa i ein solid betongfot på Andaneset, like ved ferjestøa.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Hekseprosessane
I heksetrua stod ei heks eller trollkvinne i samband med overnaturlege krefter og kunne føra vondt på folk og fe. Kristendomen rekna alt hekseri og trolldom for djevelsk, og som både etter Bibelen (2. Mos. 22.18 Ei trollkvinne skal du ikkje la leva) og dei verdslege lovene, ikkje måtte tolast.

Hekseforfølgjingane tok til på 1200-talet, og i 1484 sende Pave Innocens VIII ut eit brev mot trollskap; ein skulle leita heksene fram, straffa og drepa dei. Tre år seinare kom ei handbok i hekseutrydding, Heksehammaren (Malleus maleficarum). Boka gav grunnlag for heksejakt og heksebål i heile Europa i århundre. Alle lag av folket vart råka. Heile strok i Tyskland vart liggjande mest avfolka, og truleg miste hundretusener livet.

Sogn og Fjordane
I Norge reknar ein hekseforfølgjingane til perioden 1560-1710. I heile landet kan så mange som 750, flest kvinner, ha vorte brende i hel. I Sogn og Fjordane vart etter registreringar av Bente Gullveig Alver 65 menneske tiltala for trolldom i denne perioden. I Nordfjord var det relativt mange trolldomsprosessar. Gloppen åleine har sju. Kristina Skryppen vart skulda for hekseri i 1663. Ho vedgjekk mellom anna at ho hadde vore på heksesabbat på Hornelen. Sonen Aksel vedgjekk at han hadde vore med. Begge vart brende på bål.

Lett å verte skulda
Hekseskuldingane kunne starta med bagatellar, - og som slett ikkje alltid trong å ha noko med trolldom eller mystiske fenomen å gjera, - ein krangel mellom to ungjenter, ein mistanke om trolldom i samband med sjukdom eller død, eller ynskje om hemn etter årelang nabokrangel.

Dei som måtte lata livet på bålet, var oftast frå dei lågaste laga på den sosiale rangstigen, eller dei kunne ha levd litt på sida av det gjengse mønsteret. Stundom var det omstreifarar eller sinnsforvirra personar, eller såkalla kloke koner. Berre unntaksvis var det personar frå det øvste sosial sjiktet. Anne Pedersdotter i Bergen, enkja etter humanisten, historikaren og teologen Absalon Pederssøn Beyer (1528-1575), vart klaga for trolldom og brend på bål i 1590.

Sokneprest rysta
Sokneprest Olaf Sigurd Gundersen i Gloppen tok fatt i hekseforfølgjingane. - Eg gys når eg les bygdesoga, - uttalte han til avisa Firda, juni 2002, - at dei dømde faktisk takka bøddelen for at han drap dei. Kva måtte ikkje desse menneska ha vore gjennom, når det kunne koma så langt, undrast Gundersen.

Gundersen trekkjer liner til vår tid. Mekanismene er dei same. Det byrjar i det stille, med uskuldige, små kommentarar. Så byggjer det seg opp. Nokon med makt rettferdiggjer utstøytinga av den eine. Til slutt trur personen sjølv på sitt eige mindreverd.

Dagens hekseprosessar forgår i skulane og på arbeidsplassane. I media, der journalistar jaktar i flokk, i Bjugn-saka, til dømes. Og i kyrkja, med utstøytinga av dei homofile, sa Gundersen til Firda.

Avdukinga
Gundersen tok initiativ til å reisa eit synleg minnesmerke om hekseprosessane, på Andaneset fordi fleire menneske let livet på heksebål her. Oppdraget gjekk til Stig Eikaas. Søndag 9. juni 2002 var alt klart for avduking av Heksemonumentet. Sjølve avdukinga var ein del av ei friluftsgudsteneste med alter, preikestol og kyrkjeklokke på svaberget på Andaneset.

Bilete av minnesmerke.

Bilete av ansiktet til minnesmerket.

Filosofen Nina Karin Monsen var til stades og heldt tale. Ho uttrykte håp om at Heksemonumentet vil verta eit symbol for dei som er utsett for forfølgjing i vår tid.
Sokneprest Gundersen var kledd i den svarte prestekjolen sin frå 1970-talet. - Det [heksebrenninga] skjedde tolv sokneprestar før meg, kledde i same drakt som eg har på meg no. Floda kom og tok med seg oska. Like lett er det ikkje å bli kvitt skampletten i historia som hekseforfølgjinga er, sa soknepresten i preika si.

Petter Eide om Heksemonumentet
Avisa Firda spurde fleire personar om kva dei tykte om Heksemonumentet. Petter Eide frå Gloppen var ein av dei. Han sa:

Eg synest både tanken og utføringa er god. Eg likte ideen allereie då Eikaas lanserte modellen i Firda, og kunstnaren har greidd å følgje opp i full skala. Heksemonumentet er hittil beste kunstverket frå Eikaas si hand.

Minneplate

Bilete av avduking av informasjonsplata i 2002.

Nøyaktig eitt år seinare, torsdag 5. juni 2003, vart ei minneplate ved Heksemonumentet avduka. Plata er, ved sida av å gi informasjon, også ein del av Heksemonumentet. Varaordførar Kirsten Marit Rygg stod føre avdukinga. Ho sa mellom anna:

Heksene sit i himmelen og høyrer og ser det som er gjort. Truleg er dei glade for at dei endeleg har fått sin rett ved at Kyrkja har teke inn over seg det fæle og stygge som vart gjort.

 

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda. 08.06. og 10.06.2002.
Firda Tidend. 06.06.2003.
Norsk Allkunnebok. Oslo 1948 - 1964.
Svendsen, Arnljot Strømme: Norsk skamplett. I Dagbladet 20.07.2002.
Sandal, Per: Gloppen bygdebok.

PERMANENT IDENTIFIKATOR