Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Steinstolpen i Bygstad



Ved Liagjerdet i Bygstad er ein stein brukt som telegrafstolpe. Det er ikkje noko uvanleg i og for seg, tilsvarande finn ein fleire stader rundt om i landet, men for gamle "graffarar" og telefonarbeidarar har nett denne steinen fått stor symbolverdi.

Stolpen stod lenge på skeive. Han vart retta opp att av gamle graffarar 1990. Framme frå venstre: 1) JohanneS Hjelmeland, Førde, 2) Georg H. Thingvold, Førde, 3) Olav J. Tveit, Gulen, 4) Johan Styve, Gulen, 5) Ludvik Nistad, Fjaler, 6) Ola Klakegg, JølstEr, 7) Svein Brandsøy, Florø, 8) Olav H. Tveiot, Gulen. 
Bak frå venstre: 1) Nils Eide, Gulen, 2) Rasmus Sagevik, Naustdal, 3) Reiar Hjelmeland, Bygstad, 4) Anskar Halland, Førde, 5) Sigurd Flatlandsmo, Voss, 6) Lars Nygård, Gulen, 7) Harald Rutledal, Kjølsdalen, 8) Arthur Sundal, Kjølsdalen, 9) Peder Gilleshammer, Kjølsdalen, 10) Leif  Sørheim, Florø, 11) Sigurd Nistad, Florø, 12) Ingvald Tveit, Gulen.

Stolpen stod lenge på skeive. Han vart retta opp att av gamle graffarar 1990. Framme frå venstre: 1) JohanneS Hjelmeland, Førde, 2) Georg H. Thingvold, Førde, 3) Olav J. Tveit, Gulen, 4) Johan Styve, Gulen, 5) Ludvik Nistad, Fjaler, 6) Ola Klakegg, JølstEr, 7) Svein Brandsøy, Florø, 8) Olav H. Tveiot, Gulen. Bak frå venstre: 1) Nils Eide, Gulen, 2) Rasmus Sagevik, Naustdal, 3) Reiar Hjelmeland, Bygstad, 4) Anskar Halland, Førde, 5) Sigurd Flatlandsmo, Voss, 6) Lars Nygård, Gulen, 7) Harald Rutledal, Kjølsdalen, 8) Arthur Sundal, Kjølsdalen, 9) Peder Gilleshammer, Kjølsdalen, 10) Leif Sørheim, Florø, 11) Sigurd Nistad, Florø, 12) Ingvald Tveit, Gulen.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 1990

Fotograf: Oddkjell Bosheim

"En meget solid Telegrafstolpe"

I "Sogns Tidende" for 2. november 1892, finn ein denne notisen:
"Den 21de Oktober reiste O. L. Midthuns Arbeidslag en meget solid Telegrafstolpe ved Veikanten 3 Km. øst for Sveen i Søndfjord. Det er nemlig en Stenstøtte, som fandtes i Nærheden. Den har et Maal af 5,5 Meters længde, 0,4 meters Bredde og 0,13 Meters Tykkelse. Den reistes paa et Sted, hvor Fjeldet laa helt oppe i Dagen, saa den altsaa maatte mures fast med et Stenkar. Paa toppen blev den forsynet med en dertil kunstig arbeidet Jerndexel, hvorpaa Isolatoren er fastskruet. Denne Dexel maledes blegrød. Stenen ser helt majestætisk du. Endelig er at bemærke, at Aarstallet "1892" er mesterlig godt indhugget paa Støttens Fremside.
Saavidt vides er dette et enestaaende Tilfælde, og fortjener at omtales."

Årstal og bokstavar

Det vert fortalt at det var to slike steinar i området ved Liagjerdet, men den andre er komen vekk. Kanskje er den vorten brukt som klopp over ei grov (bekk) i samband med arbeid på Postvegen som går like ved.
 

Det var i høve vedlikehaldsarbeid på telegraflinja Bergen - Førde - Florø, bygd 1866, at steinen vart sett inn i linjekursen som telegrafstolpe. Steinen vart seinare erstatta med ein vanleg trestolpe då det kom fleire trådar langs linjekursen.
I tillegg til årstalet 1892, er det sett merke for 5 fot (-) og kontrollmerke (+) for 6 fot. Det er dei merka ein telegrafstolpe skulle ha på den tida.
 

På baksida er signaturane OM * HU * og HH hogde inn. Bokstavane HU er utydelege, og kan lesast HD eller HV. Også dei to siste bokstavane er vanskelege å lese og kan vere mistolka. Isolatorfestet på toppen har enno så vidt restar av den bleikraude målinga.
 

Signaturen OM er likevel grei. Det er arbeidsstyrar Otto L. Midttun får Gulen. Det kan dokumenterast at arbeidslaget hans hadde vedlikhaldsarbeid her i 1892. Dei to andre er også truleg gulingar, kanskje arbeidsformennene i laget.

Steinen vert gjenreist

Etter iniativ frå tidlegare telefonarbeidar Johannes Hjelmeland, som voks opp på Hjelmeland like i nærleiken, og Helge Ottesen og Oddkjell Bosheim frå Førde teleområde, vart steinen 8. juni 1990 gjenreist. Gamle telefonarbeidarar (graffarar) samlast i Liagjerdet og friska opp att gamle kunnskapar om stolpereising. Mange hadde ikkje sett einannan på mange år og praten gjekk livleg. Karane, i alderen frå 65 til 89 år, gjekk til verket med liv og lyst. Også to av Otto Midttun sine barnebarn var med på samlinga.
 

Steinen vart retta opp og lodda av på gammal vis. Som det vart sagt: "Det er mange måtar å reise ein telegrafstolpe på, og alle måtane er like rette."
På ei messing som vart festa på steinen, står det: REIST AV OTTO MIDTHUN * RETTA OPPATT AV GAMLE GRAFFARAR * 1990.
 

I 1992, var det ny "graffarsamling" ved steinen, no i høve at det var 100 år sidan den vart teken i bruk som telegrafstolpe. Steinen er seinare komen med i Telenor sin 'Plan over verneverdige bygg og anlegg'.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Historiske linjer Verneplan for Telenors bygninger og installasjoner. Oslo 1998.
Tea, Bedriftsavis for Førde Teleområde 1981-92.
Norsk Telemuseum:
fotosamling.
Norsk Telemuseum:
Verneplan for Telenors bygninger og installasjoner, dokumentasjon og arkivsaker.
Statsarkivet i Bergen:
Telegrafverket, Bergens Telegrafinspektør.
Munnleg informasjon frå:
Oddkjell Bosheim, f. 1926, Lærdal.
Johannes Hjelmeland (1914-99), Førde.
Thingvold, Georg H.: Televerket i Sogn og Fjordane fra 1858. Førde 1984.

Nettstader:
http://www.norsktele.museum.no/
(Heimesida til Norsk Telemuseum).

PERMANENT IDENTIFIKATOR