Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Fiskarminnesmerke ved Nord-Vågsøy kyrkje



Ved Nord-Vågsøy kyrkje står eit minnesmerke over bortkomne fiskarar på havet. Det var bygdefolket som reiste det, i 1998.

Fiskarminnesmerket ved Nord-Vågsøy kyrkje, avduka hausten 1998.

Fiskarminnesmerket ved Nord-Vågsøy kyrkje, avduka hausten 1998.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2002.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Verdig minnesmerke

Fiskarminnesmerket på kyrkjegarden ved Nord-Vågsøy kyrkje er sett saman av ein stor, naturleg forma stein plassert oppå eit fundament med namneplate. Rundt den havbåreforma steinen er lagt steinar henta frå strendene på Nord-Vågsøy. Frå fundamentet går ein låg mur ut rundt eit halvsirkelforma, hellelagt felt framfor minnesmerket.

På namneplata står øvst BORTKOMNE PÅ HAVET FRÅ NORD-VÅGSØY SOKN, deretter namna, med alder og når dei kom bort, og under, orda KVIL I FRED

Spesiell stein og vanskar med plasseringa

Peder Kvalheim, Sigurd Kvalheim, Kjell Oldeide og Klaus Fagerlid stod føre arbeidet med å få minnesmerket reist. Dei samla inn 70 000 kroner og fekk mange med på dugnadsinnsats.

Steinen er heilt spesiell og plasseringa eit kapittel for seg. Dei tråla fjøra rundt heile Nord-Vågsøy utan å finna ein stein dei tykte høvde. Fyrst oppe på toppen av Kvalheimsfjellet oppdaga Sigurd Kvalheim den steinen dei var på jakt etter, - ein heller stor stein, forma som ei havbåre.

Det primære ynskjet var å reisa eit minnesmerke på kyrkjegarden, noko kyrkjegardsforvaltninga i fyrste omgang sa nei til. Men, dei kunne få setja minnesmerket sitt utanom kyrkjegarden, eller dei kunne få setja opp 25 små steinar innom. Dette var ikkje godt nok for komiteen. Eit viktig poeng ved å reisa eit verdig minnesmerke på kyrkjegarden var at pårørande skulle få "ei grav" å gå til. - Men heldigvis, sa ein av pådrivarane til pressa i samband med avdukinga, - heldigvis tok dei til vit slik at det let seg ordne.

Avdukingshøgtida

Minnesmerket vart avduka 10. oktober 1998. Det vart ei gripande og vakker markering i kyrkja og ute på kyrkjegarden. Sølvi Silden, som vart enkje etter at fiskebåten "Stålhav" kom bort i månadsskifttet april/mai 1993, avduka minnesmerket og takka for at det var reist. Berit Silden, dotter til Birger Silden, ein av ni som kom bort i januar 1971 då fiskebåten "Seilfjell" forliste, la ned krans og sa mellom anna i helsinga si:

- Det tyngste for dei som har mist nokon av sine næraste på havet, er å ikkje ha ei grav å gå til.

Koret Stormklang deltok og framførde songen "Fiskaren", skriven særleg for høvet av Sigbjørn Hals og tonesett av Frode Helgestad.

1901 og 1971 - fæle ulukkesår

Årstala på plata syner at 1901 og 1971 var dei verste ulukkesåra. I februar 1901 omkom fem mann i båtlaget til Øystein Eriksson Refvik. Olav Jonson kom bort då ein skavl fylte båten hans under linesetjing, og Didrik Kvalheim kom bort då han fall utfor eit berg.

5. januar 1971 forliste linebåten "Seilfjell" frå Silda på Vikingbanken. Seks av mannskapet på ni var frå Silda.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jakob, (ved Edvard Os): Selje og Vågsøy. Oslo 1957.
Fjordenes Tidende. 07.10. og 12.10.1998. Måløy.
Opplysningar frå:
Kjell Oldeide, Vågsøy.

PERMANENT IDENTIFIKATOR