Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 17. januar 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnesmerke over presten Niels Nielsen Dahl



På 1800-talet var det uvanleg å reisa minnesmerke over folk. I Sogn og Fjordane kjenner me berre til fem. Eitt av dei, over soknepresten Niels Nielsen Dahl, står i Nordfjord. Innskrifta fortel at minnesmerket vart reist av "hans sørgende menighed". Dahl døydde i 1854 og hadde då vore prest i Eid prestegjeld i berre to år.

Eid kyrkje var 150 år i 1999. Under jubileumsgudstenesta vart det lagt ned krans på grava til presten Niels Nielsen Dahl, sokneprest i Eid to år, frå 1852 til 1854.

Eid kyrkje var 150 år i 1999. Under jubileumsgudstenesta vart det lagt ned krans på grava til presten Niels Nielsen Dahl, sokneprest i Eid to år, frå 1852 til 1854.

Eigar: Eid kyrkjelydskontor.

Datering: 1999.

Fotograf: Ukjend.

Minnesmerket

Minnesmerket over sokneprest Niels Nielsen Dahl (1806-1854) står tett attmed Eid kyrkje ved det nordaustre hjørne. Det er samansett av ein vertikal del, ei tavle ståande på "fot", og ei horisontal plate framfor. Alt er laga i støypejern.

I øvste innskriftsfeltet på tavla står: PRÆSTEN DIGTEREN * FÆDRELANDS OG * MENNESKEVENNEN * N: N: DAHLS`S * MINDE * SAT AF HANS SØR= * GENDE MENIGHED * I EIDS * PRÆSTEGJÆLD

I det andre feltet står: GULD VAR HANS HJERTE, * STAAL VAR HANS TUNGE * VIISDOM HANS RAAD * STORVÆRK HANS DAAD! * MINDET FREMKALDER * HOS GAMLE OG UNGE * LÆNGE DEN SAVNEDE * KJÆRLIGHEDS GRAAD.

På den horisontalt plasserte delen av gravminnet står: NIELS NIELSEN * DAHL * SOGNEPRÆST TIL EID * DØD 21 JULI 1854 * 48 AAR GAMMEL * HVILER HERUNDER * FRED MED DIT STØV.

Endringar

Det er ikkje kjent nøyaktig når minnesmerket vart oppsett, men det er ikkje usannsynleg at det skjedde ein gong dei næraste åra etter 1854. Eit fotografi frå århundreskiftet 1800/1900 viser stammane av to godt vaksne tre tett attmed grava. Dei kan ha vorte planta samstundes med at gravminnet kom på plass. Biletet viser òg at den horisontale plata som i dag ligg plant med bakken, opphaveleg var oppbygd og illuderer "loket" på ein sarkofag.

I år 2002 er trea borte og den horisontale plata sett ned i bakkenivå, men elles er gravminnet det same, bortsett frå fargane på skriftteikna på den liggjande plata, dekorative element og fleire symbol. Som biletet syner var alle skriftteikna og symbola i kvit farge for 100 år sidan.

Frå Romsdal

Niels Nielsen Dahl, fødd 18.07.1806, var son til gardbrukar Nils Nilson og Anna Larsdotter på garden Øvstedalen i Tresfjord, Vestnes i Romsdal. Oldefaren, Lars Dahl, skulle visstnok ha vore ein dansk student som hadde rømt nordover og slege seg ned i Romsdal.

Nils var såpass gløgg at soknepresten sette han til skulehaldar då han var i konfirmasjonsalderen. Kort tid etter vart han "oppdaga" av biskop Neumann, som saman med andre hjelpte han fram til opplæring og utdanning. Den fyrste læremeisteren var den vidgjetne prosten i Eivindvik, med same namn, Niels (Griis Alstrup) Dahl.

Prest, skribent og stortingsmann

Niels Dahl tok teologisk embetseksamen ved universitetet i København i 1830. Kort tid etter skal han ha vore på ei utanlandsferd til Frankrike. I 1832 vart han kapellan hjå namnebroren, presten Dahl, og var i Eivindvik i eitt år. Etter dette vikarierte han i fleire prestekall i Bergen bispedøme, før han i 1838 vart residerande kapellan i Melhus i Sør-Trøndelag. Her var han 13 år og kom til Eid i 1852.

Dahl skreiv vers heile livet, dei fleste i den lette og humoristiske sjangeren, men òg dikt av meir alvorleg karakter, t.d. diktet "Til Henrik Wergeland paa sygeleiet." I tillegg skreiv han forteljingar, bøker av oppsedande karakter, og stykke om politikk og samfunnsspørsmål i fleire aviser og tidsskrift, t.d. stykket "Om sparebanker paa landet."

Niels Dahl møtte på Stortinget i 1845, 1848 og 1851 som representant for Søndre Trondhjems amt (Sør-Trøndelag). Representanten Niels Dahl var godt synleg i Stortinget. Han var ein framifrå god talar, og markerte seg med liberale synsmåtar i fleire store saker. Grunnlovsaka om rett for jødar til å koma inn i landet, var i 1851 oppe for tredje gong. Dahl hadde røysta mot i 1845, men var no for, og det var han, som formann i konstitusjonskomiteen som hadde skrive innstillinga. Det vart no fleirtal for å ta bort den såkalla jødeparagrafen.

I eit skrift om 1845-stortinget er han karakterisert som "Storthingets meest begavede Aand", etter representantane Schweigaard og Sørensen.

To namn til same bilete

I Gulen hadde dei i årevis hengande oppe eit bilete i kommunestyresalen av den fyrste ordføraren sin, presten Nils Griis Alstrup Dahl. Dei tok det ned på 1990-talet etter at det var kome protest frå Romsdal. Det var deira prest, hevda dei, Niels Nielsen Dahl. Biletet er det same portrettet som i bygdeboka for Eid og Hornindal (1909) er oppgjeve å vera av eida-presten Dahl.

Stortingsarkivet røkte i 2002 etter i portrettarkivet sitt for om mogeleg å koma fram til den rette Dahl på det omdiskuterte biletet. Det er ingen tvil, mannen på biletet er Niels Nielsen Dahl, soknepresten i Eid. Arkivet har ikkje bilete av Eivindvik-presten.

Kvifor eit så påkosta minnesmerke etter berre to år?

Kvifor reiste så "menigheden i Eids Præstegjeld" eit minnesmerke over sokneprest Dahl? Spørsmålet er interessant. Det er stikk i strid med det ein skulle venta. Det var høgst uvanleg, for ikkje å seia eineståande, på denne tida, at ein kyrkjelyd reiste eit minne på ei prestegrav. Endå mindre grunn skulle kyrkjelyden ha så lenge presten berre hadde vore i kallet i to år, og utanom den geistlege gjerninga, einast vore med i det lokale bankstyret. Kva kan liggja bak?

I kallsboka for Eid prestegjeld går det fram at Dahl leid vondt på slutten av livet. "Arbeidshugen hans vart broten og livslysti veik for vonbrot og livsleida" skriv Aaland i bygdeboka med kallsboka som kjelde. Edvard Os konkretiserer noko i si reviderte bygdebok frå 1953. Han fortel at Dahl frå ungdommen var plaga av tuberkulose, og at det var denne sjukdommen som til slutt gjorde det av med han. Og så legg Os til at "dei seier at han tok til flaska for å lindra sorg og pine." Os har høyrt av gamle folk at det ikkje var slik at dei "stygdes" av presten sin, men heller slik at dei tykte synd på mannen.

Alt i alt hadde kyrkjelyden i Eid på denne bakgrunnen ingen grunn for å setja opp eit mykje påkosta minnesmerke på grava hans. Det hadde derimot embetsbroren i Gloppen, sokneprest og prost Heffermehl, og, kan henda etterfylgjaren i embetet også, Ulrik Bugge, som kom til Eid i 1855. Begge kjende Dahl frå Stortinget. Begge visste betre enn nokon andre at dei to siste leveåra til Dahl stod i rak motsetnad til livet hans tidlegare. Det er lett å tenkja seg at dei tykte det var ille at Dahl skal hugsast som ein helseknekt og kraftlaus prest, jamvel kanskje av og til påverka av alkohol-medisinering. Kva gjer dei? Dei går kan henda saman om å sikra kollegaen sin det ettermæle han fortener, synleggjort i eit "uforgjengeleg" minnesmerke på grava hans, eit evigvarande vitnemål om dei positive sidene ved mannen og livsverket hans.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aaland, Jacob: Nordfjord fraa gamle dagar til no [..] Eid-Hornindalen. 1909.
Os, Edvard: Eid og Hornindal. Etter Aaland si bygdebok frå 1909. Oslo 1953.
Norsk biografisk leksikon. Oslo 1925.
Melbye, Arnfinn: Niels Nielsen Dahl. Prest og Samfunnsbygger.
Halvorsen: Norsk Forfatter-Lexicon.
Munnlege informasjon frå:
Magnor Midtun, Gulen.

PERMANENT IDENTIFIKATOR