Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Bautastein over brørne Asbjørn og Vemund Melvær



Magnus og Marie Melvær miste begge sønene sine under krigen 1940-1945. Asbjørn, fødd 1908, døydde i fangenskap i Tyskland. Vemund, fødd 1922, omkom på flytokt over Nordsjøen. I 1947 blei det reist minnestein over dei på heimegarden Melvær.

Sorg. Foreldra til Asbjørn og Vemund, Magnus og Maria, ved minnesteinen under avdukinga.

Sorg. Foreldra til Asbjørn og Vemund, Magnus og Maria, ved minnesteinen under avdukinga.

Eigar: Rigmor Norheim.

Datering: 20.05.1947.

Fotograf: Ukjend.

Til minne og vyrdnad

Minnesteinen står på heimegarden, den nørste garden på Melvær. På steinen står desse orda: BRØRNE ASBJØRN OG VEMUND MELVÆR FALL I KRIGEN ÅR 1944. DEI GAV ALT FOR FRIDOM OG FEDRELAND. TIL MINNE OM DEI ER DENNE BAUTA REIST I TAKKSEMD OG VYRDNAD AV SLEKT OG SAMBYGDINGAR.

Avdukingshøgtida

Bautaen vart reist i 1947 og avduka 20. mai, fem år etter at Asbjørn vart arrestert, 20.5.1942. Sokneprest R. Håskoll tala og ein offiser frå Flyvåpenet la ned krans. 8. mai 1995 vart det skipa til minnehøgtid ved bautaen i høve femtiårsjubileet for freden.

Om Asbjørn Melvær i bokverket Våre falne

MELVÆR, ASBJØRN, fiskar og gardbrukar, Askvoll. Fødd 17. mai 1908 i Askvoll, son til gardbrukar og fiskar Magnus Melvær, f. 1877 og Maria f. Vilnes, f. 1878, båe i Askvoll. Gift 1935 i Bergen med Hildur Johanne Knoff Strøm, f. 1914. 3 born.


Var med på å ta imot våpen frå England og gøyma dei. Vart arrestert 20. mai 1942 og førd til fengselet i Bergen, derifrå til Ulven og Grini. Vart 30. september 1943 send til Natzweiler og døydde der 3. november 1944.
Rigmor Norheim, dotter til Asbjørn, fortel at Asbjørn overlevde Natzweiler, og at han etterpå kom til Dautmergen, ein utekommando under Dachau.

Om Vemund Melvær i bokverket Våre falne

MELVÆR, VEMUND, fiskar, luftskyttar, Askvoll. Fødd 1. februar 1922 i Askvoll. (....) Middelskule. Drog til England 12. august 1941 og gjekk inn i flyvåpenet. Tok fleire kurs og vart luftskyttar i flyvåpenet i Marinen, 330 squadron, på Shetland. Den 4. oktober 1944 var flyet hans ute på tokt etter u-båtar i Nordsjøen, men kom ikkje attende. Krigsmedalja post mortem. Haakon VII's 70-års medalje.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre falne. 1948.
Opplysningar frå:
Rigmor Norheim, Askvoll.

PERMANENT IDENTIFIKATOR