Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. april 2002

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

The Steine - minnestein om vikingtida i Dublin



I Dublin står minnesmerket The STEINE, ein bauta reist til minne om ein annan stein, ein "standing stone" som stod omtrent på same staden frå 900- eller 1000-talet til fyrst på 1700-talet. Den opphavlege steinen var kan henda reist av viking-innbyggjarar i den irske hovudstaden. The STEINE har tilknyting til Sogn og Fjordane òg.

Minnesmerket STEINE ved enden av Townsend Street, laga av kunstnaren Cliodna Cussen, Dublin. Det vart oppsett i 1986 til minne om ein liknande stein som stod på på om lag same staden i fleire hundre år, frå ein gong på 900- eller 1000-talet til innpå fyrste halvdel av 1700-talet. Opphavleg stod The Steine i ei grønt felt.

Minnesmerket STEINE ved enden av Townsend Street, laga av kunstnaren Cliodna Cussen, Dublin. Det vart oppsett i 1986 til minne om ein liknande stein som stod på på om lag same staden i fleire hundre år, frå ein gong på 900- eller 1000-talet til innpå fyrste halvdel av 1700-talet. Opphavleg stod The Steine i ei grønt felt.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2019

Fotograf: Hermund Kleppa

The Steine

Minnesteinen The Steine, reist i 1986, står ved enden av Pearse Street og Townsend Street på sørsida av elva Liffey. Han er laga av ein lys granitt frå eit steinbrot like utanfor byen, er kring tre meter høg og har to uthogde ansikt. Det eine er av ei nonne ved klosteret Mary de Hogges som stod i dette området, det andre av Dublin-kongen Ivar (Imhar). Ein pub i nærleiken har namnet The Long Stone.

Stod i over 800 år

På plate i støypt metall like ved, oppsett i 1999, står det å lesa (i omsetjing frå engelsk):

Om lag på denne staden stod i omkring 800 år den vidgjetne STEINE eller Long Stone, ein ståande stein, mellom fire og fem meter høg, truleg reist av viking-innbyggjarar i Dublin på 900- eller 1000-talet. Elva Liffey var opphaveleg mykje vidare enn no, og Townsend Street markerer den opphavelege strandlina på denne plassen. Stranda som låg der Townsend no går, ser ut til å ha vore ein landingsplass for båtar gjennom heile mellomalderen og Long Stone var kan henda sett opp for å markera denne landingsplassen. Steinen vart eit sentralt landemerke i mellomalder-Dublin, og heile området mellom College Green og Ringsend vart kjent som The Steine etter namnet på steinen. Området mellom Townsend Street og noverande kai vart fylt ut i åra 1700-1720, og steinen vart teken bort før 1750. Den noverande steinen vart tilhoggen av Cliodna Cussen og oppsett i 1986. Ansikta er til minne om Ivor (Ivar), ein viking som regjerte Dublin på 800-talet og det lokale klosteret knytta til Mary de Hogges.

The Steine - eit verk av bilethoggaren Cliodna Cussen

Cliodna Cussen vert rekna som ein av dei fremste bilethoggarane i Irland. Ho lanserte ideen om å laga ein "standing stone" ved College Green på eit bilethoggar-symposium i eit granitt-steinbrot i nærleiken av byen. Dei tok fatt på arbeidet på arbeidet under symposiet, men vart på langt nær ferdige. Cliodna Cussen arbeidde seinare i det uendelege med vinkelslipar, hammar og feisel til ho fekk fram dei to ansikta.

I 1984 søkte ho parkvesenet i Dublin om å få setja skulpturen opp på staden ho hadde tenkt seg, og fekk løyve til det. Steinen kom opp to år seinare, men utan seremoni av noko slag.

Det norske Dublin-riket

Andreas Holmsen skriv om det norske Dublin-riket i ei av bøkene sine. Han byggjer m.a. på irske annaler og fortel at Turgeis (norsk: Torgils) vart den fyrste herskaren i ei Dublin-borg (longphort) som vart bygd i 841. Turgeis vart drepen, men i 853 kom Olav Kvite og brørne hans, Ivar og Ragnvald, til Irland ein stor styrke og Olav vart konge over "alle framande i Erin."

Olav greidde å byggja opp eit norsk rike i Irland med Dublin som sentrum. I 871 reiste han heim att til Lochlann (Noreg) for å hjelpa far sin, kong Gudrød, og broren Ivar vart konge i Dublin. Han døydde i 872. I 902 tok irane att makta i Dublin, men berre femten år seinare vart byen teken tilbake. Og frå då av stod det norske Dublin-riket urokka under Ivar Gudrødsson, bror til Olav Kvite, sine etterkomarar heilt til den engelske erobringa av Irland byrja i 1169.

Andre framstillingar vitnar ikkje om eit heilt "urokka" viking-Dublin gjennom ein så lang periode. Riket var snarare utsett for press og påkjenningar heile tida, men viking-Dublin var der, og historisk utgjer det ein lang og viktig bolk i byen og landet si soge.

Tilknyting til Sogn og Fjordane

Vikingtids-bautaen The STEINE er eit minnesmerke om "Viking inhabitants" i Dublin. Vi veit lite eksakt om kor mange viking-innbyggjarar som var busette i Dublin, eller kvar dei kom frå. Sett med irske auge var dei framande eller "norsemen", medan islandske kjelder talar om folk frå stader i Noreg eller på Vesterhavsøyane som drog i viking, for å herja og røva, for å driva handel eller for å busetja seg. Eit par namn kan meir konkret knytast til Sogn og Fjordane.

Dublinkongen Olav Kvite var gift med Aud eller Unn som ætta frå Sogn. Ho var dotter til sogningen og sjøkongen Kjetil Flatnef (flatnase), ein av sønene til hersen Bjørn Buna i Sogn, som var gift med Velaug, dotter til Vemund den gamle som budde i Aurland og høyrde til Vegreid-slekta.

I soga om Egil Skallagrimsson høyrer vi ein stad at hersen Brynjulf Bjørnsson i Aurland samtalar med sonen Bjørn som ynskjer å fara i viking. Brynjulf lovar sonen eit handelsskip, og gjev han gode råd: "No, Bjørn, vil eg råda deg til å sigla til Dublin, for den ferdi likar eg best." Det høyrest som faren veit kva han snakkar om, kan henda av av eiga røynsle.

Fleire arkeologiske funn av irsk opphav i Aurland, vitnar og om hopehav mellom Sogn og Fjordane og Irland.

Arkeologiske utgravingar i Dublin

Det har vore utført omfattande arkeologiske utgravingar på to viking-lokalitetar i Dublin, ein gravstad eit stykke utanfor byen, og eit bustadområde midt i det noverande bysenteret.

Utgravingane i Wood Quay-området som tok til i 1960-åra på eit område mellom Liffey-elva og Christ Church Cathedral, har avdekka store mengder leivningar av eineståande kvalitet frå vikingbyen i perioden 920 - 1100. Våningshusa var bygde av trematerialar og stod på inngjerda tomter saman med fleire uthus - latriner, fjøs, verkstader og lagerbygningar. Nye hus vart bygde på same stadene som gamle, og det danna seg såleis etter kvart tjukke kulturlag, som gjer at arkeologane kan "lesa seg gjennom" årtier etter årtier. Det vart òg funne store mengder gjenstandar. Noko av det rike funnmaterialet er no utstilt i eit vikingsenter like ved utgravingsområdet.

 

kjelder:

Brev frå Cliodna Cussen, 19.02.2002.


Holmsen, Andreas: Norges Historie. 3. utg. Oslo: Universitetsforl., 1964


Hygen, Hans F.: Kong Høyangs Bjørn. I Jol i Sogn. 1989.


Graham-Campell, James (red.): Vikingenes verden. Oslo 1996.


Evening Herald. 09.04.2001. Dublin.



Bradley, John: Viking Dublin Exposed. The Wood Quay Saga. Dublin 1984.

PERMANENT IDENTIFIKATOR