Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 03. desember 2000

Sist oppdatert 29. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Leo Aarseth



12. juni 1940 var Leo Aarseth frå Vevring lettmatros på tankskipet "Orkanger" på veg frå Abadan til Malta. Skipet vart torpedert, men mannskapet berga seg i livbåtane. Livbåten Leo var i blei smadra av ein torpedo. Han og fire andre miste livet. Etter krigen reiste bygdefolket ein minnestein ved Vevring kyrkje.

Frå minnehøgtida ved Vevring kyrkje, 1. juli 1951, då minnesteinen over Leo Aarseth vart avduka. Hjalmar Aarseth, bror til Leo, legg ned krans. Til høgre står sokneprest Aasmund Farestveit, og mennene i lyse frakkar er frå venstre handelsmann Torleiv Førland og ordførar Bertel Hundvebakken.

Frå minnehøgtida ved Vevring kyrkje, 1. juli 1951, då minnesteinen over Leo Aarseth vart avduka. Hjalmar Aarseth, bror til Leo, legg ned krans. Til høgre står sokneprest Aasmund Farestveit, og mennene i lyse frakkar er frå venstre handelsmann Torleiv Førland og ordførar Bertel Hundvebakken.

Eigar: Torleiv Førland.

Datering: 1951.

Fotograf: Else Aarseth.

Biografi i bokverket Våre Falne

Portrettbilete av Leo Aarseth.

AARSETH, LEO, matros, Vevring. Fødd 3. juli 1923 i Vevring, s. til kaptein Samson Aarseth, f, 1891 same stad, og Thea Louise f. Vevring, f. 1895, d. 1929 same stad. Skuleskipskurs. Var på M/T Orkanger, og omkom 12. juni 1940 då skipet vart torpedert i Middelhavet på veg frå Abadan til Malta. Krigsmedaljen.

Bilete av M/T Orkanger.

Fatalt utfall

Heile mannskapet greidde å berga seg i livbåtane etter at skipet deira var blitt torpedert. Leo Aarseth var i ein båt saman med kapteinen og sju andre. Skipperen ga ordre om å ro attende til det torpedoskadde skipet. Han ville freista å berga skipspapira. Denne operasjonen skulle syna seg å få eit fatalt utfall. Ein ny torpedo eksploderte like ved livbåten; fire vart drepne og fem skadde. Dei overlevande vart tekne opp av ein spansk båt og førte inn til Alexandria der ein av dei skadde døydde på sjukehus 17. juni.

Krigsmedaljen post mortem

Leo Aarseth blei tilkjend Krigsmedaljen post mortem. Heidersteiknet vart overrekt til Leo sin bror, Hjalmar Aarseth, under ei høgtid i Vevring kyrkje søndag 29. desember 1947. Res. kap. Huseklepp heldt ein kort minnetale og las opp eit skriv frå Kongen og Regjeringa, underteikna Haakon R, med takk for Leo sin innsats.

Krigsmedaljen vart oppretta ved Kgl. res. av 23. mai 1941 (Londonregjeringa) til norske eller utanlandske militære som på ein fortenestfull måte deltok i krig for Norge, og til norske og utanlandske sivile som under krig ytte forsvaret av Norge tenester. Leo Aarseth valde etter krigsutbrotet hausten 1939 å halda fram som sjømann i alliert fart framfor å gå i land.

Minnestein

I 1950 vart det reist minnestein attmed Vevring kyrkje. Han er kring 2 meter høg, står i ein rektangelforma betongfot og er omkransa av fire steinar med kjettinglekkjer mellom. På framsida står:

(i boge øvst) DU GAV ALT LEO AARSETH 
(fødd) 3 - JULI - 1923
OMKOM VED TORPE-
DERING I MIDHAVET
12 - JUNI - 1940

På baksida står:

REIST I 1950 
 AV 
VEVRING KR. 
UNGDOMSLAG

Dei fann emnet til steinen på garden Apalset eit kort stykke utanom kyrkja, og frakta han på plass med hest og slede. Sivert Kvamme frå Førde ordna med utforming og innskrift.

Bilete av minnesteinen til Aarseth ved Vevring kyrkje.

Avdukinga

Minnesteinen vart avduka etter gudstenesta, søndag 1. juli 1951. Handelsmann Torleiv Førland orienterte om arbeidet med å reisa steinen og mintest i varme ordelag ungguten Leo som valde å halda fram med å vera ombord etter krigsutbrotet i 1939. Han var ein av dei 30 000 norske sjømenn i alliert fart under krigen, ein av vår "dongerikledde arme" som Nordahl Grieg uttrykkjer det i eit dikt.
Lærar Dagny Tingnes heldt avdukingstalen og stod føre den høgtidlege avdukinga. Det vart lagt ned mange blomar og kransar, mellom anna frå Hjalmar Aarseth, bror til Leo. - "Måtte han (minnesteinen) tene til det føremålet at vi får leve i fred og fridom og slepp å reise slike minnesteinar," sa han i helsinga si.

Ordførar Hundvebakken tok mot minnesteinen på vegne av Vevring kommune. Han takka for alt arbeidet med å reisa steinen. - "Den noverande generasjon i Vevring, vil minnast Leo som son, bror og sambygding," sa Hundvebakken. "For deira del trengst ingen minnestein. Men han er reist fordi at komande slekter skal hugsa denne staute ungdomen som gav alt, seg sjølv, for land og folk."

Bilete av kransepålegging ein 17. mai. Hjalmar Aarseth talar.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Firda. 20.5.2000.
Firda. Nr. 1. 1947.
Våre Falne. 1947.

Nettstader:
http://www.minnehallen.no/

PERMANENT IDENTIFIKATOR