Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Fridtjov-statuen på Vangsnes



På Vangsnes står det ein kjempestatue av Fridtjov den frøkne. Denne statuen er ei gåve frå keisar Wilhelm II av Tyskland og vart avduka 31. juli 1913.

Fridtjov den frøkne vender mot vest, her hausten 2012.

Fridtjov den frøkne vender mot vest, her hausten 2012.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2012

Fotograf: Hermund Kleppa

Frå fornaldersaga

Fridtjov er ein sagnfigur, det er ikkje ein gong sikkert at han har levd. Namnet er henta frå fornaldersagaen "Fridtjov den frøkne" som vart ei svært populær bok, særleg etter Esaias Tegners gjendikting frå 1823.
Keisar Wilhelm II var ein sann Noregsven. Han ferierte i Noreg så å seia kvar sommar frå 1889 til 1914, med keisaryachten "Hohenzollern". Keisaren heldt seg mykje i Sognefjorden og Balestrand. Favorittboka hans var fornaldersagaen om Fridtjov den frøkne som budde på Vangsnes. Han beila til Ingebjørg, dotter til kong Bele i Balestrand.

Gåve frå keisar Wilhelm II

For å visa si takksemd over gjestfridomen det norske folk hadde vist keisaren, og for å markera at "alle germanske stammer hører sammen", gav keisaren det storslåtte monumentet til Noreg. Statuen er 12 m og sokkelen 10 m høg.

Avduking 1913

Sommaren 1913 vart det arbeidd med å setja opp sokkel og sjølve statuen, og det vart laga park rundt. Eit 140 m langt smijernsgjerde vart sett opp rundt parken. Statuen var laga av bilethoggar Max Unger i Berlin.
På sjølve avdukingsdagen var det mellom 5 000 og 10 000 menneske til stades. Ute på fjorden var det tjukt av båtar, då det den tid berre var sjøvegen som førte til Vangsnes.

Prominente gjester

Keisar Wilhelm og kong Haakon var til stades, likeså tidlegare statsminister Michelsen. Ei mengd bladfolk, fotografar og "kinematografoptagere" var møtt fram. Hendinga vart godt dokumentert for ettertida. Politiet var til stades og var postert ut langs ruta, då ein frykta sabotasje.
Det var ein allé av norske flagg frå sjøen og opp til støtta, og bryggja var pynta med flagg og bjørkelauv. Det vart trongt om plassen for stemnefolki.
Dei tyske krigsskipa på fjorden gav ein øredøvande salutt. Orkesteret på "Hohenzollern" spelte ei kantate som var komponert for høgtida. Seinare på dagen var det gallamiddag om bord på "Hohenzollern", og om ettermiddagen var det folkefestar om bord på båtane og på land i Balestrand.

Liv og røre i Balestrand

Keisaren var god ven med kunstmålar Hans Dahl, som budde i Balestrand om somrane. Der var det liv og røre i turistsesongen. Det var hageselskap, og dei kondisjonerte var ute og promenerte. Keisaren hadde orkester om bord på keisaryachten, og det vart halde konsertar og spelt til dans. Det var symjeoppvisning, bl.a. hadde Bergen Svømmeklubb konkurranse med tyskarane. Stafettløp vart skipa til. Skipa på fjorden var om kveldane lyssette, og det vart nytta orientalske lamper. Det var og fyrverkeri.

Rivast?

Kjenslene for statuen har vore mange, nokre har vilja riva den. Dette vart særleg aktualisert etter fyrste verdskrig, etter at tyske ubåtar hadde senka mange norske handelsskip. Men turistattraksjonen Fridtjov den frøkne er framleis på plass.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Vik Lokalhistoriske Arkiv:
Lundeland, Bjarne: Eit historisk tilbakeblikk, 1963, kopi.
Larssen, Redvald: Fra Vekterstuen til Møllergaten 19. Oslo 1946.
Roll-Hansen, Hege: "Der Zug nach dem Norden". Wilhelminske Norgesforestillinger og tysk nasjonal ideologi. Hovedoppgave Historie, haust 1993, Universitetet i Oslo.
Tegner, Esaias: Sagaen om Fridtjov den frøkne. 1823.

PERMANENT IDENTIFIKATOR