Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Kommune

Bauta over Stårheimsætta



Like ved kyrkja på Stårheim står ein høg bautastein. På ei bronseplate er skrive kven støtta er reist til minne om og i tillegg er innhogd ein bispestav og eit sverd lagde i kross. Bygdefolket reiste steinen i 1960.

Bautasteinen over Stårheimsætta står like ved kyrkja på Stårheim, reist av bygdefolket i 1960.

Bautasteinen over Stårheimsætta står like ved kyrkja på Stårheim, reist av bygdefolket i 1960.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Til minne om Stårheimsætta

Bautasteinen på Stårheim er reist til minne om folk og ætter som bygde og budde på Stårheim i Mellomalderen og fostra kongsemne og riksstyrar. Dei to meste kjende av dei er dronning Ingrid gift med lendmannen Arne frå Stårheim og bisp Nikolas Arneson, ein av sønene deira.
Stårheimsætta vart spreidd for alle vindar og tidleg på 1500-talet brann garden ned. Det finst eit etter måten rikt skriftleg kjeldemateriale til kunnskap om folket som budde der, men ingen materielle leivningar. Difor høver det godt med ein ruvande bautastein oppsett i vår tid.

Tanke om bautastein i 1914

Minnesteinen på Stårheim vart reist i 1960, men tanken om å reisa ein bautastein hadde vore oppe i mange år. Alt i 1914, i hundreårsjubileumsåret for Eidsvollgrunnlova, tok ein innsendar i Fjordenes Tidende til orde for å reisa ein bautastein over den gamle Stodreheimsætti i det gamle Stårheimstunet. Han utfordra særskilt ungdomslaget til å ta fatt i oppgåva. Det vart ikkje noko av då, og seinare var det ei tid tale om å reisa stein over ein mann Arne frå Stårheim eller Arne Kongsmåg. Så kom verdskrigen og folk hadde anna å tenkja på. Fyrst i 1950-åra vart det ny fart i saka og no med bondelaget som drivkraft.

Bygdefolket reiste steinen

Ein vart samde om å reisa ein bauta over heile ætta, ikkje berre ein einskild person. Historikaren Edvard Os fekk oppdraget med å forfatta teksten og gje råd om utforming elles. Bygdefolket tok ut steinen og reiste han på dugnad.
Ved avdukinga heldt stortingsmann Per Hjermann talen. Han tok fram trekk frå historia om den gjæve ætta på Stårheim på 1200-talet og ga uttrykk for at ho var ein bauta verd. Hjermann hadde også æra av å avduka bautasteinen.
Etter nokre år overtok kommunen vedlikehaldet av minnesmerket og området ikring.

Bisp Nikolas Arneson

Nikolas var fødd ca 1145 og døydde i Oslo 1225. Han var eldste sonen til dronning Ingrid, enkje etter Harald Gille og Arne frå Stårheim. Nikolas kom i prestelære i inn- og utland og var ein lærd mann. Han vart biskop i Stavanger 1189 og i Oslo året etter.
Bisp Nikolas vart ein av førarane i striden om kongemakta på denne tida. I 1194 for han til Danmark og organiserte eit opprørsparti (baglarane) mot kong Sverre. I 1207 fekk han gjort systerson sin Filippus Simonson til baglarkonge, men arbeidde sidan for å få slutt på borgarkrigen, og godkjende Håkon Håkonsson som konge då Filippus døydde i 1217.
I dramaet Kongsemnerne har Ibsen skildra Nikolas som ein innful og sløg politikar. Kong Håkon Håkonsson sa i gravtalen sin at det neppe hadde vore nokon klokare mann på verda enn bisp Nikolas.

kjelder:

Myrold, Lars: Stårheimsdronninga Dronning Ingrid av Noreg. 1998.
Norsk biografisk leksikon. Band 10. 1949.
Norsk Allkunnebok. 1957.
Lars Myrold, f. 1915, Eid kommune.
Magerøy, Ragnhild: Nikolas. Roman, slektstavler bak. 1972.