Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 16. juni 2020

Kategori

Kommune

Rå-data

Bautasteinen på Antonshogen



I Naustdal vart det i 1914 reist to bautasteinar til minne om dei soldatane frå Naustdal som var med i krigen 1807-1814. Den eine steinen står på Bervellene i Naustdal sentrum, den andre på Antonshogen på Fimland i Instedalen. Steinen på Fimland vart reist til minne om to brør frå Svorstølen.

Minnesteinen på Antonshogen om dei to brørne frå Svorstølen som var med i krigen 1807-1814, vart avduka 7. juni 1914. Personane er etterkomarar etter desse.

Minnesteinen på Antonshogen om dei to brørne frå Svorstølen som var med i krigen 1807-1814, vart avduka 7. juni 1914. Personane er etterkomarar etter desse.

Eigar: Naustdal Fotosamling.

Datering: 1914.

Fotograf: Ukjend.

Steinen på Antonshogen

Bautasteinen på Antonshogen i Instedalen står ved vegen til Svorstølen. Steinen vart reist i 1914 til minne om to brør frå Svorstølen som var med i krigen mot Sverige i åra 1807-1814: Anders Andersson, fødd 1788, som fall, og broren Simon (1790-1886) som kom heim att og tok over heimegarden. Den dugande og kjende regimentsmeden på Bergenhus under same krigen, Erik Larsson Svorstøl, var farbror til Anders og Simon.
Det var ungdomslaget Framsteg i Instedalen som tok intiativet til å få reist steinen. Inskripsjonen på framsida er: "Dei gjæve feder i arv oss gav eit gjetord som lever ut yver grav." Orda er eit Blix-sitat. På baksida står: "Reist av instedølingar 7de Juni 1914."

Då steinen vart avduka 7. juni 1914, var det mykje folk samla. Etterkomarane og slekta til dei to var særskilt innbedne. Lærar Kristian Eimhjellen heldt avdukingstalen, men tre kraftige saluttar som vart avfyrde like ved, gjorde til at vegetasjonen tok fyr. Folk måtte avgarde å sløkkje og talen måtte avbrytast.

Samlingsstad for grenda

I mange år etter at bautaen vart reist, var det vanleg at folk i Instedalen samlast der 7. juni, om lag som ein 17. mai. Instedølingen, diktaren Anfinn Bruflot, skreiv i 1927 ein prolog på 8 vers til bautasteinen. Vers 2, 3 og 4 lyder slik:

No stend me samla kring feders minne,
det er mot høgdi, ja langt herinne.
Me takkar feder som livet gav,
me byggjer landet frå fjell til hav.

Me minnest vil våre gjæve feder
og fylgje trutt deira gode seder.
Me minnast vil deira store dug,
me gøyme vil deira varme hug.

Dei livet for heimen og landet gav,
dei stod på vakt til dei seig i grav.
Dei verna trutt både land og heim
der ute i ville krigarsveim.

Den andre minnesteinen

Den andre "1807-1814-steinen" står på Bervellene i Naustdal sentrum og vart avduka 17. mai 1914. Her var det Naustdal ungdomslag som tok iniativ til at det skulle reisast ein stein til minne om dei frå Naustdal som var ute under krigen 1807-1814.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Kleiveland Geir: Naustdal Bygdebok. Band II. Naustdal 1997.
Kleiveland Geir: Naustdal Bygdebok. Band III. Naustdal 1999.
Bygdebladet. Naustdal 1927.
Firda, Førde 1998.
Nordre Bergenhus Amtstidende. Florø 1914.
Nordre Bergenhus Folkeblad. Florø 1914.
Barstad, H. J.: Bergens forsvar i 1801 og 1807-1814. Bergen 1887.

PERMANENT IDENTIFIKATOR