Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. november 2003

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnesmerke over museumsmannen - godseigar G. F. Heiberg



Ved inngangen til De Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum på Kaupangerskogen står eit minnesmerke over grunnleggjaren, godseigar G. F. Heiberg. Minnesmerket vart avduka søndag 26. august 1951. Heidersmedlem i Sogn Historielag, Anders A. Skaasheim, heldt avdukingstalen.

Museet på Kaupangerskogen. Heiberg-minnesmerket står ved hovudinngangen.

Museet på Kaupangerskogen. Heiberg-minnesmerket står ved hovudinngangen.

Eigar: De Heibergske samlinger Sogn Folkemuseum

Datering: 1988.

Fotograf: Ragnar Albertsen

Minnesmerket

Heiberg-minnesmerket er ei byste i støypt bronse plassert på postament i lys granitt. Grunnleggjaren av De Heibergske samlinger - Sogn Folkemuseum står vendt mot vegen inn til hovudbygningen på museet, vendt mot dei som går til og frå, mot tilsette og tilreisande.

På postamentet står innhogge: G. F. Heiberg * 31. mai 1871 * 20. november 1944.

Minnesmerket vart flytta frå Amla til det nye museumsanlegget på Kaupangerskogen kort tid etter 1980. Museet vart offisielt opna av kong Olav i 1984.

Stemne

Til avdukinga skipa Historielaget for Sogn til stemne. På programmet stod tale av Lars Uglum (ordførar i vertskommunen Sogndal og rådsformann), Anders Skaasheim (soussjef og æresmedlem) og P. S. Hjermann (ordførar i Lærdal og nestformann i styret). Sogndal Musikklag spela og det var omvising i museet.

"kviskrar soge frå kvar krok"

Ordførar Uglum helsa velkomen, og hadde ei særleg helsing til enkefru Anna Heiberg:

"Det kviskrar soge frå kvar krok her. Soga er ein tale som ikkje lyder serleg aktuell i vår tid, men soga er ein god læremeister og ein kulturfaktor av største verd. G. F. Heiberg var ein av dei som lærde oss å ta vare på sogeminna, og me er sers takksame mot han for det. Han tok opp ein kongstanke, og difor er me komne saman her for å avduka bysta av han".

Frå familiemuseum til folkemuseum

I 1951 hadde det som byrja som eit familiemuseum på Amla vokse til kring 20 bygningar og 19 000 gjenstandar. Skaasheim gav i sin tale eit riss av utviklinga:
Hans H. Knagenhjelm Heiberg byrja samlararbeidet og sonen Gert Falck Heiberg heldt fram. I 1909 vart Historielaget for Sogn skipa. Då hadde Heiberg bygd museumsbygning og sett opp Underdalsstova. I tillegg hadde han samla 2000 bokførde gjenstandar i det han kalla Sogn Folkemuseum. Seinare vart namnet endra til Dei Heibergske Samlinger - Sogn Folkemuseum, av di ein ville ha Heibergnamnet knytt til namnet. Kommunane kom no med, og Kyrkjedepartementet oppnemnde ein representant i styret.

"gamalt skraml"

Skaasheim fortalde om mannen, G.F. Heiberg:

"- Heiberg hadde ei merkeleg evne til å finna fram til dei ting han ville ha tak i og han hadde ein utrøytteleg energi. Folk sa at han bar på gamalt skraml. Etter kvart fekk ein augo opp for at "skramlet" er ein verdfull kulturskatt.

Heiberg var sjølvlærd i historie- og museumsfaget, og uvanleg kunnskapsrik. Han var den mannen som visste mest om dei gamle handtverk og reiskapar. "Han var så kunnskapsrik," sa talaren, "at han jamvel kunne gje vitskapsmenn rettleiing."

 

Til minne og påminning

Til slutt sa Skaasheim noko om kva minnesmerket var meint å stå for. "- Bysta skal minna oss om det verket som her er gjort, og minna oss om at framtida åt folket krev at det ikkje gløymer fortida si."

Major Per Tang (rådsmedlem) løyste så flagget og "dei kjende andletsdraga lyste i solglansen". Stemnelyden heidra minnet med eitt minutts stille.

Miljøet skaper mannen og verket

P. S. Hjermann heldt tale for fru Anna Heiberg. Han heldt fram at det er miljøet som skaper mannen og verket. Heimen er den plattforma mannen står på i arbeidet. Talaren takka fru Heiberg for at ho stod trufast ved sida til mannen sin og gav han "den plattform" han trong.

Høvesong

Til stemna hadde signaturen "A.S." (Anders Skaasheim) skrive ein høvesong til tonen At far min kunne gjera. Tredje verset er slik:

Stort minne Heiberg sette
I Amla ved sitt verk.
Han hadde framsyn rette
og ættekjensla sterk.
Di skal hans namn oss minna
at han var tidartolk.
Han verdet kunde finna
hjå arbeidshuga folk.

kjelder:

Song til avdukinga.
Avisa Sogn og Fjordane. 28.08.1951. Hermansverk.
Tidsskrift. Nr. 16. Historielaget for Sogn. 1953.
Informasjon frå: Gjert Heiberg, Sogndal.
Norsk Biografisk leksikon. Bd. 4. Oslo 2001.

PERMANENT IDENTIFIKATOR