Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. juni 2008

Sist oppdatert 21. mars 2019

Kategori

Island - Torfæus-minnesmerket på Karmøy



I 1936 vart det reist minnesmerke over Tormod Torfæus (1636-1719), mannen som skreiv den fyrste noregssoga etter Snorre Sturlason si Heimskringla på 1200-talet. Torfæus arbeidde òg for å laga ein "Norges beskrivelse" og vende seg til mange prestar og andre for å få opplysningar om tilhøve rundt om i landet. Eit av dei best kjende svara - om Sogn - kom frå prost Ivar Erichsen Leganger i Vik.

<p>Torf&aelig;us-minnesmerket i Kopervik.</p>

Torfæus-minnesmerket i Kopervik.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2015

Fotograf: Hermund Kleppa

Minnesmerket

Torfæus-minnesmerket står i byparken i Kopervik. Det er ei byste laga av bilethoggar Erik Haugland (1894-1965). Minnesmerket vart reist til 300-årsdagen for Torfæus fødsel, 6. september 1936. Namnet TORMOD TORFÆUS står nede på bysten, årstala 1636-1719 på fotstykket.

Avdukingstalen

Historikaren Didrik Arup Seip (1884-1963) heldt avdukingstalen. Han fortalde om islendingen Tormod Torfæus si tilknytning til garden Stangaland på Karmøy og om kva det var som kvalifiserte han for eit minnesmerke; - det store arbeidet hans med noregssoga. Talen står i Stavanger Turistforening si årbok 1936.

Torfæus tok opp arven etter Snorre

Noreg kan takka to islendingar for mykje av den eldste soga si. Etter Snorre Sturlason (1179-1241) si fyrste norgessoge Heimskringla på 1200-talet, fylgde Thormod Torfæus opp med Historia rerum Norvegicarum snaue 500 år seinare. Soga går fram til 1387 og kom ut i 1711. Både dette verket og andre verk av Torfæus byggjer på eit omfattande arbeid med å samla, studera og skriva av gamle kjeldeskrift.

Torfæus skreiv ei rekkje verk om nordmennene i eldre tider, om nordmennene i Vesterhavet, på Orknøyane, Færøyane, Grønland og Vinland. Han meinte at kongen av Danmark og Norge skulle gjera krav på Canada fordi Leiv Eiriksson hadde oppdaga landet, og han ville òg ha Orknøyane tilbake til Danmark/Noreg.

Budde på Karmøy

Tormod Torfæus budde så og seia heile sitt vaksne liv på garden Stangeland på Karmøy. Han vart fødd 27. mai 1636 på Engey, ikkje langt frå Reykjavik og hadde døypenamnet Tormod Torfason. Etter latinskule på Skàlholt tok han embetseksamen i teologi ved universitetet i København. Kort tid etter fekk han stilling som kongeleg oversetjar av islandske handskrift.

I 1665 fekk han embete i Noreg som kontrollør av rekneskapa til futar og andre embetsmenn. Embetsdistriktet hans omfatta Stavanger bispedøme som på den tida strekte seg heilt aust i Telemark. Same året gifte han seg med den velståande enkja Anna Stangaland på Karmøy og vart seinare buande på garden Stangaland til sin døyande dag i 1719.

Kongeleg historiograf

Torfæus vart løyst frå embetet som rekneskapskontrollør og vart i staden utnemnd til til kongeleg norsk historiograf (historieskrivar) med rang og løn som professor. Frå Danmark fekk han tilsendt mange gamle skinnbøker frå Kongen sitt bibliotek og hadde dei i arbeidet sitt i fleire år. På grunnlag av dette kjeldematerialet skreiv Torfæus om nordmennene på Orknøyane, Færøyane, Grønland og Vinland.

Noregssoge i seks bind

I 1711 kom Tormod Torfæus sitt hovudverk ut, Historia rerum Norvegicarium, ei samanhengjande noregssoge frå dei eldste tider til 1387. Fram til 2008 har verket berre vore tilgjengeleg på latin. Det var difor ei storhending då tre bind av i alt seks av den første utgåva på norsk blei lansert 20. april 2008. "Utgivelsen (..) representerer avdukingen av eit littererært Osebergskip", skreiv primus motor i arbeidet, Torgrim Titlestad.

Merknad 2015: Tormod Torfæus si noregssoge i seks bind komplett. «Et halvt mirakel», var tittelen på historikar og professor Erling Sandmo si melding i BT 30. januar 2015.

To historikarar om Torfæus og noregssoga hans

Arne Magnusson (1663-1730), den kjende islandske handskriftsamlaren, skriv om Tormod Torfæus i Levned og Skrifter II:

"Hos den Norske Nation bør hand at vere høit anskreven, saasom en, der fremfor alle skribenter haver udbredet og kunnbargjordt dens Ære og reputation. Og udi Iisland bør hand at ansees som sit Fædrelands store Ziirat og Ære."

Halvdan Koth om firebindsverket Norges-historie i Våre høvdinger I:

"[det] - blev en merkepel i vår historie, fordi de inneholdt den første særskilte fremstilling av norsk historie på mange hundre år."

Påtenkt "Norges beskrivelse"

Torfæus tenkte på å laga ein "Norges beskrivelse" der lokal historie skulle vera ein del av innhaldet. Han gjekk i gang med å samla tilfang ved å skriva til prestar og andre embetsmenn rundt om i landet. Eit av dei best kjende svara han fekk, var frå presten Iver Erichsen Leganger (1629-1702) i Vik i Sogn. Leganger oppsummerte med at det nok stod betre til i landet i eldre tider. Han slutta med desse orda: "Vældige findis nu icke meere Landet som i gammel dag."

Utdrag i Årbok for Sogn

Torfæus hadde brevskifte med Leganger. Dei skreiv på latin. Både utgreiinga til Leganger om prestegjelda i Sogn og brev finst oppbevarte i det danske riksarkivet. Eit utdrag av utgreiinga og ei innleiing står i nummer 1 av Årbok for Sogn (1910). Artikkelen er skriven av presten Johannes Brochmann som og oversette frå latin.

Det gamle Framnes

Fylkesbaatane i Sogn og Fjordane byrja rutefart Sogn og Fjordane-Bergen i 1858. Dei to første skipa fekk historiske namn, Framnæs og Fjalir . Fjaler var i eldre tid namnet på eit landskap, eit område i ytre Dalsfjord. Framnes er bortkome som stadnamn (om det då i det heile nokon gong har eksistert, det førekjem i den islandske fornaldersoga om Fritjov den frøkne), og det er ikkje heilt sikkert kvar det gamle Framnes var. Det har vore tale om to alternativ, Vangsnes i Vik eller eit nes på Hermansverk. Leganger held på "Fremre Njøs (forreste nes)" og forklarer kvifor.

"Hele det lange strøk som prestegaarden Leikanger kaldes nu Sjøstrand, d.v.s. stranden mot sjøen, som her overalt skvulper ind imot den, en egn ved fjordens bred. Saaledes forklarer man ialmindelighet stedets navn, som fordums kaldtes Syrstrand.

(..) Dette Framnæs og Syrstrand skal i gamle dage ha utgjort en eneste gaard. Saavidt man nu kan forstaa, menes dermed intet andet end Øvre eller Fremre Njøs (forreste næs), som begge ligger inderst i Syrstrand. Her staar endnu en forlatt stenkirke, og gaarden siges at ha tilhørt en mægtig mand. Herfra kan man se bortover hele fjordbredden i Syrstrand."

 

kjelder:

Seip, Didrik Arup: Tormod Torfæus. Tale ved avduking av Torfæus-bysten i Kopervik, 6. september 1936. I Årbok 1936. Stavanger Turistforening 1936.
Norsk Biografisk leksikon. Bind 9, 2005.
Brochmann, Johannes: Provst Ivar Legangers skildring av Sogn. I Tidsskrift. Historielaget for Sogn, nr. 1, 1910.
Munthe, Christopher Morgenstierne: Sognske patriarker. I Tidsskrift. Historielaget for Sogn, nr. 4, 1920