Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 11. oktober 2000

Sist oppdatert 28. mai 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over bygdesogegranskaren Jacob Aaland



Jacob Aaland (1865-1950) er ein av dei tre store bygdebok-klassikarane i Sogn og Fjordane. Dei to andre er Albert Joleik (Sunnfjord) og Jon Laberg (Sogn). I 1965 vart det det avduka ein minnestein over han på Nordfjord Folkemuseum.

Minnesteinen over Jacob Aaland på området til Nordfjord Folkemuesum på Sandane.

Minnesteinen over Jacob Aaland på området til Nordfjord Folkemuesum på Sandane.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2001.

Fotograf: Hermund Kleppa.

Relieff og innskrift

Aalandsteinen på Nordfjord Folkemuseum, Sandane, har eit bronserelieff innfelt i steinen like over denne innskrifta:
BYGDESOGEGRANSKAREN * JACOB AALAND * 1865 - 1950 * TAKK FOR GJÆVT * ARBEID *
EID - HORNINDAL * GLOPPEN - BREIM * INNVIK - STRYN * DAVIK - SELJE - * NORD- OG SØR-VÅGSØY
På baksida står: REIST 1965

Jacob Aaland

Bygdesogegranskar og lærar Jacob Aaland, fødd 27. april 1865 på Åland i Stryn, var son til husmann Anders Pederson Hammer (1826-1890) og Brite Jensdotter Åland (1827-1866.) Han gjekk amtsskulen i Gloppen og tok eksamen ved Stord lærarskule i 1884. Sidan var han lærar i 48 år, dei fyrste åtte åra fleire stader på Austlandet, i tida 1892-1932 i Bergen. I Bergens-perioden hadde han ymse avbrot for andre gjeremål, m.a. bygdebokarbeidet, og 1917-1919 som redaktør i Fjordenes Blad, Nordfjordeid, (frå 1921: Fjordabladet).
Aaland var ein føregangsmann i lokalhistorisk granskingsarbeid. Han var med og skipa Nordfjord historielag i 1907 og arbeidde i fleire år på bygdebokverket "Nordfjord fraa gamle dagar til no". I åra 1909-1943 kom fylgjande bøker ut: Eid og Hornindal 1909 (ny utgåve ved Edvard Os 1953), Gloppen og Breim 1915, Innvik og Stryn 1932 (ny utgåve 1974), Davik 1939, og Selje og Vågsøy 1943. Dessutan skreiv han bygdebok for Fitjar i Sunnhordland 1933.
Jacob Aaland døydde 18. oktober 1950 i Gloppen og ligg gravlagd på Fredly kyrkjegard.

Arbeidet med steinen

Det var Nordfjord Sogelag som på årsmøtet i 1964 gjorde opptak om å reisa ein minnestein over Jacob Aaland, og det var nordfjord-kommunane som etter oppmoding sytte for finansieringa.
Dei leita lenge og vide etter eit høveleg emne, og fann det attmed vegen på Myklebust på Nordfjordeid. Vegvesenet og Fylkesbaatane frakta steinen gratis til Sandane der steinhoggar Arnold Solheimsnes frå Jølster tok seg av innhogginga av innskrifta. Han fekk fyrst innskrifta teikna på papir, skar så hol og festa papiret til steinen. Det møysommelege arbeidet med å hogga ut kvart teikn gjennom opningane tok åtte dagar.
Steinen står 60 cm nede i bakken faststøypt i eit fundament som går til telefri djupn.

Avdukinga

Avdukingshøgtida vart halden søndag 26. september med fyrste delen av programmet i den nye Firdahallen i nærleiken. Det var folk frå heile Nordfjord og mange frå næraste familien og slekta. Ola T. Eide, formann i minnesteinnemnda, ynskte velkomen. Leif Arnold Loen las ein sjølvskriven prolog før Rolf Fladby, styrar for Norsk Lokalhistorisk Institutt, heldt hovudtalen og greidde ut om Aaland sitt lokalhistoriske granskingsarbeid sett frå ein fagleg synsstad.
I vakkert haustvêr samla så folket seg kring den flaggsveipte minnesteinen på museumsområdet der programmet opna med musikk av Sandane hornmusikk og Breim hornmusikk. Olav A. Loen heldt avdukingstalen og let duken falla. Minnesteinen vart høgtidleg overlevert fleire etter tur, sist til Nordfjord Folkemuseum. Gloppen kommune lova å ta på seg ansvaret for vedlikehaldet, å syta for at steinen "skulle verte ståande med sømd." Til slutt takka Asmund Aaland på vegne av familien for den store vyrdnaden som på denne måten var synt far hans.

"Sogemann"

Leif Arnold Loen skreiv prolog til avdukingshøgtida.
Fyrste verset lyder slik:
Sogemann - han steig fram,
let si røyst i hallen ljoma,
let kvar ungdom til seg koma,
og vår soga fekk vi læra,
oss til gang og han til æra.

Minnestøtte i fødebygda óg

Dei er få som får meir enn ein minnestein. Jacob Aaland er ein av dei. I 1977 reiste bygdefolket i Randabygda, fødebygda til Aaland, ein minnestein over den store bygdehistorikaren sin. Dette Aaland-minnesmerket er ei byste på ein kring 1,5 m høg stein. På ei metallplate oppsett under namn, datoar og årstal, står desse orda: HAN SKREIV GARDS- OG * ÆTTESOGA OM NORDFJORD. * FRÅ GAMLE DAGAR TIL NO. * MED VYRDNAD SKAL * VERKET HANS VYRDSLAST. * BYGDEFOLKET REISTE * DENNE STEINEN ÅR 1976.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Jacob Aaland til minne. I: Jul i Nordfjord. 1965.
Norsk Allkunnebok. Bind 10. Oslo 1964.
Aaland, Jacob: Nordfjord frå gamle dagar til no. Dei einskilde bygder. Innvik - Stryn. Ny utgåve. Sandane 1974.
Djupedal, Reidar: Jacob Aaland. I: Årbok for Nordfjord. Sandane 1965.

PERMANENT IDENTIFIKATOR