Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Dannebrogsmann i Dvergsdalen



På den tidlegare bygselplassen Lyngneset under Dvergsdalen i Jølster står det ei minnestøtte over Dannebrogsmannen Per Kleppe. Per vart dekorert med eit heidersteikn av Dannebrogs-ordenen for ein særleg prestasjon i "Svenskekrigen" i 1808.

<p>Minnesteinen over Dannebrogsmannen Per Kleppe vart reist i 1914. Same &aring;ret vart det reist mange steinar kring i fylket til minne om&nbsp;krigsinnsatsen i ufreds&aring;ra 1807-1814.</p>

Minnesteinen over Dannebrogsmannen Per Kleppe vart reist i 1914. Same året vart det reist mange steinar kring i fylket til minne om krigsinnsatsen i ufredsåra 1807-1814.

Eigar: Sunnfjord Museum, SUMf-83008.0053

Datering: 1914.

Fotograf: Ukjend.

Minnesteinen

Minnestøtta på Lyngneset står på ei høgd like ved vegen langs Jølstravatnet. Den vel 3 meter høge steinen har innskrift på sida som vender mot vatnet. Det står innhogge:

1814 * REIST I TAKKSEMD * MOT VINNAREN AV * DANEBROGSORDENEN * Per Løngnes * (FØDD PAA KLEPPE) * OG HINE FEDRE- * LANDSVERJARANE * FRAA JØLSTER 1914 * LAT OSS * VERJA LANDET * SO DEI (tyder: slik som dei gjorde) (* tyder ny line)
 

Steinen vart reist i 1914 etter opptak frå lærar Johannes Anderson Klakegg som var lærar i Dvergsdalen då. Jeremias J. Klakegg var visstnok mannen som ordna med innskrifta, og ein kar frå Sunde var med på arbeidet med steinen elles. Lærar Klagegg heldt avdukingstalen.

Krigen 1807-1814

Under Napoleonskrigane vart kongeriket Danmark-Noreg i åra 1807-1814 ståande på Napoleon si side, noko som medførte at tvillingriket kom i krig med alliansen mot Napoleon, m.a. Sverige og England. Mange nordmenn vart i åra 1807-1814 utkommanderte til militærteneste, og var ved fleire høve i trefningar med svenske styrkar i grensetraktene på Austlandet. Dei fleste kom heilskinna frå krigshandlingane, men mange vart skadde og fleire miste livet. Somme stader i fylket vart det til jubileumsåret 1914 reist steinar til minne om soldatar som sette livet til i ufredsåra 1807-1814, og til minne om dekorerte krigsmenn.

Dannebrogsmenn

Under krigen vart somme krigsmenn dekorerte med heidersteikn av Dannebrogsordenen for ekstraordinær innsats. Slike vart seinare gjerne omtala som Dannebrogsmenn.

Den danske Dannebrogsordenen vart skipa av Christian V i 1671 og var opphaveleg berre for adelege personar. I 1808 vart ordenen omdanna til "et utvortes tegn på erkjent borgerverdighet", eit heidersteikn kvar og ein kunne gjera seg fortent til. Same året vart Dannebrogsmennenes hederstegn oppretta. I praksis var det den lågaste graden i ordenen. Dette heidersteiknet vart tildelt folk som på ein særleg måte hadde gagna fedrelandet, t.d. i krig.
 

I Jølster hadde dei to Dannebrogsmenn. Den eine var Nils Olsson Årdal, fødd Helgheim frå Årdal, den andre Per Lyngnes, fødd i Breim. Per blei dekorert med Dannebrogsordenen "for særdeles Kiækhed og Mod" ved krigshandlingane ved Berby i Østfold i september 1808, der han berga "sine Kamerater ud af Fangenskab".

Per Lyngnes

Per (eller Peder) Pederson, fødd 1782 på Kleppe i Breim, var bygselmann på Lyngneset under Dvergsdalen. Han var gift med Mari Danielsdotter frå Kjøsnes. Dei hadde 3 born, Pernilla, Daniel og Mård. Per døydde på Lyngneset i 1846, 63 år gamal. Enkja døydde i 1849, 65 år gamal. Bygdeboka for Jølster har ikkje opplysningar om kvar det vart av borna, anna enn at det visstnok skal ha vore ein etterkomar tilstades då minnestøtta vart avduka i 1914.

Bygselplass

Bygselmenn er typisk for Vestlandet. Ein bygselmann var i røynda ein husmann som budde på ein liten plass, ofte berre ei hustuft. Leiga for ein bygselplass vart for det meste betalt i reie pengar sidan arbeidsplikta til garden var svært lita. Bygselhusmannen livnærte seg i hovudsak utanfor plassen og garden, i handverk, daglønt arbeid o.l.

kjelder:

Klakegg, A. O: Fredriksten - ein skjold for Noreg. I Jol i Sunnfjord. Førde 1960.
Klakegg, A. O.: Bygdebok for Jølster. Ættesoge. 1801-1874. Bergen 1985.
Norsk Historisk Leksikon. Oslo 1999.
De Kongelige Ordernes Historiograf, København:
Dannebrogsmandprotokoll 1808-1812, nr. 218.

PERMANENT IDENTIFIKATOR