Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. juli 2001

Sist oppdatert 09. juli 2021

Kategori

Kommune

Språk

Rå-data

Minnestein over falne ved Davik kyrkje



17. mai 2000 blei det avduka ein minnestein ved Davik kyrkje over tre menn som miste livet i verdskrigen 1939-1945. To sette livet til på ein britisk/norsk ekspedisjon til Svalbard i mai 1942. Den tredje omkom då skipet han var ombord på sokk etter torpedering på veg frå England til Oslo. Det var Davik sokneråd som reiste steinen.

Minnesteinen over dei tre ungdomane frå Davik sokn som fall i krigen 1940-1945 vart avduka 17. mai 2000. Æresvakta frå venstre: Steffen Hamre, Rune Hausle (delvis skjult), Marius Lien og Magnus Nybø. Roar Førde heldt avdukingstalen.

Minnesteinen over dei tre ungdomane frå Davik sokn som fall i krigen 1940-1945 vart avduka 17. mai 2000. Æresvakta frå venstre: Steffen Hamre, Rune Hausle (delvis skjult), Marius Lien og Magnus Nybø. Roar Førde heldt avdukingstalen.

Eigar: Roar Førde/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2000.

Fotograf: Hans Bakke.

På kyrkjegarden i Davik

Minnesteinen står tett attmed kyrkjegardsmuren ved det søraustre hjørnet av kyrkja. Steinen er laga til av eit emne dei fann i ein mur på fødestaden til ein av dei falne, Ingvald Elias Bøen. Han er kring 62 x 25 cm i firkant, kring 1 m høg, og er festa i eit rektangelforma fundament som går ca. 15 cm over bakken.
På steinen står skrive:

INGVALD ELIAS
KRISTENSON BØEN 
31.8.1905 - 14.5.1942
SIGVALD KRISTIAN 
MARTINSSON HØYLAND 
9.2.1925 - 14.5.1942 
ERLING MYRLIE 
20.3.1916 - 20.1.1940
STEINEN ER REIST TIL MINNE
OM DEI TRE FRÅ DAVIK SOM
MISTE LIVET UNDER DEN
2. VERDSKRIGEN
DAVIK SOKN
2000

Minnesteinen vart avduka 17. mai 2000, og varaordførar Roar Førde heldt avdukingstalen.

Bilete av minnesteinen.

Biografiar i bokverket Våre Falne

HØILAND, SIGVALD KRISTIAN, lagerarbeider, Davik. Født 9. februar 1923 i Davik, s. av Marthinus P. Høiland, f. 1875 i Davik og Oline f. Bøen 1886, s. st. Arbeidet på lageret ved Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S på Svalbard. Kom til Skottland fra Svalbard september 1941 og tjenestgjorde i Hæren. Omkom 14. mai 1942 på en ekspedisjon til Svalbard da skipet ble angrepet av tyske fly.

Bilete av Sigvald Høiland.

BØEN, INGVALD ELIAS, stuert, Davik. Født 31. august 1903 i Davik, s. av Kristen P. Bøen, f. 1859 i Davik, d. 1905, og Ane Iversdatter f. Dombestein, f. 1859 i Davik. Gift 1934 i Davik med Marie Kristofine Svendsen, f. 1909 i Haram. 1 barn. Stuerteksamen. Proviantforvalter ved Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S Svalbard. Kom til England fra Svalbard i september 1941 og gikk inn i Hæren. Omkom 14. mai 1942 ved Svalbard under en ekspedisjon fra England da skipet ble angrepet av tyske fly.

MYRLIE, ERLING, kokk, Davik. Født 20. mars 1916 i Oslo, s. av Elise Myrlie. Var kokk på d/s Miranda, og omkom 20. januar 1940 da skipet sank etter en eksplosjon, ca. 30 n. mil av Peterhead i Skottland, på reise fra Blyth til Oslo.

Bilete av Erling Myrlie.

Fritham-ekspedisjonen

Tyskarane heldt seg unna Svalbard etter okkupasjonen i april/mai 1940, og sambandet med fastlands-Noreg var nokolunde som før. Men i august 1941 skjedde ei dramatisk endring. For å hindra Tyskland å dra nytte av kolproduksjonen, vart Svalbard evakuert. Den russiske befolkninga vart skipa til Murmansk, den norske til Storbritannia (mellom dei var ungdomane Bøen og Høiland frå Davik). Ved evakueringa sette dei fyr på eit enormt kollager, og gjorde vitalt produksjonsutstyr ubrukande.

Tyskarane vart raskt kjende med evakueringa, og utnytta situasjonen. Dei utbetra ei landingsstripe og sette opp eit par vêrvarslingsstasjonar. Dei sende og ei ekspertgruppe for å sjå nærare på kolgruvene, men dei hadde få folk og lite materiell på overvintring.

Britane forstod snart at evakueringa var eit feilgrep, og våren 1942 vart ein ekspedisjon på 82 mann sendt avgarde på to skip, isbrytaren "Isbjørn" og fangstskuta "Selis" for å "okkupera" øygruppa og halda oppsyn med gruveanlegga. Ekspedisjonen, som hadde namnet Fritham, kom fram 13. mai. Den næraste kystlina var islagt, og medan "Isbjørn" braut seg fram det siste stykket, blei skipa påtekne av 4 langtrekkjande bombefly frå Banak i Finnmark. Begge skutene gjekk ned og 14 mann miste livet, mellom dei Høiland og Bøen. Dei attlevande greidde å koma seg til lands og berga seg til det kom hjelp.Bilete av fangstskuta "Selis."

Bilete av isbrytaren "Isbjørn."

Leiaren fødd i Solund

Leiaren for Fritham-ekspedisjonen, Einar Sverdrup, direktør ved Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, var fødd i Solund. Han var son til Johan Edvard Sverdrup som var sokneprest i Solund i åra 1893-1898. Sverdrup var ein av dei 14 som omkom i flyåtaket, og i verket "Våre Falne" står det om han:

SVERDRUP, EINAR, direktør, Bærum. Født 18. desember 1895 i Solund, s. av professor Johan Edvard Sverdrup, f. 1861 i Balestrand, og Agnes f. Vollan, f. 1866 i Norderhov. Gift 1923 i Trondheim med Dagny Lorck, f. 1899. 3 barn. Krigsskolen, bergingeniør N.T.H., studier i U.S.A. Var direktør for Store Norske Spitsbergen Kulkompani A/S, og kom til England i september 1941 da Svalbard ble evakuert. Tok straks opp arbeidet for å få utrustet en ekspedisjon som skulle besette Svalbard og verne om anleggene. Ble leder for ekspedisjonen og fikk oberstløytnants gard. Omkom 13. mai 1942 da ekspedisjonens skip "Isbjørn" ble senket av tyske fly i Grønfjorden. Krigskorset. Omtalt i Teknisk Ukeblad nr. 17, 1945."

D/S "Miranda"

Erling Myrlie var ein av nordmennene som vart offer for krigshandlingar til sjøs f ø r Norge kom med i krigen 9. april 1940. Skipet han var på, D/S "Miranda" på 2 100 tdv tilhøyrande reiarlaget J. M. Johannesen, var på veg frå Blyth på den engelske austkysten til Oslo då skipet vart torpedert av ein tysk ubåt. Av mannskapet på 17 vart berre 3 berga og tekne inn til Kirkwall på Shetland.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Våre falne. Oslo 1949-1951.
Fjærlie, Eystein: Krigens Svalbard. Oslo 1979.

PERMANENT IDENTIFIKATOR