Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Kommune

Rå-data

Bautasteinen på Bervellene i Naustdal



I Naustdal vart det i 1914 reist to bautasteinar til minne om dei frå bygda som var med i Napoleonskrigane 1807-1814. Den eine steinen står på Bervellene i Naustdal sentrum, den andre på Antonshogjen på Fimland.

Bautasteinen i Naustdal sett mot nord.

Bautasteinen i Naustdal sett mot nord.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2013

Fotograf: Hermund Kleppa

Avduka 17. mai 1914

Naustdal Ungdomslag tok opp tanken om å reisa ein minnestein og spreidde han til dei andre ungdomslaga. Alle ville vere med på å yte det som trongst for å få minnesmerket reist.
Steinen vart funnen i Eikelia. Han er 8,5 m høg og ser ut til å vere av gneisgranitt. Han vart reist om våren i 1914 og avduka 17. mai dette året, og ved det same høvet overlevert til Naustdal kommune. Staden er Bervellene, like ved den gamle hovudvegen til Naustdal sentrum.

Innskrift

På sørsida av steinen finn vi øvst innhogge det norske riksvåpenet med løva, og vidare fylgjande innskrift: MINNE UM DEI MENN FRAA NAUSTDAL SOM I 1807 - 1814 STRIDDE FOR HEIM OG FEDRALAND
På nordsida les vi: STEINEN REIST AV BYGDAFOLKET 17DE MAI 1914.

Vedlikehald

I eit område velsigna med nedbør, vil ein stein gro til med lav og mose. Leiaren i 17. mai-nemnda i Naustdal, Harald Jarl Runde, gjorde opptaket til at bautasteinen vart vaska og innskrifta måla oppatt i høve 17. mai og frigjeringsfesten i 1995. Arbeidet vart utført av folk frå kommunen. Steinen vart på nytt vaska av Målfrid Haugsbakk i 1998.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Birkeland, Bertel: Gammelkarene i Naustdal. I Nordre Bergenhus Folkeblad. 26.03.1914. Florø.
Nordre Bergenhus Amtstidende. 30.03, 27.05.1914. Florø.
Firda. 15.10.1998. Førde.
Opplysningar frå:
Harald Jarl Runde, Naustdal.

PERMANENT IDENTIFIKATOR