Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 26. september 2014

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Meiningar om vernehelgen på Veitastrondvegen



Sommaren 2014 hende noko uvanleg på eit veganlegg i Sogn og Fjordane. Ein katolsk prest heldt messe. Han velsigna arbeidet og plasserte ein vernehelgen-figur ved tunnellopninga. Statens Vegvesen deltok i seremonien. Byggherren har ikkje vanskar med å knytta vernehelgen-saka til HMS-tenkinga; - arbeidet for å førebyggja arbeidsulukker. Men ikkje alle tykkjer det er greitt med ein «religiøs seremoni» ved eit offentleg vegprosjekt.

<p>Rassikringsarbeid Veitastrondvegen 2014. Heile arbeidsstyrken p&aring; rassikrings-anlegget ved Bj&oslash;rnebakkane p&aring; Veitastrondvegen samla under seremonien 21. august 2014. </p>

Rassikringsarbeid Veitastrondvegen 2014. Heile arbeidsstyrken på rassikrings-anlegget ved Bjørnebakkane på Veitastrondvegen samla under seremonien 21. august 2014.

Eigar: Gunnar Kleven/Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane.

Datering: 2014

Fotograf: Gunnar Kleven

Rassikring ved Bjørnabakkane – norsk/tsjekkisk entreprenørfirma

Veitastrondvegen har mange rasfarlege parti og har ofte vore stengd i kortare eller lengre periodar av snøras. Rassikringsarbeidet ved Bjørnabakkane omfattar mellom anna ein tunnell på 1560 meter. Fleire partar er med i prosjektet; - Sogn og Fjordane fylkeskommune som vegeigar, Statens Vegvesen som byggherre, Region Vest, og det norsk/tsjekkiske entreprenørfirmaet Havnen/Metrostav som utfører arbeidet. Både norske og tsjekkiske ingeniørar og bergverksarbeidarer er i arbeid ved Bjørnebakkane. Heile prosjektet skal stå ferdig i 2016.

Tradisjon med religiøst innhald

Det er vanleg praksis i Tsjekkia å setja opp ein figur av helgenen St. Barbara ved store arbeid som inkluderer sprengstoff. St. Barbara skal verna mot ulukker. Tradisjonen førekjem også i andre katolske land. I Noreg hadde vi lenge mange stader ein tradisjon med liknande innhald. Krossmerket vart brukt som vern mot øydeleggjande krefter, sjå t.d. «Bremnes Heradsstyre 1837-1937»

Som berging mot trollty og vonde makter, brukte ein gjerne kross på fjosdøri, stål i mjølkebytta, 3 steinar i båsen når kui vart teki derifrå. Krossmerket vart elles mykje nytta på kjerald, reidskap og garnkaggar.

St. Barbara – vernehelgen

Barbara skal ha levd på 200-talet og var dotter til den velståande ikkje-kristne Dioscorus. Ho vart kristen. Det likte ikkje faren, og det enda med at ho leid martyrdøden. Barbara vart seinare dyrka som helgen, og står som vernehelgen (skytshelgen) for bergarbeidarar, artillerimenn og andre som held på med eksplosiv, sprengstoff, o.l.

Ynskte same tradisjon

Dei tsjekkiske tunnellarbeidarane ynskte at det også blei ordna vernehelgen når dei var på oppdrag i eit anna land, attmed tunnellopninga på Veitastrondvegen. Det hadde ikkje byggherren, Statens Vegvesen, noko i mot. Og det vart halde seremoni ein yrkedag midt i arbeidstida. Alle ved anlegget møtte fram, dei norske tilliks med dei tsjekkiske. I fjellveggen på sida av tunnellopninga var det laga til nisje med installert lys for helgenfiguren. Den katolske presten Piotr Gasior stod føre den høgtidlege handlinga. Han velsigna arbeidet og sette helgenfiguren på plass. Ein journalist frå Sogn Avis la merke til at mange krossa seg. Statens Vegvesen var representert ved ingeniør Eivind Yttri som og sa nokre ord. Vegeigaren, Sogn og Fjordane fylkeskommune, var ikkje tilstades.

Oppslag i riksavisa Vårt Land

Riksavisa Vårt Land hadde oppslag om saka 1. september. Journalisten hadde henta inn synspunkt frå seks personar: 1) Eivind Yttri, seksjonsleiar, Statens Vegvesen, Region Vest, 2) Astrid Bolstad, organisasjonssekretær i Humanetisk forbund, Sogn og Fjordane 3) Stein Dyngen, prosjektleiar, Satens vegvesen, Region vest, 4) Ronny Berg, stortingsprepresentant, Framstegspartiet 5) Sunniva Ørstadvik, likestillings- og diskrimineringsombod, og 6) Sturla Stålsett, leiar for utgreiingsarbeidet NOU Det livssynsopne samfunn, 2013.

Eivind Yttri, Statens Vegvesen

«Vi kan vel sjå det som ein tradisjon ein kan knyte opp mot Vegvesenet sin HMS-tenking, altså arbeid for å unngå ulykker i anleggstida.»

Astrid Bolstad, Humanetisk Forbund

Ho tykkjer «situasjonen er pussig og stiller spørsmål ved at Vegvesenet viser til HMS-tenking.– Kommentaren [til Statens Vegvesen sin representant] kan tyde på at Statens vegvesen stolar på overnaturlege makter for å unngå ulykker i anleggsdrifta. Eg håpar HMS-arbeidet i Statens vegvesen er meir konkret enn som så.»

Stein Dyngen, Statens Vegvesen

«Det er ikkje slik at når ein utanlandsk entreprenør kjem til Norge så skal berre dei tilpasse seg norsk tradisjon. Vi må også kome dei i møte. (…) For oss handlar dette om å ikkje stenge døra mot dei som har andre tradisjonar enn oss.»

Ronny Berg, Framstegspartiet

«Dette blir feil. – Skal vi no få helgenstatuar ved alle tunnelprosjekt? Kva blir den neste religiøse seremonien som statlege selskap skal vere på? Vi burde ikkje ha nokon symbolske eller religiøse seremoniar i det heile teke. Det gjeld uansett om det er kristendom eller kva religion.»

Sunniva Ørstadvik, likestillingsombod

«Det er flott med dette eksempelet frå Vegvesenet. – Eg får inntrykk av at arbeidsgivar har fått til et usedvanlig godt samarbeid med sine tilsette om deira ynskje for religionsutøving.»

Sturla Stålsett, leiar for NOU Det livssynsopne samfunn, 2013

«Dette er heilt utmerka. Dette er eit godt eksempel på at eit norsk selskap opptrer med openheit og gjestfridom, og ikkje har berøringsangst når det gjeld livssynspraksis».

 

kjelder:

Avisa Vårt Land, 01.09.2014

Informsjon frå tilsette i entreprenørfirmaet Havnen/Metrostav

PERMANENT IDENTIFIKATOR