Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 27. desember 2000

Sist oppdatert 30. juni 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Dannebrogsmann Hans Lem



Ved Årdal kyrkje på Tangen står det fleire minnesteinar. Lem-steinen vart reist i 1903 til minne om ein namngjeten årdøl frå krigen mot Sverige i åra 1807-1814. På steinen står: Minne * um den * gjæve * løytnant * H. S. Lem * Fyrste * mann * paa * skansen * Riddar * av * Dannebrog.

Minnesteinen på grava til Hans Lem ved Årdal kyrkje på Årdalstangen. Han vart reist i 1903 og det var det nyskipa Tangen Ungdomslag som stod i brodden for arbeidet.

Minnesteinen på grava til Hans Lem ved Årdal kyrkje på Årdalstangen. Han vart reist i 1903 og det var det nyskipa Tangen Ungdomslag som stod i brodden for arbeidet.

Eigar: Jonny Asperheim.

Datering: 2000.

Fotograf: Jonny Asperheim.

Minnestein på grava

Hans Sørenson Lem tenestgjorde i det "Leirdalske lette infanterie compagnie" i alle høve frå 1808 til 1818, fyrst som korporal, seinare som premierløytnant. I ei bok om kompaniet som kom ut i 1901, fortel forfattaren oberst Henrik Angell at grava til løytnant Hans Lem ligg gløymd, overgrodd og vanvyrd på kyrkjegarden i Årdal. - Men ein gong, seier han, vil årdølene setja ein bautastein på grava. Og det skal stå "Stenen reistes til minde om den tapre løitnant Hans Lem. Han var den første på skansen", og orda skal vera skrivne på ekte godt, gamalt sognamål.

Året etter var bautasteinen på plass. Ungdomen hadde teke utfordringa. Tangen Ungdomslag vart skipa i januar1903, og den fyrste store arbeidsoppgåva kan ha vore å reisa ein minnestein på grava til Hans Lem. Den vel 4 meter høge steinen vart hoggen ut or fjellet i Seimsdalen. Innskrifta er nesten ordrett den same som Angell hadde føreslege og ho er skriven i nynorsk målform.

Bilete av innskrifta på Lem-steinen.

Dannebrogsmenn

Krigsmenn som i ufredsåra 1807-1814 vart dekorerte med heidersteikn av Dannebrogsordenen for ekstraordinær innsats, vart seinare gjerne omtala som Dannebrogsmenn.

Den danske Dannebrogsordenen vart skipa av Christian V i 1671 og var opphavleg berre for adelege personar. I 1808 vart ordenen omdanna til "et utvortes tegn på erkjent borgerverdighet", eit heidersteikn kvar og ein kunne gjera seg fortent til. Same året vart Dannebrogmændenes hæderstegn oppretta. I praksis var det den lågaste graden i ordenen. Dette heidersteiknet vart tildelt folk som på ein særleg måte hadde gagna fedrelandet, t.d. i krig.

Bilete av heidersteiknet til løytnant Hans Lem.

Hans Lem vart utnemnd til Dannebrogsmann 22. september 1808 for særlege prestasjonar i trefningar i Kongsvinger-traktene, den 18. mai ved Jaren/Mobekk og 25. mai på Jerpset.

Andre personopplysningar

Hans Sørenson Lem, fødd 06.03.1781, son til Søren Stevelinson Lem og kona Giertrud Olsdotter. Han var eldst i ein syskenflokk på 7. Ei syster, Anna Ørbech, vart gift med eidsvollmannen Per Hjermann Stødno i Lærdal. Med Kirsti Johannesdotter Lægreid hadde han sonen Hans, fødd 18.04.1808. Han døydde i Årdal 29.07.1882 som fattiglem.

I 1821 gifte Hans Lem seg med Anna Jensdotter Hess, fødd 1788, død 1833. Dei bygsla plassen Haugen under Lægreid, kalla Jørn-Ola Haugen. Dei fekk ikkje born.
Premierløytnant Hans Lem søkte avskil frå det militære i 1818. Etter å ha budd i andre høgda i eit naust på Lærdalsøyri dei åra han tenestgjorde ved det leirdalske kompagni, flytta han til Årdal. Han budde fyrst i ei stove på Tangen, seinare i ei røykstove i Seimsdalen. Hans Lem døydde 03.05.1845 og vart gravlagd ved Årdal kyrkje.

Skar hol for føtene

Angell fortel i boka si at ei stove løytnanten budde i var så lita at han ikkje kunne liggja utstrekt i si eiga seng. Sidan Lem var ein høgvaksen og framfor alt ein stram kar, fann han seg i lengda ikkje tilrette med å liggja i krokut stilling. Han løyste vansken ved å hogga hol i veggen rett utfor enden av senga slik at han kunne stikka føtene ut når han sov. Når vinteren kom, snikra han opp ei kasse eller ei tønne som han fylte med høy.

Fyrste mann på skansen

Røykstova han budde i i Seimsdalen vart snart heitande Løytnantstova. Det budde fleire krigsveteranar i Seimsdalen, melloma andre Andris Seim og Jakob i Steinhaugen. Dei kom ofte saman hjå løytnanten, eller andre stader, og prata om ufredsåra og livet i felten. Ved særlege høve iførte den gamle premierløytnanten seg sin fulle mundur, uniform med heidersteiknet, Dannebrogsordenen på brystet og våpenet, ein korde, ved sida.

Angell fortel og om eit møte mellom den pensjonerte løytnanten og den svensk/norske kronprinsen på reise i Sogn. (Oscar, einaste sonen til Karl Johan, reiste gjennom Lærdal på veg frå Bergen til Kristiania i august 1833). Den gamle løytnanten var på plass, denne gongen i sivil, men med Dannebrogsordenen på brystet. Prinsen la merke til den gamle høgreiste mannen som helsa på militærvis. Han stogga og spurde: Kvifor fekk du det korset? Lem svara: Eg var fyrste mann på skansen den 18. mai 1808.

Illustrasjon av kampen om den svenske stillingen.

Julekvelden hjå Andris Seim

Angell fortel at Lem var hjå veteranvenen Andris Seim om julekveldane. "Da kom den gamle løitnant med tegnet paa bringen. Han var saa pudset og fin, at det skjen af ham. Og løitnanten blev sat i høgsædet, og det bedste baaret frem for ham, tre lys stod paa bordet, et lige oppe ved løitnanten. Der stod slig respekt af ham, at det var bare de ældste, som sad ved langbordet og talte med ham. Han var vel vakker, naar han sad der i høgsædet. Han havde slig en aaben, bred pande, haaret var strøget bagover, øinene var store og kvasse."

Gravferda

Hans Lem døydde i stova si på Seim 3. mai 1845. I gravferda møtte fleire krigsveteranar, - nokre halta, andre var skeive i aksla eller sida, - ikkje alle hadde kome heimatt fullt førlege. No stramma dei seg opp så godt dei kunne for å syna den gamle befalingsmannen den siste æra. Thomas Hermundsson fra Aarebru bar heidersteiknet og Henning Lem kården.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Angell, H: Kaptein Jürgensen og leirdølerne hans. 1901.
Angell, H: Syv-aars-krigen for 17de mai. 1807-1814. Faksimileutgåve. 1995.
Bygdebok for Årdal. Band 3. 1985.
Brev frå De Kongeleige Ordeners Historiograf til Fylkesarkivet, datert 03.01.2001.
Kulturhistorisk Atlas og Leksikon for Sogn og Fjordane, artikkel KAL/SFF-177.1424 Bautastein over Lærdalske lette infanteri - kompagni.

PERMANENT IDENTIFIKATOR