Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 05. april 2011

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Minnesmerke ved Hyllestad kyrkje om krigsinnsats



”Innskrifta på steinen skal fortelja seinare generasjonar at ungdomen i 1940 viste mot og stilte opp til forsvar av sitt land 9. april 1940. Innskrifta skal bera ein bodskap til komande generasjonar: ”Vi skal tilgje, men ikkje gløyme.” Dette seier Hans Berge (1923-2005) mannen som reiste minnesteinen om krigsinnsats på plassen attmed Hyllestad kyrkje.

<p>Fr&aring; avdukingsdagen, s&oslash;ndag 7. mai 2000. Om lag 400 var tilstades, blant desse ei stor gruppe Bj&oslash;rn West-veteranar. I bakgrunnen Lihesten.</p>

Frå avdukingsdagen, søndag 7. mai 2000. Om lag 400 var tilstades, blant desse ei stor gruppe Bjørn West-veteranar. I bakgrunnen Lihesten.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 07.05.2000

Fotograf: Ukjend

Steinen

Minnesteinen er 3 meter høg og 60 cm x 40 cm ved rota. Han smalnar oppover til 40 cm i toppen som er skrådd nedover mot høgre. Steinen står på eit fotstykke som har måla 1,40 m x 1,20, x 0,3 m. Både steinen og fotstykket er laga av bergarten sognegranitt frå eit steinbrot i Balestrand.

Innskrift

”Denne bautasteinen er noko onnorleis med di her er mykje meir skrift enn vanleg. Alle krigsveteranane i kommunen er oppførde – anten vedkomande kom frå det med livet eller ikkje.” (Hans Berge i hefte om minnesmerket.)

På framsida står øvst:
”Til minne om” (og tilvising med pil til tre av sidene på støtta):

1) framsida har relieff av kaptein Harald Risnes og innskrifta:
”Kaptein Harald Risnes 1914-1967
Nestsjef for norske commandos. Offiser i kompani Linge. Sjef for Bjørn West i Matrefjella. Tildelt krigskorset med sverd for sin innsats for Fred og Fridom1940-1945.
”Vi skal tilgje, men ikkje gløyme.”

2) på den eine tilstøytande sida står namna på mobiliserte mannskap (63) frå Hyllestad etter krigsutbrotet 9. april 1940 under orda:
”Dei ville verja land og folk.”

3) på den andre tilstøytande sida står:
”På alle hav”
og deretter 12 namn på menn som gjorde teneste til sjøs, i Marinen og Handelsflåten.

På baksida står:
”Reist i år 2000 med støtte frå Heimevernet, Sjøforsvaret og folket.”

Kaptein Harald Risnes

Harald Risnes vart fødd i Skifjorden i Hyllestad 30. mars 1914. Etter folkeskule, mellomskule (realskule), underoffiserskule, handelskule og politiskule, vart han i januar 1937 tilsett ved Bergen politikammer. Under krigen kom Harald Risnes tidleg med i motstandsrørsla og var aktiv heilt til freden 1945. I september 1941 reiste han over Nordsjøen med båt frå Kinn. Han gjekk frivilleg med i spesialstyrken I.A. Commandos og vart raskt nestkommanderande i det norske kompaniet som hadde base i småbyen Nevin i Nord Wales. Der oppnådde han løytnants grad.

I desember 1941 var Harald Risnes tilbake i Noreg som befal i Måløyraidet. Han gjekk gjennom harde treningsprogram og var med i fleire MTB-operasjonar på norskekysten, mellom anna i november 1943 då to tyske skip vart søkkte på hamna i Askvoll. Våren 1943 vart Risnes nestleiar for landgangsstyrken på 50 mann som sprengde kisgruvene på Stord. Kisgruvene leverte svovelkis til krigsindustrien i Tyskland. Produksjonen stogga i fleire månader.

Bjørn West

Kaptein Risnes er likevel mest kjend for å ha vore sjefen for milorg-basen Bjørn West i Matrefjella frå oktober 1944 til mai 1945. I statsråd 7. mars 1947 blei Krigskorset med sverd tildelt kaptein Harald Risnes for framifrå leiing av Bjørn West, særleg i sluttfasen då dei var i kamp med tyske tropper. På det meste hadde dei vore 259 soldatar i basen, men seks mann fall i kampane med tyskarane.

Fredstid

I 1947 var kaptein Risnes kompanisjef i Tysklandsbrigaden, og frå 1950 til 1967 sjef for Fjordane Heimeverndistrikt 10 (HV-10), først som major, seinare oberstløytnant. Harald Risnes døydde 25. juli 1967.

”inspirasjon … til innsats når det trenges”

Minnesmerket vart avduka søndag 7. mai 2000. Eilert Eilertsen, løytnant i Bjørn West-gruppa, heldt avdukingstalen. Han fortalde om militæroperasjonen i Matrefjella mot slutten av krigen og skildra leiaren, kaptein Harald Risnes. Til slutt i talen sa han:

” - Gjetordet om Hyllestads Harald Risnes må være en inspirasjon for kommende slekter til innsats når det gjelder. Denne minnesteinen skal gi sitt bidrag til samme. Med dette har jeg æren av å avduke minnesteinen over kaptein Harald Risnes og de andre gjeve Hyllestad-folkene til historisk heder.”

Avdukingshøgtida

I minneheftet ”Bauta over krigshelten/kaptein Harald Risnes og dei øvrige krigsveteranane 1940/45 frå Hyllestad” har Hans Berge meir om avdukinga:
 

Minnestunda vart innleia med kyrkjegong i Hyllestad kyrkje. Prost Geir Sørebø heldt ei manande tale for dagen. Vår tidlegare musikkrektor kom heilt frå Bergen og betjente kyrkjeorgelet. Han heitte Magne Åsnes.

Kyrkja var fullsett, m.a. var møtt fram kapt. Harald Risnes si enke, Aslaug Risnes, deira to søner, Harald Andreas Risnes og Bjørn Risnes, mange Bjørn West-veteranar, høgare militære, vener og kjende.

Då kyrkjetenesta var slutt, gjekk alle ut til den tildekka bautasteinen, like utafor inngangen til kyrkjegarden og sessa seg der.

Overlege, major i Helsevesenet, løytnant i Bjørn West og mangeårig ordførar i Bergen, Eilert Eilertsen, heldt hovudtalen. Han fortalde forvitneleg om slitet, i regn, snø og kulde inne i Matrefjellheimen, dårleg med husvære, og samstundes i kamp med dødsforakt mot fienden.

Så trekte Eilertsen i snora og bautaen avduka seg. I same stund sette ein gut frå Hyllestad musikkorps i med ”Bønnesignalet” på trompet. Det var stille i den frammøtte forsamlinga på 400. Deretter var det mange korte talar og blomster.
 

Til sist blei minnebautaen høgtidleg overlevert til Hyllestad kommune.

Kongevitjing

Tysdag 11. juni 2002 hadde Hyllestad kongevitjing. Kong Harald la ned krans som vart boren fram av krigsveteranen Kristoffer Nordbø. Deretter helsa Kongen på Nordbø, Hans Berge og krigsveteranen Eilert Eilertsen, og ynskte lukke til med minnebautaen.

Dokumentasjon

Heftet Til minne om kaptein Harald Risnes 1914-1967 vart laga til avdukinga. Det inneheld utførlege opplysningar om basegruppa Bjørn West og om krigsveteranane frå Hyllestad. Dessutan har Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane ei samling dokument og fotografi laga av Hans Berge og avlevert av han.
 

kjelder:

Berge, Hans: Til minne om kaptein Harald Risnes 1914-1967. 2000.

Berge, Hans: Til minne om kaptein Harald Risnes 1914-1967. Hefte med foto.

PERMANENT IDENTIFIKATOR