Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 02. mars 2011

Sist oppdatert 18. januar 2019

Kategori

Minnestein på kyrkjestad i Aurland



Aurlandsvangen har ein gammal kyrkjestad oppe på Rygg. Kyrkjetufta og kyrkjegarden er framleis godt synleg. Olsokdagen 1956 vart det reist ein bautastein til minne om Ryggjakyrkja, ei kyrkje som stod der fram til ut på 1500-talet. Steinen har elles si eiga soge.

<p>Minnesteinen p&aring; den gamle kyrkjestaden p&aring; Rygg sett mot s&oslash;rvest. Steinen er rundt 2 &frac12; meter h&oslash;g.</p>

Minnesteinen på den gamle kyrkjestaden på Rygg sett mot sørvest. Steinen er rundt 2 ½ meter høg.

Eigar: Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane

Datering: 2011

Fotograf: Hermund Kleppa

Ryggjakyrkja

Kyrkja på Rygg var truleg ei stavkyrkje. Ho er nemnd første gong i 1322 og seinare i Bjørgvin Kalvskinn (namnet på ei kyrkjeregistrering) i 1360. Kyrkja var ei såkalla fjerdingskyrkje i Sogn under hovudkyrkja på Stedje i Sogndal. Etter kongebod vart kyrkja nedlagd i 1544, men var etter alt å døma i bruk til 1574 då vedtak om nedlegging vart gjort på ny. Kyrkjegarden var likevel i bruk til 1806.

Om minnesteinen

Minnesteinen på kyrkjestaden vart reist i 1956 og avduka olsokdagen, 29. juli. Steinen var nok meir enn berre ein høveleg stein dei hadde funne. Det kan ha vore ein eldgammal bautastein som i si tid stod på ein gravhaug på garden Ty. Steinen er rundt 2,4 meter høg. Avisa Sogn og Fjordane hadde 3. august eit stykke om soga til steinen og olsokhøgtida på den gamle kyrkjestaden:

”Olsokdagen var det avduking av ein gamal bauta på Ryggjakyrkja i Aurland. Bautaen var komen frå Thy, der han for truleg meir enn tusen år sidan var reist på ein gravhaug. I fleire hundre år har han no vore nytta til kai ved Høydalen. Det er ein stor og fin stein, og det er tydeleg at det i si tid har vore arbeidt mykje med han for å få han så fin. På sledeføre i vinter vart så steinen køyrd opp til tufta etter den gamle Ryggjakyrkja, og no var han reist der som altaret før hadde stått. Denne staden har elles vore nytta til gravplass for Vangen, Undredal og Nærøy sokner alt til for 150 år sidan [til 1806] då den nye kyrkjegarden [attmed Vangen kyrkje] vart teken i bruk.

Det var mykje folk samla på Ryggjakyrkja denne kvelden. Først var det friluftsgudsteneste ved prost Aarset. I talen greidde han først ut om reisinga av steinen som skal syna seinare ætter at her samlast fedrene til gudsteneste, og etterpå tala han ut frå orda av Paulus om at me er Herrens medarbeidarar.

Gutemusikken spela, og lektor Anders Ohnstad tala forvitneleg om dei gamle fornminne i Aurland. Han kom og inn på det alvorlege som ein kyrkjegard minner om og mange kjenner trong til som Bjørn Stallare å fara til Gardarike og søkja soning.

Deretter hadde sanitetskvinnene si vanlege olsoktilstelling, og til slutt var det olsokbål. Såleis er eit av dei eldste kulturminna frå heiden tid i Aurland atter kome til ære og denne gongen i kristna gravjord.
 

Bjørn Stallare

”Lektor Anders Ohnstad” døydde i 2001. Han skreiv fleire bygdebøker for Aurland. I avisstykket høyrer vi at han i talen sin trekte fram Bjørn Stallare. Stallare var i eldre mellomalder tittel på høgaste stilling hjå kongen, leiar for hirda, kongen sine næraste menn. Bjørn med tilnamnet Stallare var stallare hjå kong Olav Haraldsson (den heilage). Han fall i slaget på Stiklestad 1030.
 

kjelder:

Norsk Allkunnebok. 1949.
Henden Aaraas, Margrethe, o.fl.: På kyrkjeferd i Sogn og Fjordane. 2 Sogn. 2000.
Sogn og Fjordane. 03.08.1956