Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Publisert 28. juni 2008

Sist oppdatert 04. juni 2019

Kategori

Rå-data

Island - Minnestein om skogplanting



I 1949 byrja eit samarbeid mellom Noreg og Island om skogreising. Skogplantarar frå Troms reiste til Island og planta skog og islandske skogplantarar reiste andre vegen. Seinare utveksla dei to landa skogplantarar fram til år 2000. Den norske ambassadøren på Island, Torgeir Anderssen-Rysst, hadde ei sentral rolle i tiltaket. I 1961 vart han heidra med minnestein på Island.

Rannveig, dotter til Torgeir Anderssen-Rysst,  ved minnesteinen over faren under avdukinga, 6. juni 1961.

Rannveig, dotter til Torgeir Anderssen-Rysst, ved minnesteinen over faren under avdukinga, 6. juni 1961.

Eigar: Torleiv Førland

Datering: 1961

Fotograf: Torleiv Førland

"den som dyrker skog"

Minnesteinen over Torgeir Anderssen-Rysst, norsk ambassadør på Island 1945-1958, og skogreisar, står i Haukadalur. Steinen er om lag ein meter høg og har denne innskrifta:

I MINNINGU UM
TORGEIR
ANDERSSEN-RYSST
SENDIHERRA NORDMANNA A ISLANDI
1945-1958

DEN SOM DYRKER SKOG
OG I ET FRØ
SER EN SKOG
SOM BÅDE VAR OG ER
SKAL I ÅND OG SANNHET
IKKE DØ

G.R.A.

Avdukinga

Minnesteinen var avduka tysdag 6. juni 1961. Mange var med på høgtida; - offisielle representantar frå Island og Noreg, ei dotter til Anderssen-Rysst, nordmenn busette på Island og nordmenn som nett då var på skogplanting, og ikkje så reint få islendingar.

Rannveig Anderssen-Rysst heldt tale og stod føre avdukinga. Sektretær Sandberg helsa frå den norske ambassaden og la ned blomar ved steinen. Det vart sunge fleire norske og islandske songar.

Torgeir Anderssen-Rysst

Torgeir Anderssen-Rysst (1888-1958), Noregs første ambassadør på Island, var svært interessert i skogdyrking. Han og skogdirektør Hakon Bjarnason vart gode vener. Det var på Anderssen-Rysst sitt initiativ at utvekslinga av skogplantarar mellom Noreg og Island kom i gang i 1949. Ei gruppe islendingar reiste då til Troms der dei oppheldt seg i to veker, og ei gruppe frå Troms kom til Island og planta skog i Haukadalur. Utvekslinga heldt fram kvart tredje år fram til 1982, og deretter kvart fjerde år til 2000.

Anderssen-Rysst stod og bak den norske folkegåva til Island som takk for islendingane si hjelp og støtte under andre verdskrigen. Gåva var ein million norske kroner som skulle brukast til å styrkja skogreisinga på Island i samarbeid mellom dei to landa. HM kong Olav V vitja Island i 1961 og overrekte då offisielt gåva.

Anderssen-Rysst var elles ein av hovudmennene bak bygginga av Nordmannalaget si hytte i Heidmork. Staden ber namnet hans - Torgeirsstadir. Hytta stod ferdig og vart innvigd i 1954.

Ætta frå Eid

Torgeir Anderssen-Rysst vart fødd og voks opp i Ålesund, men han hadde nære slektsband til Eid i Nordfjord. Far hans, Andreas Andersen, var fødd og oppvoksen på garden Nes. Han var son til Andreas Jakobsen Rysst og Brite Torgeirsdotter. Far til Brite, Torgeir, kjøpte gard på Nes og busette seg der.

Signaturen "A.O. Rindal" skriv mellom anna dette i minneord om Anderssen-Rysst i Fjordabladet: "[han] hadde visseleg mange god og herlege minne frå den tid han som smågut vitja ættargarden sin. Der på Nes fekk han slå fylgje med dei andre (..) og ha det overlag koseleg under leik i skog og mark. Det var fisking og bading i Honndalsvatnet og anna moro for den unge guten den tid. Dette gav og og klårt til kjenne ved brev og helsingar til slekta si her heime."

Elles skriv "A.O. Rindal" også følgjande: "Torgeir Anderssen-Rysst var eit overlag hjartegodt menneske (..). Dei åra han budde på Island fekk mange av hans landsmenn nyte godt av dette. Når dei kom til øylandet der ute i havet, tok han mot dei på aller beste måte. Han var med andre ord som ein far for dei."

Staur

Det var naudsynt å gjerda inn plantefelta mot beitande sau. Til dette føremålet vart det her i landet i ei årrekkje samla inn einestaur og sendt til Island. Ein særs aktiv mann i skogreisings-samarbeidet var presten Harald Hope i Ytre-Arna, Hordaland. Han stod føre innsamling av ikkje mindre enn 22.000 gjerdepålar og vart i somme samanhengar titulert som staurpresten.

kjelder:

Fjordabladet. 25.04, 16.09.1958.
Skog og skogreising på Island. I Norsk Skogbruk. Særprent frå Nr. 11, 12, 13, 14.1960.
Informasjon frå: Torleiv Førland, Vevring, Naustdal.
Per R. Landrø, Den norske ambassaden på Island.

PERMANENT IDENTIFIKATOR