Kulturhistorisk leksikon

Meir informasjon om denne artikkelen

Meir informasjon om denne artikkelen

Omtalt

Publisert 07. juli 1999

Sist oppdatert 12. juli 2021

Kategori

Kommune

Rå-data

Minnestein over Olav Sande



LÆRAR - OLAV SANDE - 1850-1927 - TONESKALD, SEGNSAMLAR - DIKTAR OG MÅLMANN. Dette er innskrifta på Olav Sande-støtta i gardstunet på Sande i Høyanger. Sande var fødd i Høyanger, men budde mesteparten av livet sitt i Leikanger der han og ligg gravlagd.

Frå avdukingshøgtida 4. juni 1994. Emnet til steinen fann dei i Taklegrenda i Brekke. Høyangerkunstnaren Geir Hjetland laga relieffet. Frå venstre: Ordførar Liv Lønne, Sverre Erdal (kultursjef), Geir Hjetland (kunstnar), Trygve Heggenes, Ruth og Harald Sande (eigarane av Sandegarden).

Frå avdukingshøgtida 4. juni 1994. Emnet til steinen fann dei i Taklegrenda i Brekke. Høyangerkunstnaren Geir Hjetland laga relieffet. Frå venstre: Ordførar Liv Lønne, Sverre Erdal (kultursjef), Geir Hjetland (kunstnar), Trygve Heggenes, Ruth og Harald Sande (eigarane av Sandegarden).

Eigar: Trygve Heggenes.

Datering: 1994.

Fotograf: Trygve Heggenes.

Minnesteinen

Olav Sande-minnesteinen vart avduka 4. juni 1994. Det var Trygve Heggenes som tok initiativet til å få reist minnesmerket. Han leita sjølv opp emnet til steinen i Taklegrenda i Brekke, og høyanger-kunstnaren Geir Hjetland blei engasjert til det vidare arbeidet med minnesteinen.
Mykje folk var samla til avdukingshøgtida der Olav Åm og Jarle Bondevik tala. Leikanger Blandakor let festlyden få del i tonerikdomen til toneskalden Olav Sande.

Olav Sande

Olav Øysteinson Sande var fødd på Sande i Kyrkjebø 21.mars 1850 av foreldra Øystein Hansson og Geirtrud Kyrkjebø. Han tok eksamen ved Balestrand lærarskule i 1871, var deretter lærar i heimbygda si eitt år før han flytte til Leikanger der han budde og arbeidde resten av livet. Olav Sande var gift med Marita Severina Larsdotter Tveito frå Gudbrandsdalen. Han døydde 23.august 1927 og vart gravlagd på kyrkjegarden ved Leikanger kyrkje.

Portrettbilete av Olav Sande.

Fleire interesser

Utanom yrket sitt arbeidde Olav Sande trutt og ivrig på mange felt. Alt i ung alder skreiv han i blada; nyhende, meiningsytringar, dikt og segner. Han reiste rundt og samla segner, soger og folketonar som han av og til fekk prenta. Sande laga og eigne tonar, t.d. den mest brukte tonen til Arne Garborgs Det stig av hav eit alveland.
Som ivrig nynorskforkjempar laga Olav Sande ei av dei fyrste bibelsogene på nynorsk som kom ut på Olav Norlis Forlag i 1895. Han var og med i politisk arbeid; t.d. som medlem av kommunestyret og skulestyret. I perioden 1883-1885 var han fylket sin femte vararepresentant til Stortinget for Venstre.

Historisk dokumentasjon

Det er teke vare på ein del historisk materiale etter Olav Sande. Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane har ei samling av trykt og utrykt tilfang av og om han; m.a. handskrivne bøker med vers, prologar o.a., nokre hefte med segner og soger han fekk prenta, fotografi og nokre personlege gjenstandar. Mesteparten av tilfanget vart i 1994 gjeve til Leikanger kommune av Olav Birkeland, Hjelmeland, ein etterkomar etter adoptivdottera Marita. Dessutan har Fylkesarkivet kopiar av folkeminne Olav Sande samla inn.

Sjå geometrisk posisjon på detaljert-kart hos Fylkesatlas eller på 3D-kart hos Google Maps ved å klikke på 3D-knappen nedst i høgre hjørne på Google-kartet.

kjelder:

Aas, Sverre: Olav Sande - eit liv i ord og tonar 1850-1927. 1998.
Øvre-Eide; R: Stortingsval og stortingsmenn i Sogn og Fjordane 1814-1970.
Lothe, Anders: Målreisingsoga i Sogn og Fjordane. 1950.
Fylkesarkivet i Sogn og Fjordane:
Privatarkiv SFF-95021 Olav Sande-samlinga.
Sande, Olav: Segner frå Sogn. Bergen 1992.

PERMANENT IDENTIFIKATOR